Kåre Hognestad, Hasse Herland og Kenneth Opheim jobba saman på eit prosjekt i oljå då dei ein kveld i 2020 samlast på ei rorbu i Tananger. Dei hadde alle opplevd den same utfordringa på jobb, og over eit par øl begynte dei å drøsa om det kunne finnast ei enklare og smartare løysing.
Ideen dei kom fram til, teikna dei ned på eit papirark. At dette skulle bli starten på bedrifta Simple Tools AS, visste dei ingen ting om den kvelden.
Siktar mot over 50 millionar
Simple Tools AS blei formelt stifta allereie på nyåret i 2021, og trioen bak kontakta to jærbuar dei kjende godt: Eivind Norheim og Morten Lerbrekk, som nokre år tidlegare hadde begynt for seg sjølv i Tyrfing Innovation AS.
Norheim og Lerbrekk jobba med å utvikla designen, sikra patent med meir – og dei tre bak ideen bidrog på fritida si.
Først i april 2023 slutta maskiningeniøren Kåre Hognestad i oljeselskap-jobben sin og begynte på heiltid i Simple Tools, som dagleg leiar.
I ettertid har det utvikla seg raskt.
I 2024, som er dei ferskaste offentleg tilgjengelege rekneskapstala, omsette Nærbø-bedrifta for 15,3 millionar kroner, med eit årsresultat på 3,7 millionar.
– I fjor omsette me for 34,8 millionar, og me fekk eit årsresultat på 2,5 millionar i pluss. I år kjem omsetnaden til å enda på godt over 50 millionar kroner, sannsynlegvis nærare 60, slik det ser ut no, seier dagleg leiar Hognestad.
21 jobbturar til Australia
Dei driv innan oljeservice, og i starten såg dei for seg at dei stort sett skulle reisa ut til Tananger og levera utstyret sitt.
Det har dei gjort – dei har hatt leveransar til den norske marknaden både ut frå Rogaland og ut frå Hammerfest.
Men marknaden ute i verda har vist seg å vera endå større.
– Me reknar med at rundt 70 prosent av omsetnaden i år vil koma frå utlandet, seier Kåre Hognestad.
Nede på verkstaden i Bjorhaugsletta 16 ligg to einingar som blir gjort klare til å skipast til Elfenbeinskysten – til den første kunden i Afrika. Dei jobbar også med prosjekt som det kan bli noko av i Tyrkia, Brasil og Malaysia.
Men Australia blei den første staden dei leverte til utanlands.
– Det var litt tilfeldig, eigentleg. Me reiste ned dit på ei messe for å sjå, og på ein pub kom me i prat med nokon i bransjen som var interesserte i teknologien vår. Det enda med at den eine av dei var med ut på riggen og hjelpte til då me hadde den første jobben vår i Perth, fortel Kåre Hognestad.
Etterpå har det blitt fleire prosjekt i Australia, og Hognestad har personleg vore på jobbreise 21 gonger til landet på den andre sida av jordkloden.
– Nyleg hadde me ein jobb nord for Hammerfest og ein jobb sør for Melbourne samtidig. Stort lenger enn det går det ikkje an å koma frå kvarandre på globusen, seier Hognestad med eit smil.
Skal tilsetja tre til seks nye
Per i dag er det sju tilsette i Simple Tools AS – medrekna teknisk sjef Eivind Norheim og salssjef Morten Lerbrekk, som begge formelt er utleigde frå Tyrfing, men som i praksis jobbar for Simple Tools.
Seks av dei tilsette har kontor på Nærbø, sjuandemann er ein lokal tilsett i Australia.
Nummer åtte er også tilsett, og skal starta over sommaren, men Kåre Hognestad & co. ser at dei treng endå fleire for å handtera veksten.
– Me kjem til å tilsetja tre til seks nye no i løpet av det neste halve året, fortel den daglege leiaren.
– Kva ser de etter då?
– Ja, kva ser me etter? seier teknisk sjef Eivind Norheim.
– Alt me har gjort så langt, har me jo gjort for første gang i verda. Så me kan ikkje be om erfaring, i alle fall, legg han til med eit smil.
– Me treng folk som er opne for nye ting. Folk som er lærevillige og som vil reisa verda rundt. Folk som er praktiske og «hands on», men som heller ikkje er redde for å ta eit møte med ein kunde, seier Norheim, som sjølv har ein mastergrad i reservoargeologi og lang erfaring frå oljeservicebransjen, i tillegg til at han driv gard heime på Bryne.
Stolte jærbuar
Det jærske er viktig for Simple Tools. Alle i den dagleg leiinga er jærbuar, dei får alle underleveransar av utstyr frå jærske bedrifter og dei har til og med vedtektsfesta at selskapet skal halda til på Jæren.
– Det er veldig fint å ta imot kundar her, og kunna visa dei staden og ta dei med på besøk til underleverandørar som held til i lyse, reine og topp moderne lokale. Industrien på Jæren har kome langt, så det har vore mange som har late seg imponera, seier Kåre Hognestad.
Sjølv er undheimsbuen, som no bur på Hognestad, veldig glad for å sleppa pendlinga til Forus som han heldt på med i mange år som tilsett i oljeservice og oljeselskap.
Men kva får ein ung mann, som eigentleg treivst godt i oljeselskap, til å slutta i ein trygg jobb og kasta seg ut i det ukjende?
– Eg har alltid hatt lyst til å gjera noko sjølv, å laga min eigen arbeidsplass. No kom me opp med ein god idé, som gjer ein jobb i oljebransjen både enklare og tryggare enn han var før, så det er meiningsfylt å jobba med dette. Med god timing, gode folk og litt flaks har me no fått ein god start, og no skal me byggja vidare stein på stein, som ekte jærbuar, slår Hognestad fast.
Både han og dei to andre idehavarane er inne som aksjonærar i Simple Tools AS. Det er også dei to som tok ideen vidare, og dei første som blei tilsette.
– Alle kjenner kvarandre frå før, frå ulike settingar. Me er ein fin og samansveisa gjeng, seier salssjef Morten Lerbrekk.
Kva var det dei teikna på arket?
Me har spart den vanskelegaste biten til slutt: Å prøva å forklara kva det er Simple Tools har utvikla, og som dei har sikra seg verdspatent på.
Namnet på produktet er bokstaveleg talt enkelt: Simple Adapt.
På engelsk kallar dei det ein «Umbilical-less Tubing Hanger Installation and Retrieval adapter».
Når det er bora ein oljebrønn, blir det sett ned fleire røyr inni kvarandre. Det inste røyret blir kalla produksjonsrøyret, og det må kunna styrast og stengjast nede på havbotnen. Tradisjonelt har dette blitt gjort ved hjelp ein stor, tjukk, tung hydraulikkslange med mange kablar og slangar inni – ein såkalla umbilical, eller navlestreng på norsk.
Kåre Hognestad har sjølv vore med på å teikna og prosjektera slike svære slangar, og han har stått på boredekk og handtert det tunge utstyret, som naturleg nok rører ein del på seg når boreriggen duppar opp og ned i store havbølgjer.
Det dei tre kollegaene teikna på arket medan dei sat i rorbua, var ein adapter – eit røyr som kan koplast direkte på produksjonsrøyret. Via adapteren kan ein fjernstyra det som skjer i produksjonsrøyret frå kontrollrommet på overflata, ved hjelp av utstyr som allereie er montert på der nede, utan å måtta bruka den tradisjonelle navlestrengen.
Utstyret frå Simple Tools blir brukt rett før ein brønn blir sett i produksjon, og også når ein brønn skal stengjast ned.
– Utstyret vårt gjer operasjonen enklare, raskare, tryggare og mindre vêravhengig, seier tekniske sjef Eivind Norheim.
– Det trengst for eksempel ikkje folk på dekk for å handtera noko, og dermed reduserer det farleg arbeid i raud sone. Utstyret er også lettare. Me sender ut rundt fire tonn med utstyr til ein jobb, mens det med den tradisjonelle metoden trengst rundt 70 tonn, legg den tekniske sjefen til.