– Etter 30 år i Klepp kommune er det tid for å prøve noko nytt, skriv Kariann Fuglestein Leikanger i ein e-post til Jærbladet.

Stillinga hennar som rektor på Kleppelunden skule er lyst ut, med søknadsfrist 13. september.

– Det kjennest både rett, spennande og litt skummelt ut.

– Noko dei færraste får oppleve

Leikanger starta som pedagogisk leiar i Steingarden barnehage i 1996. Seinare blei ho lærar på Engelsvoll skule, før ho gjekk vidare som avdelingsleiar og etter kvart rektor ved Horpestad skule.

Sidan 2024 har ho vore øvste leiar ved Kleppelunden skule, som var ny same år.

– Å starte ein heilt ny skule er noko dei færraste får oppleve. Kleppelunden skule skulle samle elevar frå tre ulike skular, og me starta opp med nær 300 elevar og rundt 50 tilsette. Det har vore eit stort og krevjande arbeid, men også eit utruleg spennande arbeid, skriv ho.

– Eg synest me har kome langt på kort tid. Eg er utruleg stolt av lærarane, miljøpersonalet og alle dei andre tilsette, og kjem utan tvil til å sakne dei.

Frå barneskule til vidaregåande skule

Leikanger understrekar at ho ikkje sluttar fordi ho ikkje trivst – tvert imot.

– Eg sluttar fordi eg har lyst til å prøve noko anna. Rektorjobben er ein stor og krevjande jobb, og mykje av tida går til administrasjon, organisering og oppfølging, skriv ho.

Vegen vidare går til Øksnevad videregående skole.

– I midten av oktober startar eg som avdelingsleiar på avdelinga for arbeidstrening og tilrettelagt opplæring.

– Eg har lyst til å vere litt meir operativ i kvardagen og få arbeide på ein litt annan måte, utan å ha ansvaret for alt. Derfor blir det spennande å gå inn i ei heilt anna elevgruppe og annan skulestruktur.

Ho vedgår at dette er eit område der ho framleis har mykje å lære.

– Det er litt skummelt, men eg trur det kan vere sunt også.