Det tar Kenneth Gjesdal ein time og eit kvarter å køyra til jobb. Han synest den lange reisetida er verdt det.
Det tar Kenneth Gjesdal ein time og eit kvarter å køyra til jobb. Han synest den lange reisetida er verdt det. Foto: Privat

– Eg skulle ha gjort dette for ti år sidan, seier Kenneth Gjesdal til Jærbladet.

Han kjem opphavleg frå Bryne, men har i mange år budd på Moi. Der var han IT-sjef i Lund kommune i 20 år. Så bestemte han seg for at han ville gjera hobbyen til levebrød og jobba som fotograf på heiltid.

Knapt eit år etter at han satsa, kom pandemien. Gjesdal reiste mykje i jobben, men dét sette smittevernrestriksjonane ein brå stoppar for. Plutseleg var ikkje fotoverksemda hans liv laga lenger.

Gjesdal stod utan jobb. Samtidig var han lite lysten på å gå tilbake til databransjen. Jobben som IT-sjef hadde vore gild, men stressande. Nå ville han gjera noko anna, og helst noko med folk.

– Så fekk eg høyra om Menn i Helse, og tenkte det måtte vera noko for meg.

Ni av ti får jobb

Menn i Helse er eit samarbeidsprosjekt mellom norske kommunar, NAV, fylkeskommunane, KS og Helsedirektoratet. Det er eit rekrutteringsprogram som tek sikte på å rekruttera menn mellom 25 og 55 og som av ulike årsaker ikkje er i jobb, inn i helsesektoren.

Mennene får tilbod om eit komprimert utdanningsløp, ein kombinasjon av skule, sommarjobb og praksisplass, der dei til slutt endar opp med fagbrev som helsefagarbeidar. Undervegs hentar dei inntekter frå vekselvis NAV og kommunen.

Ni av ti av dei som tek fagbrev, endar opp med jobb i helsesektoren. Sidan prosjektet først starta opp, har 154 menn i Sør-Rogaland tatt fagbrev gjennom ordninga.

Men det kjem ikkje av seg sjølv. Opplegget startar med tre månadars praksis. Dei som gjer det bra i løpet av dei tre månadane, får tilbod om sommarjobb same plass, før eit år med skulegang kombinert med praksisplass. Etterpå begynner sjølve læretida. Til saman tar vegen til fagbrev omtrent to og eit halvt år.

Gjesdal seier han følte seg godt mottatt då han kom i praksis som helserekrutt i Hå.
Gjesdal seier han følte seg godt mottatt då han kom i praksis som helserekrutt i Hå. Foto: Foto: Privat

For Kenneth Gjesdal kravde det litt ekstra oppofring, òg utanom skulen og praksisplassen. For når du bur på Moi, skulen er i Stavanger og praksisplassen i Hå, vert det ein del pendling.

– Då eg gjekk på skulen, tok det 13 timar frå eg gjekk på toget på Moi om morgonen til eg kom tilbake til stasjonen på kvelden. Men det gjekk, seier Gjesdal.

Veksla mellom teori og praksis

Mens dei tek teorien, er helserekruttane, som dei vert kalla, eit par veker på skulen før dei tek eit par veker i praksis, og så vender tilbake til skulen igjen.

Gjesdal sin praksis var i Hå, først i Klokkarhagen sjukeheim og seinare ved Vinkelbygget på Varhaug.

– Å veksla mellom skule og praksis var kjempebra. Me kom tilbake til skulen med mange nye knaggar å henga kunnskapen på, seier han.

Klokkarhagen er særs tilrettelagd for personar med demens, medan Vinkelbygget er ein helseinstitusjon for personar med psykiske lidingar og rusproblematikk.

– Eg hadde ikkje vore lenge i opplegget før eg tenkte at «dette skulle eg ha gjort for ti år sidan». Eg fann fort ut at eg ville jobba her når eg var ferdig med utdanninga, seier Gjesdal, som nå har fast jobb som kvelds- og nattevakt ved Vinkelbygget.

– Kva er det eigentleg du gjer der?

– Til skilnad frå det mange av dei andre eg gjekk på skule med gjer, driv me ikkje så mykje med stell her. Her er det ikkje så mykje dei fysiske tinga folk slit med. I staden handlar det om å hjelpa folk så dei får ein betre kvardag. Nokon har kanskje ein jobb dei må køyrast til, eller dei har avtalar rundt omkring. Alle er på si eiga reise, det gjeld å støtta dei i den så godt som mogleg.

Noko av det som gjer at Gjesdal trivst så godt i Vinkelbygget, er at han får moglegheit til å bygga langvarige relasjonar med pasientane.

– Jobbar du på eit sjukehus, er det større sjanse for at det er mykje folk ut og inn. Det er ikkje alle du ser igjen. Her får du følga folk over lang tid og gjera deg kjend med dei. Du veit kva som er viktig for dei. Du kan sjå framgang over tid og vita at innsatsen din gjorde ein skilnad, seier han.

Praksisperioden til Gjesdal vart til fast jobb.
Praksisperioden til Gjesdal vart til fast jobb. Foto: Foto: Privat

Pendlar åtte mil

Så godt trivst han, at han ikkje let seg merka med at det tek ein time og eit kvarter å pendla dei åtte mila til jobb og like lang tid heim igjen. Det er det vel verdt, meiner han.

– Eg får litt pes frå kollegaene mine om at eg har langt å køyra – eg trur ikkje det går ei veke utan at nokon nemner det på ein eller annan måte – men for meg er det så gjevande å vera der, seier Gjesdal.

I utgangspunktet kan han nok finna seg jobb ein annan stad om han berre vil. For det er mangel på arbeidskraft i helsesektoren, og spesielt er underskotet stort på menn. Dugandes arbeidskarar som Gjesdal har gode sjansar på arbeidsmarknaden.

Likevel er interessa laber når Menn i Helse skal arrangera informasjonsmøte på Nærbø 8. februar. Så langt er det 16 påmelde.

Det trass i at kommunane som skal delta garanterer plassar til til saman 16 kandidatar: Hå vil gjerne ha fem, Klepp vil ha fire og Time to. Sokndal er på jakt etter fem kandidatar.

Sokndal er rett nok ikkje ein jærkommune, men går offensivt til verks for å rekruttera utanfor eigne kommunegrenser og stiller med hybel til dei som eventuelt vil pendla.

– Men på informasjonsmøtet bør me ha mange fleire enn det er plassar til, for det er alltid nokon som kjem på møtet og oppdagar at det ikkje er noko for dei likevel. Det er heller ikkje alle som får tilbod om tre månadars praksisplass som får tilbod om å fortsetta utdanningsløpet. Dette møtet er for dei som er litt nysgjerrige. I tillegg til kommunane, kjem det òg menn som går i løpet og som kan fortelja si historie, seier Kjersti Hoddevik.

Ho er fylkeskoordinator for Menn i Helse Sør-Rogaland.

Hoddevik fortel at det mennene som kjem til informasjonsmøta for å fortelja om si eiga erfaring med Menn i Helse, ofte seier det same som Kenneth Gjesdal: At dei ønsker dei hadde gjort dette tidlegare.

– Dei ser at dei har fått ein jobb med meining. For mange handlar det om verdival i livet. Dei fleste trivst veldig godt i jobbane sine, og får gode tilbakemeldingar for jobben dei gjer. Som arbeidstakarar er dei veldig attraktive ute i verksemdene. Dette er gjerne vaksne menn med livserfaring og arbeidserfaring som dei tek med seg inn i det nye yrket, seier Hoddevik.

Fordommar

Sidan starten i 2010 har over tusen nordmenn tatt fagbrev som helsefagarbeidar gjennom ordninga.

– Det er ein suksess, slår Hoddevik fast.

– Kvifor er det då ikkje fleire menn som vil på informasjonsmøte, spesielt ikkje på Jæren, kor talet på påmelde er forholdsmessig lågare enn på det tilsvarande informasjonsmøtet i Stavanger?

– Det lurar eg òg på. Eg berre spekulerer, men eg veit ikkje om det kan vera noko med at Jæren har ei litt anna historie og ein litt annan kultur, at ein tenker at dette er damearbeid. Det er mange som kan passa til dette yrket, men som kanskje ikkje veit det sjølv enno.

Kenneth Gjesdal innrømmer at han trudde han kom til å få litt pes frå mannlege kompisar når han gjekk inn i helsesektoren.

– Men faktisk var det null negative tilbakemeldingar, seier han.

Då han sjølv gjekk på skulen, var det aldri rådgjevarar eller andre som nemnde at helse- og omsorgsyrke kunne vera noko for han.

– Eg trur det ligg litt i gammal kultur. Dei tenker nok litt det at me berre går og sullar, at det er eit damearbeid. Men der eg jobbar, og ganske mange andre plassar, er det faktisk ganske mange menn. Og så trur eg ikkje folk kjem på kor gjevande dette kan vera. Det er ein jobb som gjev deg noko tilbake igjen. Folk forstår ikkje kva dei går glipp av, seier Gjesdal.