– Det har vore så kjekt etter at me fekk inn dei første modellbilane. Dei trekkjer ein heilt annan type kundar inn i butikken, fortel Olinda Håland.
Møtet som blei noko meir
I sommar flytta ho «Olinda sin hobby» ut frå heimen i Vardheia til eigne lokale ved Bryne torg. Der sel ho sjølvlaga klede, og i tillegg stoff som metervare – over disk og via nettbutikken.
Ho har også satsa litt på utsal for andre, og viktigast i så måte er supporterutstyr for Bryne FK.
Det var i det ærendet Ketil Solvik-Olsen, tidlegare Frp-topp og samferdselsminister, var innom i haust.
53-åringen bur til dagleg i Oslo, men trass i at sonen snakkar austlandsk, er han likevel Bryne-supporter. Dermed ville faren kjøpa ein ekte drakt frå Bryne til han.
På same tida i haust hadde det blitt klart at Solvik-Olsen skulle selja unna ein del av den enorme modellbil-samlinga si.
Han og Olinda Håland kom i drøs, og der og då kom avtalen i stand om at ho kunne selja ein del av det Solvik-Olsen ville bli av med.
Dei første bilane kom i hus rett før jul, og laurdag var Solvik-Olsen heime på Bryne for å levera ei ny ladning med bilar til Olinda sin hobbybutikk.
– Det blir godt og vel 200 bilar frå mi samling til sals her, og i tillegg kjem ein del andre bilar som Olinda har teke inn gjennom andre kanalar. Eg kan med ganske stor sikkerheit seia at det ikkje finst andre fysiske butikkar her i landet med eit så stort utval av modellbilar, seier Ketil Solvik-Olsen.
Det er ein vinn-vinn: Olinda Håland får kompensasjon for jobben ho gjer, og Ketil Solvik-Olsen får truleg litt meir fart på og litt mindre jobb med utsalet sitt.
– Og så kan eg kanskje bidra bitte litt med å styrkja driftsgrunnlaget for ein butikk i Bryne sentrum. Det er viktig for meg, seier Solvik-Olsen.
Samlinga nærmar seg 1700 bilar
Den tidlegare Frp-nestleiaren har samla på modellbilar sidan 1994 – og hobbyen har vore omtalt i fleire nasjonale medium.
Den første modellbilen kjøpte Ketil Solvik-Olsen i USA medan han var student der: Ein raud Dodge Viper – som han framleis held for den gjævaste bilen i samlinga, sjølv om han langt frå er den dyraste eller mest detaljrike.
Han har samla litt jamt og trutt, men interessa – eller samlarmanien, som han sjølv kallar det – tok seg kraftig opp i tida då han var samferdselsminister, frå 2013 til 2018.
– Då eg gjekk av som statsråd, hadde eg 1160 modellbilar. No nærmar samlinga seg 1700 bilar. Det har blitt på tide å kvitta seg med litt, seier Solvik-Olsen med eit smil.
Særleg fordi Norsk vegmuseum på Hunderfossen – der 1200 av modellbilane står – ytra ønskje om å få visa litt andre bilar enn dei som har stått der sidan sommaren 2019.
Så no sel Solvik-Olsen unna ein del – særleg slike bilar der han har fleire av same slaget, med berre små forskjellar i farge eller modell. Han la også ut ein del modellbilar på Finn, og fortel at han har fått kvitta seg med 30-40 stykk.
– Men eg har kjøpt fleire nye enn det, så det går ikkje heilt rette vegen enno, fortel han med eit smil.
Bilentusiast frå barndommen
Bilinteressa har Ketil Solvik-Olsen hatt med seg heilt frå han var unge. Bestefaren dreiv bensinstasjon i Storgata på Bryne frå 1930-talet, og faren overtok familiebedrifta, så bil blei ein naturleg del av oppveksten.
Men Ketil blei aldri ein av dei som kan skru frå kvarandre og setja saman att ein bil i full storleik – slik mange meir praktisk anlagte jærbuar kan.
– Modellbilane har blitt ein fin måte å kompensera for det. Gjennom dei har eg fått utløp for interessa for bil, utan at eg har måtta skru på bilar i full storleik, fortel Solvik-Olsen.
Men han er glad i store bilar, også. Særleg amerikanske. Bladet Motor publiserte så seint som sist veke ein stor artikkel om Ketil Solvik-Olsen og dei seks amerikanske bilane han per no eig. Han har berre ein av dei – den han til ein kvar tid brukar – registrert om gangen, og er derfor ein flittig brukar av digital av- og påregistering.
– Det er ei stor glede i livet å få køyra desse bilane. Samtidig passar eg på at eg kjøper bilar som det er interesse for, og som dermed held seg i verdi og kan forsvarast som ei investering, seier Solvik-Olsen.
– Må sjå heilt merkeleg ut
– Eg forstår jo at dette med modellbilsamling må sjå heilt merkeleg ut for folk som ikkje er interessert i bil. For folk som er interesserte, er det kanskje litt lettare å forstå, men ikkje alle dei gjer det, heller, slår Solvik-Olsen fast.
– Men modellbilsamlarane er ikkje eit heilt lite miljø. Det skal visstnok bli produsert rundt 200 millionar modellbilar i året på verdsbasis. Og det er ikkje berre snakk om leikebilar, for rundt 60 prosent av marknaden rettar seg mot vaksne samlarar over 30 år, seier Solvik-Olsen.
Solvik-Olsen si samling består utelukkande av modellar i skalaen 1:18 – med unntak av nokre få gamle brannbilar og nokre få amerikanske presidentbilar, som berre har vore produserte i skalaen 1:24.
Når det gjeld modellbilane, satsar Solvik-Olsen breitt – og synest noko av det mest fascinerande med samlinga er å ha alle typar bilar, ikkje berre dei amerikanske, som hjarta hans bankar mest for.
Bilane varierer i pris, ut frå kven som har produsert dei, kva material dei er bygde i og kor stor detaljrikdom dei har.
Bilane Solvik-Olsen no har henta ut frå lager i faren sin kjellar på Bryne, kjem dei til å selja for mellom 1000 og 4000 kroner per stykk. Bilane som ikkje kjem frå Solvik-Olsen si samling er mindre, og kostar mindre.
Frivillig hjelpar
Ein av dei nye kundane i Olinda Håland sin butikk etter at ho begynte med modellbilar, heiter Egil Mæland.
Han er bilentusiast – med Opel som hovudinteresse, og han har førebels nesten like mange bilar i full storleik som han har modellbilar.
– Nett no har eg vel 10 bilar i full storleik, og så har eg 25 modellbilar som står som pynt på kontoret heime, fortel gass-seljaren, som opprinneleg er frå Vigrestad, men no bur på Brusand.
Egil Mæland var innom då Ketil Solvik-Olsen kom med dei første bilane før jul. Dei kom i drøs, og det enda med at Mæland kjøpte med seg fire modellbilar.
Laurdag stilte han opp på dugnad i butikken på Bryne for å hjelpa til med å setja på plass hyller til modellbilane, og å få dei på plass i utstillinga.
– Eg heiar på fysiske sentrumsbutikkar, så det er gildt å kunna hjelpa ein av dei litt. Og så er det veldig spennande å sjå alle desse modellbilane, fortel Mæland, som reknar med at han er blitt eigar av nokre fleire modellbilar før dagen er omme.