– Viss det fungerer, er det minste føre å seia ja, seier Thomas Reinertsen.

Han rullar framover på kontorstolen.

– Me visste ikkje om det ville gå bra. Men det har gått kjempegodt.

Utanfor fell regnet tungt på asfalten i industriområdet på Bjorhaugslettå. Bortanfor der ein plass jobbar dei andre tilsette med graving, drenering og andre grunnarbeid som bedrifta har tatt på seg.

Ein av arbeidskarane er under soning.

Ein ting er å få jobba inne på fengselsområdet. Noko heilt anna og motiverande er å få jobb utanfor.
Ein ting er å få jobba inne på fengselsområdet. Noko heilt anna og motiverande er å få jobb utanfor. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Hoppa i det

Han har vore i Rødgata i Åna fengsel, avdelinga med lågt tryggingsnivå.

Nå bur han i overgangsbustad, den friaste forma for fengsel. Denne soningsforma er oftast for innsette som snart er ferdige og som går på jobb eller på skule utanfor fengselet på dagtid.

– Det er gildt å gi nokon ein sjanse. Me fekk treffa han før me bestemte noko, og han gjorde eit godt inntrykk på både Thomas og meg. Så me hoppa i det, seier Kim Reinertsen.

Nå jobbar mannen hos dei med opparbeiding av uterom med stein, trearbeid og beplanting for å ta fagbrev som anleggsgartnar.

Kim og Thomas er søskenbarn. Saman driv dei selskapet Reinertsen graving og uteområde AS.

Firmaet er ei av rundt 10 bedrifter i regionen som tar imot innsette frå Åna fengsel som treng arbeidstrening under soninga.

– Folk som kjem ut av fengsel, må ha noko å gjera, så dei ikkje finn på allslags, meiner Thomas Reinertsen i Reinertsen graving og uteområde. Han og søskenbarnet har tatt inn ein innsett i arbeid.
– Folk som kjem ut av fengsel, må ha noko å gjera, så dei ikkje finn på allslags, meiner Thomas Reinertsen i Reinertsen graving og uteområde. Han og søskenbarnet har tatt inn ein innsett i arbeid. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Førebur livet etter soning

«It takes a village» – «det trengst ein landsby» – er eit mykje brukt ordtak internasjonalt. Det betyr at heile lokalsamfunnet må bidra og samarbeida for at noko skal gå godt.

Litt av den same tankegangen gjeld i fengselet.

Åna er i seg sjølv eit lite samfunn. Der skal dei sørga for at domfelte sonar straffa si. Men dei skal òg rehabilitera.

Frå dag éin jobbar mange der for å førebu den dagen den innsette har sont ferdig og skal ut igjen i storsamfunnet.

Mange innsette jobbar inne i fengselet. Dei grev grøfter, set i stand hus og tar seg av dyra på garden. Mange tar fagbrev.

Men den verkelege verda og det ekte arbeidslivet ligg bortanfor murane og piggtrådgjerda.

Guro Søiland i Nav er ei av dei som byggjer bru dit.

- Me ser dei innsette over tid, og det gjer at arbeidsgivarar kan vera trygge på at me veit kven me formidler, seier Guro Søiland, Nav-rettleiar i Åna fengsel.
- Me ser dei innsette over tid, og det gjer at arbeidsgivarar kan vera trygge på at me veit kven me formidler, seier Guro Søiland, Nav-rettleiar i Åna fengsel. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Heilt avgjerande innsats

Det Reinertsen gjer, er heilt avgjerande, slår rettleiaren fast.

– Nav hadde ikkje kome nokon veg med våre verkemiddel viss ingen hadde gitt innsette denne sjansen.

Ho jobbar både på Åna, i Stavanger fengsel og i overgangsbustaden. Men mykje av arbeidet hennar er å bana veg til trygge forhold utanfor fengselet for innsette som ser slutten på soningstida.

– Dette er det gildaste arbeidet. Det finst enormt mange romslege arbeidsgivarar, seier ho.

Det andre viktigaste elementet er det vanskelegare å sikra, erfarer Søiland: Ein trygg bustad.

Den vanskelege leigemarknaden

Ho gir innsette råd og rettleiing til å finna seg bustad. Men dette er mykje lettare viss han har lønn, for då kan han leiga på privatmarknaden.

– Då slepp han å nemna Nav, seier Guro Søiland. Men legg til:

– Det finst gode husvertar òg, som gir folk ein sjanse.

Den første tida brukte Kim Reinertsen mykje tid på å læra opp mannen frå fengselet. Men det er ei investering han og søskenbarnet Thomas (til venstre) håpar skal lønna seg.
Den første tida brukte Kim Reinertsen mykje tid på å læra opp mannen frå fengselet. Men det er ei investering han og søskenbarnet Thomas (til venstre) håpar skal lønna seg. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Starta på null

Mannen som jobbar hos Reinertsen, hadde inga erfaring med graving eller anleggsgartnar-arbeid då han kom, fortel dei.

– Han starta aldeles frå null. Men han forstår meir og meir, seier Kim Reinertsen.

- Det finst enormt mange romslege arbeidsgivarar, synest Guro Søiland, NAV-rettleiar i Åna fengsel.
- Det finst enormt mange romslege arbeidsgivarar, synest Guro Søiland, NAV-rettleiar i Åna fengsel. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

I starten brukte han mykje av si tid på nykommaren, fortel han. Ettersom mannen heller ikkje har sertifikat under soning, blir det ein del henting og bringing mellom arbeidsstaden og nærmaste kollektivpunkt.

Også litt eigeninteresse

Dette er ei investering dei to Reinertsen håpar og trur dei skal få igjen. For det kan vera litt utfordrande å finna fagfolk i denne bransjen. Då kan løysinga vera å læra opp nokon sjølv.

– Viss me har noko å vinna i andre enden, så er det at me har gitt nokon ein sjanse og sjølv fått ein god fagmann. Eg håpar han er her om 15 år. Det er opp til han sjølv.

Ein annan gulrot til arbeidsgivarar er lønnstilskotet frå NAV – ulike ordningar der staten betaler 40 eller 60 prosent av lønna til personen i nokre månader eller inntil fleire år.

– Dei fleste seier ja

Guro Søiland er ei av fleire som tar kontakt med arbeidsgivarar dei trur kan vera aktuelle for konkrete innsette.

Ho understrekar at ho blir godt hjulpen av folk frå Bryne vgs., arbeidsdrifta i Åna fengsel og tiltaksarrangørar som Nav brukar.

For henne er denne delen av jobben stort sett ei glede, seier Søiland.

– Det er sjeldan at eg får nei når eg spør om nokon kan få komma på intervju om arbeidstrening. Så får dei vurdera ut ifrå samtalen om dei vil gi vedkomande ein sjanse.

Dei fleste seier ja.

Dei andre tilsette i Reinertsen graving og uteområde har inkludert kollegaen frå fengselet på ein fin måte, ifølge Thomas og Kim Reinertsen.
Dei andre tilsette i Reinertsen graving og uteområde har inkludert kollegaen frå fengselet på ein fin måte, ifølge Thomas og Kim Reinertsen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Lønna betyr mykje

Men ikkje alle bedrifter har råd til å tilsetta nye folk.

Å jobba utan lønn kan vera bra for å få vist seg fram, meiner Søiland.

Men det slit ned motivasjonen i lengda, også fordi ein må ha inntekt eller yting frå Nav for å få overføring frå sjølve fengselet på Åna, til overgangsbustad.

– Men bedriftene er gode til å seia ifrå. Det er bra at dei er tydelege, for då leiter me kanskje vidare, seier Nav-rettleiaren.

Kva folk soner for

Arbeidsgivarar vil ofte vita kva den enkelte soner for, ifølge tilsette på Åna som jobbar med tilbakeføring. Sjefar har sine andre tilsette å ta omsyn til og må vurdera korleis dei vil reagera på å få ein kollega frå fengsel.

Over halvparten av dei innsette i fengselet har eller har hatt eit rusproblem. Rundt 45 prosent av dei innsette sonar for seksuallovbrot eller for vald og mishandling, ifølge leiinga på Åna.

Staben i fengselet erfarer at personar som soner for seksuallovbrot kan vera vanskelege å selja inn til arbeidsgivarar. Det same gjeld folk som er dømde for underslag.

Reinertsen-leiarane seier dei ikkje spurde særleg mykje om bakgrunnen til den nye arbeidskaren då dei hadde han til intervju. Eller berre litt.

- Hadde det vore ein person som var dømt for utukt, ville me nok ikkje ha sagt ja, trur dei.

Mannen dei fekk, har ei anna historie.

– Han har sjølv vore veldig open. Han er ein smilande og kjekk kar og blei veldig fort ein del av gjengen, seier Kim og Thomas Reinertsen.

Rødgata i Åna fengsel er eit mindre strengt nest siste ledd i soninga for eindel av dei innsette.
Rødgata i Åna fengsel er eit mindre strengt nest siste ledd i soninga for eindel av dei innsette. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Forvaringsdømte som skal ut

Denne hausten tar fengselet òg imot ein ny kategori innsette: Forvaringsdømte som er vurdert som mogne til å førebu seg på eit liv utanfor gjerde og murar.

Dei skal bu i Rødgata.

Tanken med dei inntil fire forvaringsdømte som kan komma til Åna frå andre fengsel i landet, er at dei «forsiktig og over tid» kan få jobb, forklarer Guro Søiland.

– Nav vil kartlegga arbeidsevna godt, så me ikkje matchar feil og får størst sjanse til å lukkast. Kanskje kan innsette ha helseutfordringar som gjer at det ikkje nødvendigvis er 100 prosent lønna arbeid som er målet, meiner ho.

Kim Reinertsen er ikkje spesielt skeptisk til den nye gruppa.

– Eg reknar med at det er masse fagfolk involvert. Hadde dei snakka med oss, ville eg ikkje vore veldig redd.

Thomas Reinertsen skyt inn:

– Viss nokon er så galen at han ikkje kan vera med folk, kjem han ikkje til Rødgata på Åna.

- Me er ikkje avskremt av dette forsøket, seier Kim Reinertsen. Han trur at mannen frå fengselet kan bli ein god fagmann. - Det er opp til han sjølv.
- Me er ikkje avskremt av dette forsøket, seier Kim Reinertsen. Han trur at mannen frå fengselet kan bli ein god fagmann. - Det er opp til han sjølv. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Nav i bakhand

  • Då dei ringde frå Åna, tok dei to Reinertsen knapt tenketid.
  • Men det var eit stort pluss at Guro Søiland og andre i fengselet er der og kan følga opp.
  • – Så viss ting ikkje fungerer, kan dei gripa inn, seier Kim Reinertsen.
  • Fengselet ber ikkje om jobb for innsette utan at dei trur dei kan komma rusfri på jobb eller vil fungera generelt, ifølge staben på Åna. Det skal vera trygt for arbeidsgivarar å ta imot frå fengselet, både under og etter soning, understrekar også Søiland.
  • – Eg har aldri opplevd at nokon må tilbake til fengselet fordi det ikkje funkar på jobb. Viss nokon må tilbake, har det andre årsaker.

Dei grunnleggande krava

For Kim og Thomas Reinertsen er krava til dei tilsette at dei skal vera høflege og at dei tar ansvar.

– Dei treng ikkje plent kunna alt, men dei må villa læra.

Dessutan er dei strikse på arbeidstida.

– Når arbeidsdagen startar, må folk vera klare. Klokka sju, ikkje ti over.