Kjell O. Serigstad tar imot lokalpolitikarane før klagebehandling i utval for lokal utvikling.
Kjell O. Serigstad tar imot lokalpolitikarane før klagebehandling i utval for lokal utvikling. Foto: Snorre Standish Norheim

– Kule lys! Du har det gjort skikkeleg, kommenterte Thor Inge Kalberg (Frp).

Han kikka opp i taket, der moderne LED-striper lyser opp innsida av poddebua som Kjell O. Serigstad har bygt på eigedommen.

Førre torsdag hadde Serigstad utval for lokal utvikling på besøk, før politikarane skulle behandla ein klage han har sendt kommunen.

På ytterveggen hadde han slått opp bilde av sauehuset som stod på tomta hans før, og som han har erstatta med eit nybygg.

Planen hadde vore å rehabilitera det gamle uthuset, fortalde han til utvalet, men det var blitt så ròte at det lèt seg ikkje gjera.

I staden for eit forfalle sauehus har Serigstad bygt eit kombinert lager og kontor. Thor Inge Kalberg kikkar opp i taket, bak reolen. Nærmast kamera er Øystein Nereng (SV) og Gunnar Bjorland Stone (KrF).
I staden for eit forfalle sauehus har Serigstad bygt eit kombinert lager og kontor. Thor Inge Kalberg kikkar opp i taket, bak reolen. Nærmast kamera er Øystein Nereng (SV) og Gunnar Bjorland Stone (KrF). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Bygde først – søkte etterpå

– Det vart poengtert frå enkelte at saka gav ikkje så godt uttrykk for at bygget står der. Men me fekk sett det i levande live, sa utvalsleiar Rein Harald Salte (H) etter synfaringa.

Under debatten innrømte minst éin, Endre Vollsund frå Venstre, at han ikkje hadde fått med seg at uthuset allereie var bygt.

Kommunalsjef Reid Ivar Bjorland Dahl tok til seg signalet om at saksframlegget godt kunne vore tydelegare på dette sentrale punktet.

– Men reglane seier at de skal behandla saka som om det ikkje står der, så då har de i alle fall gjort det rett, poengterte han.

Politikarane måtte derfor om Serigstad skulle få dispensasjon frå landbruksføremålet og godkjent plasseringa og storleiken.

Administrasjonen hadde avslått søknaden, og dersom utvalet ikkje tok klagen til følge, måtte Serigstad riva poddebua si.

Kjell O. Serigstad tar imot lokalpolitikarane før klagebehandling i utval for lokal utvikling.
Kjell O. Serigstad tar imot lokalpolitikarane før klagebehandling i utval for lokal utvikling. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Tøyer regelverket

Plasseringa på tomta er ikkje optimal. Kommunedirektøren meiner det ikkje kan leggast vekt på at det nye bygget erstattar eit gammalt. Sidan det gamle ikkje gjekk an å bruka meir, skulle det heller vore rive, og kan ikkje brukast som argument for å gje unntak for bygging i strid med LNF-føremålet.
Plasseringa på tomta er ikkje optimal. Kommunedirektøren meiner det ikkje kan leggast vekt på at det nye bygget erstattar eit gammalt. Sidan det gamle ikkje gjekk an å bruka meir, skulle det heller vore rive, og kan ikkje brukast som argument for å gje unntak for bygging i strid med LNF-føremålet. Foto: Foto: Time kommune

Eigedommen i Ålgårdsvegen er skilt frå ein landbrukseigedom, slike fråskilde tun som kommuneplanen i Time har eigne reglar for.

Målet med ei øvre utnytting på 250 kvadrat er å sikra at det ikkje blir bygt ned meir areal enn nødvendig i landbruksområda.

Bustadhuset kan ikkje vera meir enn 200 kvadratmeter. Garasjar, uthus og liknande kan ikkje vera større enn 50 kvadrat til saman.

Med nybygget har Serigstad 104 kvadratmeter uthus og garasje. Regelen tar ikkje omsyn til om garasjen er bygt saman med bustaden.

Vidare har Serigstad plassert uthuset i ytterkanten av tomta, langt frå bustaden, og nærmare enn nabogrensa enn fire meter.

Kommunedirektøren meiner plasseringa kan auka faren for framtidige arealkonfliktar mellom bustad- og landbruksinteressene.

Paragraf null

Utval for lokal utvikling valde å legga størst vekt på at den samla utnyttinga ikkje er større enn 250 kvadratmeter.

Kjell Olav Stangeland frå Arbeidarpartiet var ikkje i tvil om at namnebroren har tatt seg til rette, men syntest ikkje det var problematisk.

Han ville bruka paragraf null, meinte uthuset ikkje er til sjenanse for nokon, og sa at rivinga ville hatt store konsekvensar for Serigstad.

Iren Lassen i Høgre svarte at utvalet truleg hadde godkjent søknaden, om søknaden hadde kome inn først.

Jone Fosse (Sp) sa at Serigstad burde ha søkt først, og oppmoda alle til å gjera det, men peika på at ingen av naboane hadde klaga.

Alle var opptatte av saker som denne ikkje bør bli ein gjengangar, og danna presens. Aller tydelegast var Endre Vollsund.

– Det er ikkje greitt å gjera det på denne måten. Punktum.

Snart runde

Etter oppmoding frå kommunalsjefen sende eit samla utval saka tilbake til administrasjonen, for å få ei ny vurdering.

Før kommunen kan gje dispensasjon frå landbruksføremål, må det hentast inn fråsegn frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen.

Endre Vollsund og Øystein Nereng (SV) ville ikkje vera med på eit tilleggsforslag som allereie nå seier at utvalet er positive.

Sjølv om poddebua har støtte frå sju av ni i utvalet, må ho tilbake ein gong over sommaren, etter gjennomført høyring.