Det fyk gammal rabe ut vindauga på Austheim, det kombinerte internat- og undervisningsbygget ved Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø. Det siste året har bygget frå 1958 stort sett ikkje vore i bruk.
Stort nybygg
Elevane på bygg- og anleggsteknikk har i staden fått undervisning i eit leigd lokal i Bjorhaugslettå, medan internatet som var i dei to øvste etasjane har flytta over i det nye internatbygget som blei opna i fjor.
Skulens minste avdeling, Tilrettelagt avdeling, hadde òg tilhald i Austheim. Der var dei heilt fram til for eit par veker sidan. Nå har dei flytta inn i nye og flotte lokal i kjellaren på internatbygget Skogheim rett ved sida. Her har dei òg bygd på med 110 kvadratmeter.
Austheim står ribba tilbake. Dei som nå jobbar med å hiva ting ut vindauga (glasa er for lengst fjerna) og ned i konteinarar tar unna siste rest før rektor Gjermund Viste, om alt går etter planen, på mandag set seg bak spakane på gravemaskinen og går laus på betongen.
Det tradisjonsrike bygget, som har husa generasjonar av elevar, skal rivast. Her skal det komma nytt fire etasjars undervisningsbygg med plass til 190 elevar frå Helse- og oppvekstfag og Elektro og datateknologi.
Bygget skal stå klart i 2028. Det er teikna av STAV Arkitekter og skal byggast av IGANG Totalentreprenør.
Sjølv utanfor blir det endringar. På den sida som vender mot skuletunet og hovudbygget på Tryggheim skal dei grava seg ned, slik at dei kan laga eit amfi, eit grep som blant anna sørger for eit variert utemiljø og livd for jærvinden.
Skuletunet skal òg få basketballkorg, sykkelparkering og sittegrupper.
Prosjekt for framtida
Det nye undervisningsbygget er venta å kosta 90 millionar kroner, og er ein del av satsinga «Tryggheim 2030».
Dette er noko skulen har jobba med dei siste fem-seks åra.
– Me treng bygg som er tilrettelagt for framtida, seier rektor Gjermund Viste.
Dei har lenge vore klar over at Austheim song på siste verset og det er lenge sidan styret gjorde vedtak om at bygget skulle rivast og erstattast med eit nytt.
Så, rundt 2020 eller 2021, sette leiinga seg ned for å prøva å tenka litt heilskapleg om skulen og korleis han skulle sjå ut om ti år. Slik blei Tryggheim 2030 født.
Noko av visjonen er allereie realisert: I august i fjor kunne 36 elevar flytta inn i eit heilt nytt internat, heilt aust på Tryggheim-eigedommen. Gjeve plasseringa har internatet fått ta over namnet Austheim.
På ungdomsskulen har det komme til ein buldrevegg og ein ny ballbinge. Det er berre starten på det som i løpet av dei kommande åra blir ei monaleg oppgradering, blant anna med digital ballvegg, gapahuk, sitteområde og ein ballbinge til.
– Dette kan bli til glede for heile nærområdet, seier Svensen.
Fleire internatelevar
I løpet av sommaren kjem det òg opp eit mellombels brakkebygg som skal gje plass til ytterlegare 30 internatelevar ved den vidaregåande skulen. Lunheim, som elevane har døypt modulbygget, blir skulens åttande internat. Det skal stå rett ved ungdomsskulen.
– Det gjer at me får ein kapasitet på nærare 250 internatelevar, seier Viste.
I fjor hadde dei 220 elevar som budde på internat. Det er faktisk 20 fleire enn dei hadde plass til, men med hjelp av leigde leilegheiter i nabolaget og bruk av tilsettbustader fekk dei det til å gå rundt.
Sidan det er mellombels, kan modulbygget i utgangspunktet ikkje stå lenger enn fem-seks år.
– Skal me oppretthalda internatkapasiteten er me nøydde for å få eit permanent bygg på plass innan den tid, seier Viste.
Eivind Svensen, som i tillegg til å leiar byggekomiteen er økonomileiar ved skulen, understrekar at eigentleg handlar ikkje Tryggheim om bygg.
– Det er alt me fyller bygga med, seier han.
Likevel, det er ikkje til å stikka under stol at skulen treng gode og gagnlege bygg for framtida.
Nytt bibliotek
Dei som går på studiespesialiserande har base i det bygget som blir kalla Nordheim. Her skal kjellaren pussast opp, slik at det blir plass til fleire nye grupperom, handikaptoalett, eit nytt inngangsparti og ei sosial sone for elevane.
Det skal byggast ny maskinhall og driftsavdelinga skal få nytt garasjeanlegg.
Når elektro- og helse- og oppvekstelevane flytter over til det nye undervisningsbygget, skal dei gamle lokala deira byggast om slik at det blir plass til nytt bibliotek, studieverkstad og klasserom.
– Biblioteket får inngang rett frå skuletunet. Det blir veldig bra, seier rektor Viste.
Det gamle biblioteket skal gjerast om til elevstove, i tilknyting til kantina.
– Skulen blir endå meir attraktiv av å ha gode hengeområde for elevane, seier Viste, som legg stor vekt på at mange av dei heimebuande elevane deira vel å bruka delar av fritida si på skulen sitt område.
– Det er veldig viktig, seier han.
Uterommet på skulen skal oppgraderast og få universell utforming.
Solkraft
Fleire av bygga skal rustast ut med solcelleanlegg. I løpet av 2028 skal ti prosent av det totale energiforbruket til skulen komma frå solkraft.
I tillegg skal skulen installera fire batteribankar på same storleik som dei som står i vindkraftanlegget på Lye. Desse skal gjera det mogleg å anten lagra billeg straum og bruka han når han er dyr, eller å senda straumen ut på straumnettet.
– Det er gunstig, både for oss og i eit samfunnsperspektiv, seier Svensen.
Har sett av plass til idrettshall
Det finst òg tankar om ein ny idrettshall heilt vest på eigedommen, men det er på lengre sikt.
– Det er Tryggheim 2040, seier Svensen og ler.
Førebels er korkje organisering eller finansiering på plass, men då kommunen skulle vedta ny reguleringsplan for området, nytta skulen høvet til å spela inn at dei ville regulera inn ein hall der det i dag er grusbane.
Tanken var at sidan ein ny reguleringsplan for området først skulle vedtas, tenkte dei det var like greitt å legga til rette for ei framtidig utbygging med det same.
Heftig investering
Tryggheim 2030 representerer eit stort løft, men òg ei stor investering: Rundt 200 millionar vil det kosta. Det er like mykje som skulen investerte for i dei føregåande 20 åra.
Skulen har allereie brukt 50 millionar kroner på prosjekt i Tryggheim 2030-porteføljen. Dei resterande 150 millionane må lånefinansierast, men korkje rektor eller økonomiansvarleg ser ut til å mista nattesøvnen av den grunn.
Dei viser til at dei har jamt gode søkartal. Dei siste åra har pågangen auka. Skulen har ventelister.
– At det er så stor pågang er med på å gje ei tryggleik for investeringa, seier Svensen.
Dessutan har skulen mange gode støttespelarar som trør til, anten det er med rentefrie lån eller reine gåver.
I fjor blei dessutan eit rekordgodt år for skulen som, takka vera gåver og eit elevtal som aldri har vore høgare, gjekk med heile 11 millionar kroner i overskot.
Pengane går inn i Tryggheim 2030.
Avskrivingar og rentekostnadar som følge av investeringane gjer at dei neppe kan venta å sjå liknande tal med det første.
– Men me hadde ikkje gjort det om me ikkje var trygge på at me kunne handtera det, seier Svensen.
Uendra skulepengar
Dei to understrekar at det ikkje er aktuelt å auka skulepengane for å finansiera oppgraderinga.
– Det offentlege dekker 85 prosent av det det kostar å driva skulen. Dei siste 15 prosentane må me dekka sjølv. Det same gjeld utgifter til bygg og liknande. På same tid ønsker me å halda skulepengane så låge som mogleg, seier Svensen.
I dag utgjer skulepengane ikkje meir enn ti prosent av tilskotsgrunnlaget.
– Me vil vera ein skule for alle, seier Svensen.
Han legg til at Statens lånekasse for utdanning har gode behovsprøvde ordningar. I tillegg har skulen ei eiga stipendordning for dei som treng det.
Tryggheim vidaregåande skule er godkjend for 610 elevar. I tillegg kjem ungdomsskulen, som er godkjend for 288 elevar.
Dette skuleåret har dei hatt heile 577 elevar. Til hausten ventar dei å bli tett opp mot 600. Skulen har aldri vore større.
Trass i stor pågang, meiner rektor Viste det er lite aktuelt å søka om ei utviding.
– Me er ein av dei største, kristne vidaregåande skulane i landet, om ikkje den største. Eg trur Tryggheim er stor nok. Det me gjer nå, er for å møta det talet på elevar me er godkjende for, seier han.