SIKRA FLEIRTAL FOR HEIDER: Høgre-politikarane Kjetil Eide og Frode Hagerup jr. har fått gjennomslag for at tre nye gater på det nye byggjefeltet langs Åslandsvegen skal få namn etter markante personar i det frivillige livet på Kvernaland.
SIKRA FLEIRTAL FOR HEIDER: Høgre-politikarane Kjetil Eide og Frode Hagerup jr. har fått gjennomslag for at tre nye gater på det nye byggjefeltet langs Åslandsvegen skal få namn etter markante personar i det frivillige livet på Kvernaland. Foto: Åge Bjørnevik

Begge er Høgre-politikarar i Time, og begge har eit hjarte som bankar for Kvernaland. Så i staden for å kalla opp gatene på det nye feltet ved Åslandsvegen etter fuglar, har dei no fått gjennomslag for å heidra tre markante personar i heimbygda:

  • Leonard Wahlberg
  • Olav Øyri
  • Bergljot Kverneland

Les meir om kven desse tre er seinare i artikkelen og i faktaramma.

Ville heidra frivillige

Initiativet til dei nye gatenamna kom frå Frode Hagerup jr., og partikollega Kjetil Eide var ikkje vanskeleg å få med.

– Tanken i denne omgang var å heidra folk som har engasjert seg i frivillig arbeid. Folk som har betydd mykje for bygda, seier Hagerup.

Dei skaffa seg støtte i Høgre-gruppa i Time, og spreidde deretter grunngjevinga for forslaget sitt til dei andre partigruppene i forkant av møtet i Lokal utvikling 27. januar. Ingen av dei to kvernalandsbuane har fast plass i utvalet, men Kjetil Eide møtte som vararepresentant, og fekk sett fram forslaget sjølv. Det fekk støtte av sju av dei ni representantane.

Dermed blir dei tre nye gatene på feltet heitande Leonard Wahlbergs veg (etter han som drog i gang Frøyland IL), Olav Øyris veg (etter idrettshelten og motstandsmannen) og Bergljot Kvernelands veg (etter ho som var ei drivkraft bak opprettinga av både husmorlaget og skulekorpset).

Ikkje fuglar men folk

Forslaget som låg på bordet før møtet – etter at administrasjonen hadde hatt saka ute på høyring og fått innspel frå lokalsamfunnet – var å kalla opp gatene etter fuglar, som det har vore mykje av i dette området. Nærare bestemt Raudstilkvegen, Sivsongarvegen og Stokkandvegen.

– Det var ikkje noko gale med forslaga, men det er kjedeleg med namn som finst mange andre stader. Stokkandvegen er eitt eksempel på eit namn som finst i veldig mange kommunar rundt om i landet, forklarar Kjetil Eide.

I staden ville dei heidra lokale folk som har sett spor etter seg i lokalsamfunnet ved å kalla opp gatene etter dei.

Frå før hadde Kvernaland berre to gatenamn kalla opp etter personar: O. G. Kvernelands veg (etter grunnleggjaren av Kvernelands Fabrikk) og Theodor Dahls veg (etter forfattaren og journalisten).

– Å kalla opp gater etter folk, er ein effektiv måte å sørgja for at namnet deira og innsatsen deira blir hugsa. Dette er med på å byggja lokal identitet, seier Hagerup.

– Me er veldig glade for å ha fått gjennomslag i denne saka, men dette er også noko me håpar kan bli ein større debatt. Dette er noko me burde gjera meir av i Time, både på Kvernaland og andre stader, supplerer Eide.

– Fleire burde få eigne gater

Kjell Olav Stangeland (Ap) sit i utvalet, og var blant dei sju som stemte for å kalla opp dei nye gatene etter dei tre kvernalandsbuane.

Bryne-mannen har gjennom mange år engasjert seg i gatenamn i heimbyen, og meiner at mange sentrale personar fortener å få gater kalla opp etter seg.

– I desse sakene vil det alltid vera grensedragingar: Kven fortener det mest? Kven skal få gater kalla opp etter seg først? Kor passar det best?, seier Stangeland.

– Men på Bryne har me gatenamn etter folk som knapt har sett eit einaste spor etter seg her. Medan dei som faktisk har gjort den aller viktigaste jobben for å byggja Bryne – dei store industribyggjarane våre – ikkje fått gater kalla opp etter seg, legg Stangeland til.

Han trekkjer fram Biskop Hognestads gate og Amtmann Aarrestads gate som døme på gater som er kalla opp etter folk som hadde ei tilknyting til Time, men som budde her berre ein kort periode av livet.

Samstundes konstaterer han at Bryne til dømes har:

  • Brøytvegen, men at brødrene Søyland har ikkje fått gater kalla opp etter seg.
  • Trallfavegen, medan grunnleggjaren Nils Underhaug har ikkje fått si eiga gate.
  • Erlandsbakken, men ikkje ei eiga gate for Erlands Maskin-grunnleggjaren Torger Erland.

– Bedriftene er hugsa, menneska som grunnla dei er det ikkje. Det burde me gjera noko med, seier Stangeland.

ENGASJERT: Kjell Olav Stangeland (Ap) er ikkje nøgd med at fleire av dei store industrigründerane på Bryne ikkje har fått eigne gater, medan andre som knapt har sett spor lokalt, har fått.
ENGASJERT: Kjell Olav Stangeland (Ap) er ikkje nøgd med at fleire av dei store industrigründerane på Bryne ikkje har fått eigne gater, medan andre som knapt har sett spor lokalt, har fått. Foto: Foto: Åge Bjørnevik (arkivfoto)

– Kva kan de gjera?

– Det eine er å kalla opp gater på nye felt etter personar. Det andre er å gje gater nye namn, slik det blant anna blei gjort då Herikstadvegen skifta namn til Hetlandsgata. Det skjedde dels for å heidra næringsverksemda som Brødrene Hetland bygde opp og dels for å ta inn over seg at gata på folkemunne alltid har gått for Hetlandsgata, seier Stangeland.

– Eg meiner at dei viktigaste industribyggjarane våre fortener sentrale gater kalla opp etter seg. Me kan ikkje avspisa dei med ein gatestubb på eit nytt bustadfelt på Re, for eksempel. Den første store industrigründeren – Martin Vagle, som grunnla Bryne Mek – har fått ein liten vegstubb kalla opp etter seg på industriområdet Svertingstad. Det er i minste laget etter mitt syn, når du veit kor stor rolle han spela, seier Stangeland.

Generelt meiner Stangeland at Time kommune har vore flinkare å hugsa folk frå kulturlivet enn frå næringslivet på Bryne, sjølv om der også er hol som burde vore fylte og prioriteringar som kan diskuterast.

– Kom med innspel

Anders Undheim (KrF) var ein av dei to som stemte for administrasjonen sitt forslag.

– Me fekk dei nye forslaget seint kvelden før møtet. Det var gode forslag, og eg har ingen ting imot namna som blei vedtekne. Men når saka hadde vore ute på høyring, og me hadde gode framlegg frå administrasjonen etter den runden, syntest eg det var meir rett å stemma for dei enn for eit forslag som kom inn politisk frå sidelinja rett før saka skulle avgjerast, seier Undheim.

– Me har ein god del gater i Time, særleg på Bryne, som er oppkalte etter folk, og det er ein fin ting. Gatenamna skal ha ei lokal forankring, så folk som har tilknyting til staden kan vera eit godt utgangspunkt for nye namn, seier Undheim.

– Det er også veldig fint med engasjement rundt nye gatenamn. Kvar gong ei gate skal ha namn, blir dette sendt ut på høyring for å få innspel frå lokalmiljøet før me skal gjera vedtak. Det er der dei gode innspela bør koma, og det er fritt fram for alle å engasjera seg. Å ha gater kalla opp etter personar, samstundes som skilta seier litt om kven personen er, bidreg til viktig historiekunnskap og til at me hugsar, seier Undheim.