Undheim barnehage.
Undheim barnehage. Foto: Snorre Standish Norheim

Time kyrkjelege fellesråd driv med underskot og ser seg ikkje lenger i stand til å driva barnehagen på Undheim.

I haust bad dei kommunen overta drift, personalforpliktingar og eigedom, og kom med forslag om vederlag.

Avtalen som kommunedirektøren og fellesrådet vart samde om, var til behandling i formannskapet på onsdag.

Der var det full støtte til å overta barnehagen, som Anders Undheim (KrF) meinte kommunen får kjøpa billig.

Bokført verdi er cirka 15 millionar kroner, mens ei uavhengig verdivurdering meiner reell verdi på tomt og bygg er 20 millionar.

– Eg vil seia at me som kommune får ein billig barnehage, sa Undheim.

Anders Undheim (KrF) meiner kommunen får mykje barnehage for pengane på Undheim. Til venstre er Kirsten Oma Alstadsæter (H).
Anders Undheim (KrF) meiner kommunen får mykje barnehage for pengane på Undheim. Til venstre er Kirsten Oma Alstadsæter (H). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

12,4 millionar

Time kommune skal betala ein kjøpesum på maksimalt 12,4 millionar kroner.

Reelt sett blir kostnaden, på sikt, høgare fordi kommunen overtar pensjonsforpliktingar for dei tilsette i barnehagen.

Auka pensjonskostnader er ein meirkostnad som førebels er estimert til 1 til 2 millionar kroner, men som også kan bli høgare.

Kommunen har ikkje akseptert å kompensera fellesrådet for meirforbruk barnehagen hadde i 2024.

«Ein anna konklusjon kan også danna presedens for framtida. Ein privat aktør tek sjølve eigne val og risiko ved å driva ei verksemd eller tilby ei teneste. Time kommune kan ikkje stå ansvarleg for inndekking av underskot i slike tilfelle», resonnerte kommunedirektøren.

Overdraginga på Undheim kostar lite samanlikna med barnehagen Hå kommune skal bygga på Brusand, der prisen er komen opp i 50 millionar kroner. Anders Undheim gjorde samanlikninga i formannskapet.
Overdraginga på Undheim kostar lite samanlikna med barnehagen Hå kommune skal bygga på Brusand, der prisen er komen opp i 50 millionar kroner. Anders Undheim gjorde samanlikninga i formannskapet. Foto: Foto: Asplan Viak

Plassering betyr alt

Då barnehagebruksplanen vart behandla i september, vedtok kommunestyret at Lyefjell barnehage skal leggast ned.

Årsaka til nedlegginga var overkapasitet i Time sett under eitt, i kombinasjon med eit ønske om å spara pengar på drift.

Ifølge administrasjonen ville det framleis vore tilgjengelege barnehageplassar dersom Undheim barnehage vart lagt ned, men ikkje meir enn 36 stykk i heile Time. Det er for lite til at kommunen kan innfri kravet om barnehageplass til alle med lovfesta rett.

«Undheim barnehage er den einaste barnehagen på Undheim, og det er per i dag behov for barnehageplassane på Undheim for å oppfylla kravet om full barnehagedekning», skriv kommunedirektøren i saksframlegget.

Pål Undheim (H) roste administrasjonen i kommunen og Time kyrkjelege fellesråd for å ha kome til semje om ein avtale.

– Dette kunne fort blitt ein verkebyll både for fellesrådet, Undheim og Time kommune, sa han.

Han både bur og jobbar på Undheim, og har hatt alle sine i Undheim barnehage. Yngstemann går der i dag.

Vidare drift sikrar at kommunen har ein barnehage som gjer at foreldra på Undheim slepp å køyra langt for å levera ungane.

– Det er ein god barnehage, i nye og greie bygg, og godt personale. Det fungerer veldig bra. Ein skikkeleg fin barnehage, sa Pål Undheim (H).
– Det er ein god barnehage, i nye og greie bygg, og godt personale. Det fungerer veldig bra. Ein skikkeleg fin barnehage, sa Pål Undheim (H). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Blir offentleg

– Me bør ha ein barnehage i kvar krins i Time kommune, sa Karen Hognestad Liland (Ap) og slutta seg til vurderingane til Pål Undheim.

Ho meiner det er viktig å behalda barnehagen i Undheim, for å kunna tilby barnehageplass til alle.

– Barnehagar treng me, og denne barnehagen er god, viktig, og ikkje minst er det bra at han blir offentleg.

Den forsvinn når kommunen blir ny eigar av Undheim barnehage.

Men Hognestad Liland understreka at ho ikkje hadde vore positiv til å overta barnehagen Time kyrkjelege fellesråd driv i Bryne kyrkje.

– Det hadde me ikkje sett likt på. Det handlar om plassering i denne saka.

Gaute Stokka (Frp) var òg positiv til å overta Undheim barnehage, men såg helst at han kunne ha drive vidare som privat barnehage.

Saka vart samrøystes vedtatt. Ho skal vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Karen Hognestad Liland (Ap) hadde ikkje vore positiv dersom det var barnehagen i kjellaren i Bryne kyrkje Time kyrkjelege fellesråd ville selja til kommunen.
Karen Hognestad Liland (Ap) hadde ikkje vore positiv dersom det var barnehagen i kjellaren i Bryne kyrkje Time kyrkjelege fellesråd ville selja til kommunen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim