Tine sentrallager på Klepp Stasjon får inn ost frå Tine-meieri i heile Noreg. Verksemda har fått naboklage på støyen den gir frå seg.
Tine sentrallager på Klepp Stasjon får inn ost frå Tine-meieri i heile Noreg. Verksemda har fått naboklage på støyen den gir frå seg. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Klagaren, Peder Espedal, er blant dei næraste naboane til Tine sentrallager.

Juni 2021 var første gong han i ein telefonsamtale klaga til dåverande kommuneoverlege i Klepp, Roman Benz.

I ein seinare e-post skal han ha informert om at støyen er mest plagsam ute på terrassen, inne på kjøkkenet og på soverom med ope vindauge.

Noverande kommuneoverlege Pernille Hegre Sørensen konkluderte i mars i år, etter mykje om og men, med at ho ikkje har heimel til å pålegge verksemda støyreduserande tiltak overfor omkringliggende boliger.

Fem år etter første klage er saka no sendt til Statsforvaltaren.

Fekk pålegg om å måle bråket

Saka er grundig belysa i ei rekke dokument over dei fem siste åra.

Enkelt samanfatta fekk pakkeriet på Klepp Stasjon gjennomført to støymålingar våren 2022 og sommaren 2025, av Brekke og Strand, etter klage frå naboar og pålegg frå kommuneoverlegen.

Etter den første målinga vedgjekk kommuneoverlegen at viftestøyen kan vere plagsom for naboane, men vurderte at den ikkje var av ein slik karakter at han kunne pålegge retting av forholdet.

Nabo Espedal opprettheldt si klage.

Den siste støymålinga viste tilsvarende verdiar som den første, og kommuneoverlegen kunne derfor ikkje sjå at det var kome nye opplysningar i saka.

«Selv om viftestøyen kan være plagsom for naboene, vurderer kommuneoverlegen at den ikke overskrider et helsemessig forsvarlig nivå. Kommuneoverlegen vil derfor ikke pålegge Tine Sentrallager å montere støyskjerm», heiter det i brevet til Statsforvaltaren.

– Forstår at naboar kan synest det er belastande

Ruben Vold, anleggssjef ved Tine sentrallager, seier til Jærbladet at dei har tatt saka på alvor heile vegen.

Han fortel at det allereie er gjort mange tiltak som har redusert støyen.

– Men me forstår at naboar kan synest det er belastande med støy. Me har fått folk utanfrå som har tatt støymålingar, slik at me skulle få fakta på bordet, og har eigentleg hatt ganske tett dialog med kommune og kommuneoverlege for å finne ein måte som sikrar både drifta og naboar.

– Det er noko med at når industri og bustadområde kjem så tett på kvarandre, kan ein havne i sånne situsajonar, seier han.

– Kva tenker de om at klagen no er sendt vidare til Statsforvaltaren?

– Heilt greitt. Me skal forhalde oss til det myndigheiter og kommunen seier, og så får me finne ei god løysing til slutt.