Lokaltoget som skulle gått sørover Jærbanen klokka 11:28 tysdag føremiddag, vart ståande på Bryne i over ein halvtime for å handtera ein oppheita situasjon etter ein billettkontroll.
Konduktørar og lokførar stod og såg på mens fleire vektarar forsøkte å få kontroll, medan ein passasjer utagerte fysisk.
Politiet opplyser at situasjonen eskalerte i etterkant av ein billettkontroll, der to passasjerar motsette seg denne.
Jærbladet sin medarbeidar på staden kunne sjå minst ein passasjer som utagerte fysisk og ropte.
Passasjeren nekta å gå av, også etter å ha blitt forsøkt tatt med fysisk av vektarane. Mannen tviheldt i toget og prøvde å slå seg fri då vektarane prøvde å få han av.
Toget gjekk klokka 12:02, ein god halvtime etter oppsett rutetid – såpass seint at også det neste toget som kom, blei forseinka.
Ved 12:30-tida melder operasjonsleiar Steinar Knudsen hos politiet at to passasjerar, begge gutar i slutten av tenåra, blei tekne hand om.
– Den eine er pågripen og sett inn i arresten for vald, på grunn av slag og trugsmål mot vektar, melder Knudsen.
– Den andre blir bortvist frå området og er ikkje ønskt som passasjer dei neste 24 timane. Han må finna seg ein buss for å koma seg vidare, legg han til.
Begge fekk gebyr for å ha reist utan gyldig billett.
Vidare blei ein kniv funnen på golvet nær ved der bråket oppstod. Den har politiet beslaglagt.
– Kniven er enno ikkje knytt til person i hendinga, men videoopptak frå toget vil kunna hjelpa i etterforskinga, melder politiet sin operasjonsleiar.
Politiet sin innsatsleiar på staden, Morten Helland, seier til Jærbladet at dei kjenner til begge dei unge mennene frå før.