Det nærmar seg slutten, nå. Steffen Storevik skal snart ta fagprøven. Består han, kan han smykka seg med tittelen pølsemakar.
– Eg føler eg har kontroll på det meste, seier Storevik til Jærbladet.
– Variert arbeid
Han er på tampen av to års læretid. Før det hadde han utplassering frå skulen på same stad, fleire dagar i veka.
Det er ikkje alt i faget som er like lett, til dømes å skjera dei ulike stykningsdelane, men mengdetrening gjer susen, så nå er Storevik stødig når han svingar kniven.
Favorittpølsa hans, forresten, er med chili og cheddar. Den smakar best, men er eit hekkan å laga.
– På dei fleste pølsene bruker me svinetarm, men på denne bruker me fåretarm, seier Storevik.
Fåretarmen er tynnare, noko som gjer at han har lettare for å sprekka, forklarar den unge lærlingen.
– Kva er det som er så gildt med å vera pølsemakar?
– Det er variert arbeid. Du får vera med på mykje ulikt. Ein dag står du i produksjonen, den neste står du og griller for eit firma eller i eit selskap.
Tung rekruttering
Storevik høyrer til dei få som har fått auga opp for faget.
Dei siste ti åra og vel så det har det komme jamlege varskurop om mangel på nye pølsemakarar. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det i fjor berre var ti personar som gjekk ut i pølsemakarlære.
Per nå er det tre elevar frå Bryne vidaregåande skule som går i pølsemakarlære.
Inger Johanne Rosland Bøe er avdelingsleiar for restaurant- og matfag ved Bryne vgs. Ho seier dei jobbar hardt for å rekruttera fleire til yrke som bransjen sjølv melder det er stor mangel på.
– Det me gjer her, er at me i løpet av VG1 har yrkesfagleg fordjuping. Då køyrer me bolkar, slik at elevane blir betre kjende med kvart fag. Me prøver å visa innhaldet i kvart fag og alt det kjekke dei kan gjera, seier Bøe.
Det er ikkje berre pølsemakarar det er mangel på. Søkartilfanget til VG2-faget matproduksjon, som òg er springbrett for slaktarfaget, kjøtskjerarfaget, sjømatproduksjon og industriell matproduksjon, er labert.
Bøe synest det er rart, gjeve at dette er fag som ikkje berre har greie arbeidstider, men som òg kan føra til godt betalte stillingar.
Bryne vidaregåande skule er den einaste skulen i Rogaland som tilbyr matproduksjon. I fjor tok elevar herfrå tredjeplass i NM i kjøtprodukt.
Sjefen til Storevik, Reidar Skretting hjå R. Skretting på Varhaug, meiner næringa sjølv må ta sin del av ansvaret for rekrutteringssvikten. Dei har ikkje vore gode nok til å marknadsføra korkje pølsemakar-, kjøtskjerar- eller ferskvarehandlarfaga, meiner han.
– Slik har det vore i mange år, seier han.
Familietradisjonar
Hjå R. Skretting er dei heldigare stilt enn dei fleste. Skretting sjølv er pølsemakar. Han har til og med meisterbrev. Det same gjeld far hans, Håvard.
I tillegg har dei ein tredje pølsemakar på lønningslista, men vedkommande er for tida i permisjon.
Storevik trur det er mange som rett og slett ikkje kjenner til faget i det heile tatt. Ifølge Storevik har alle dei tre pølsemakarlærlingane frå Bryne vidaregåande skule fedrar som har vore i bransjen.
– Far min var pølsemakar tidlegare, fortel Storevik og røper at yrkesvalet er inspirert av faren.
Tvillingbroren til Storevik er i ferd med å utdanna seg til kjøtskjerar.
Det var Storevik som sjølv kontakta slaktaren på Varhaug for å spørra om utplassering.
– Eg har familie på Varhaug, og har vore med og handla her sidan eg var liten, og har i alle år spist mykje mat herfrå, fortel han.
Får prøva litt av alt
Slaktarforretningen er relativt liten. Det passar Storevik godt, for det betyr at han får prøva seg på dei fleste oppgåver.
Som pølsemakar lagar han alt av pølser og pålegg – alt frå botnen av.
Reidar Skretting legg stor vekt på at det dei lager skal vera skikkeleg, og laga av norske råvarer.
– Me er midt i matfatet. For oss er det ekstremt viktig at me berre skal bruka norsk kjøt, seier han.
I løpet av læretida har Storevik blitt godt kjend med både ferskhandlarfaget og kjøtskjerarfaget.
Storevik utelukkar ikkje at han med tida kan ta eit fagbrev eller to til.
– Det ville vore gildt, seier han.