I 26 år har Noreg hatt ei ordning med kontantstøtte, det vil seia eit pengebeløp give til foreldre med barn mellom eitt og to år (tidlegare mellom eitt og tre) som ikkje, eller berre delvis, har barnehageplass med statleg driftstilskot.
Har dei eit barn som ikkje går i barnehage, kan foreldra få 7.500 kroner i månaden. Går barnet i barnehage på deltid, er kontantstøtta redusert.
– Styrker lokalsamfunnet
I Hå har dei i tillegg hatt ei tilsvarande ordning. Foreldre til barn mellom to og tre år som ikkje går i barnehagen har fått rundt 6.000 kroner kvar månad, mindre om barnet har deltidsplass i barnehagen.
Per februar 2024 var det 42 barn i Hå som tok imot kommunal kontantstøtte, dei fleste av desse var heime på heiltid, medan 14 av dei tok imot gradert kontantstøtte i kombinasjon med deltidsplass i barnehage.
Kommunestyra i Time og Klepp har, etter initiativ frå KrF, bede administrasjonen sjå på liknande ordningar som den i Hå.
Nyleg gjorde regjeringa det dei lenge hadde lova, og kutta i den nasjonale kontantstøtteordninga, som nå berre gjeld fram til ungane er 20 månadar gamle. Før lokalvalet i fjor, lova Hå KrF at dersom eit slikt kutt kom, skulle Hå gå inn og ta mellomlegget, slik at håbuen sine ungar framleis kan gå heime med kommunal støtte fram til dei er tre år.
Torsdag denne veka vart det fleirtal i kommunestyret for å utvida ordninga. Olaus Trygve Bjuland (KrF), som sjølv nyttar seg av ho, kalla det ein gladsak.
– Eg er stolt over at me tar grep for å støtta barnefamiliar på ein god måte, spesielt i ei tid med fallande fødselstal og permanente demografiske endringar, sa han.
Bjuland meinte at kontantstøtteordninga gjer kommunen meir attraktiv for småbarnsforeldre i etableringsfasen og på den måten styrker lokalsamfunnet.
Ifølge Bjuland viser forsking at det er samanheng mellom økonomiske ytingar og kor mange barn ein familie vel å få.
– Med dette får barnefamiliar endå større valfridom, sa han.
Skal dei 42 ungane som i dag nyttar seg av kontantstøtteordninga få tilbod om full barnehageplass i staden, vil det kosta kommunen 8,8 millionar kroner. Til samanlikning vil det kosta 0,8 millionar kroner å utvida den kommunale kontantstøtteordninga.
– Det er betydeleg billigare, sa Bjuland.
«Likestillingskortet»
Kristeleg Folkeparti sine samarbeidsparti, var ikkje like entusiastiske.
– Hadde eg sett like roseraudt på det som KrF, ville eg vore glad, sa Gunn Dalen Håland (H).
Ho var ikkje sikker på om det var rett av kommunen å ta ekstrarekninga som oppstod då regjeringa kutta i den statlege ordninga.
– Det er eit spørsmål om me skal bruka 0,8 millionar kroner av våre eigne middel på dette, pengar som kunne vore brukt på andre tenester og gagna ein større del av innbyggarane enn dei 42 som tar imot kontantstøtte. Eg ser reknestykket som viser at me sparar på å utvida ordninga, men eg meiner likevel det er meir berekraftig å investera i barnehagane våre, slik at me kan ta vare på behova til alle barnefamiliane våre, sa Håland.
Håland vedgjekk at ordninga og intensjonen bak er god for dei som kan nytta seg av den kommunale kontantstøtta, men stilte spørsmål ved om alle har råd til å nytta seg av ho.
– I så fall, kvifor er det ikkje fleire som nyttar ho? Faktisk er det ganske mange som ikkje ein gong har råd til å vurdera å nytta seg av ho, sa Håland, som spurte om ein ikkje heller burde innføra ei ventestøtte til barn som står på venteliste til barnehageplass.
Ho meinte òg at kommunen burde sjå nærare på retningslinjene for tildeling for å avgrensa støtta til mottakarar som har vore folkeregistrert i Noreg i minst fem år.
– Av dei 42 som nyttar kontantstøtta, kor mange er fedrar? Ja, eg drar likestillingskortet i denne samanhengen. Og mon tru kor mange av ungane til dei som nyttar ordninga, kjem tilbake i samband med språklege og sosiale emne når dei begynner i barnehagen? Det er mange spørsmål, som i alle fall for meg har stor betydning, sa Håland.
Ho stemte likevel saman med resten av Høgre for å gå inn for å utvida ordninga.
– Men me er delt, og derfor vil denne saka komma opp igjen i samband med budsjettbehandlinga. Då vil me sjå nærare på ordninga sett opp mot kommunen sin økonomi og prioriteringar, sa Håland.
– Føreseieleg
Arbeidarpartiet stemte òg for å utvida kontantstøtta. Likevel brukte Ap-representanten Njål Sikveland det meste av taletida på å lista opp alle ulempene med kontantstøtte.
– Det det er snakk om nå, er å utvida ordninga og få føreseielegheit for dei som nyttar seg av ho nå. Elles heng eg meg på mange av argumenta til førre talar. Me kan tenka oss å sjå på dette i ein større samanheng ved eit seinare høve.
Jan Harald Forsmo, som var andre representant frå Høgre som tok ordet under debatten, sa det var mykje bra med kontantstøtta, men brukte resten av innlegget sitt til å ramsa opp ting han meinte ikkje var så bra.
– Ordninga legg opp til at ein forelder som elles kunne vore i jobb i staden vert heime. Det er mykje bra med det, men samtidig treng me arbeidskraft, sa Forsmo, som òg var opptatt av integrering.
Han fortalde at det innanfor Høgre går føre seg ein debatt om kontantstøtte.
– Det er ein diskusjon om velferdsstaten skal betala befolkninga for å ikkje nytta seg av eit kraftig subsidiert velferdstilbod. Høgre er for valfridom, men me er usikre på om det er rett å bruka pengar på denne måten når me ser at mange av tenestene våre treng auka ressursar. 800.000 kroner svarar til ei stilling, sa Forsmo.
Han sa at fleire familiar slit med privatøkonomien.
– Skal me då prioritera kontantstøtta, eller skal me tenka annleis, og kanskje auka barnetrygda for alle familiar i Hå, spurte Forsmo.
Berre to stemte mot
Sist til å ta ordet var Gry Kirsti Høyland Sirevåg (Sp). Då den same saka var oppe i formannskapet, var Senterpartiet det einaste som stemte mot å utvida kontantstøtteordninga. I kommunestyret gjekk Sirevåg opp på talarstolen for å forklara kvifor partiet nå stemte for.
– Me følger innstillinga, men me i Senterpartiet er òg litt delte, sa Sirevåg, og varsla at òg hennar parti vil vurdera ordninga på nytt ved eit seinare høve.
Kristeleg Folkeparti styrer kommunen saman med Høgre, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.
Forslaget om å utvida kontantstøtteordninga vart vedtatt mot dei to stemmene til Øyvind Kvitvær Leidland (SV) og Sefany Mesfin (Hå-lista).