Aksel Nærland (fremst) med dei tre korthaldarane han fann då klassen rydda søppel i Refsnesskogen. Dei andre elevane er, frå venstre: Alfred Balder Gustafsson Høyland, Margit Nærland, Mathilde Perroud, Hanna Emilie Hagman Høyland, Trym Høyland, Maya Althea Camba Lima, Runar Nærland Erfjord, Marcus Smith-Jacobsen Bekkeheien, Amalie Kjetilstad Muff, Olaender Helgøy Fuglestad og Torvin Kleppe. Lærarane Rita Nærland og Kristine Karlsen står bak.
Aksel Nærland (fremst) med dei tre korthaldarane han fann då klassen rydda søppel i Refsnesskogen. Dei andre elevane er, frå venstre: Alfred Balder Gustafsson Høyland, Margit Nærland, Mathilde Perroud, Hanna Emilie Hagman Høyland, Trym Høyland, Maya Althea Camba Lima, Runar Nærland Erfjord, Marcus Smith-Jacobsen Bekkeheien, Amalie Kjetilstad Muff, Olaender Helgøy Fuglestad og Torvin Kleppe. Lærarane Rita Nærland og Kristine Karlsen står bak. Foto: Åge Bjørnevik

Måndag 27. april var 7. trinn ved Høyland skule i Hå på sykkeltur til Refsnesskogen.

I naturfag hadde dei nyleg hatt om søppel i naturen, og no hadde elevane sjølve teke initiativ til å sykla ned til skogen for å rydda opp litt av det folk hadde kasta frå seg.

Elevane blei delte opp i mindre grupper, som fekk kvart sitt område å rydda på.

– Overraskande og kjekt, fortel Aksel Nærland om korleis det var å finna dei tre korthaldarane og å finna ut av historia bak.
– Overraskande og kjekt, fortel Aksel Nærland om korleis det var å finna dei tre korthaldarane og å finna ut av historia bak. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Ganske raskt såg Aksel Nærland noko som fanga interessa, delvis gøymt under eit tre.

– Det var ei lita lommebok, og det var fullt av kort oppi der, fortel Aksel.

Spora leia mot Kragerø

Han viste straks det han hadde funne til lærarane, som fann fram telefon for å sjå om det var mogeleg å finna kontaktinformasjon til eigaren av bankkort, førarkort med meir som låg i den svarte korthaldaren. Spora leia mot Kragerø på Austlandet.

Søppelryddinga heldt fram, og kort tid etterpå fann Aksel endå ein korthaldar, raud denne gongen, med endå fleire kort oppi – og faktisk også ein husnøkkel og litt pengar. Også her peika namnet mot Kragerø

– Elevane var heilt i hundre. Å finna ei lommebok er spennande, å finna to er veldig uvanleg og veldig spennande. Og korleis i all verda kunne to lommebøker frå Kragerø bli mista i Nærlandsskogen? fortel lærar Rita Opstad Nærland.

Men det skulle ikkje stoppa der. For ikkje langt frå dei andre, fann Aksel ein tredje korthaldar med innhald, der etternamnet samsvarte med etternamnet i den første av korthaldarane.

Både dei to små lommebøkene i skinn og den blå korthaldaren i metall ber preg av å ha lege ute ei stund – og det luktar ikkje veldig godt av skinnet lenger.

– Me fekk til slutt kontakt med kvinna som eig den første korthaldaren me fann. Det viste seg at det var stole frå bilen hennar i september i fjor. Den eine korthaldaren me fann, tilhøyrer son hennar, og den siste tilhøyrer kjærasten hans, så vidt me har forstått det, seier lærar Rita Opstad Nærland.

– Sjå tjuvane har sannsynlegvis kasta frå seg korthaldarane her i Nærlandsskogen, legg ho til.

– Overraskande og veldig kjekt

– Korleis var det å finna desse tre korthaldarane på denne måten?

– Det var overraskande, og veldig kjekt, seier Aksel – og får samtykkande nikk frå fleire av klassekameratane som står rundt.

Han er sikker på at dette er noko han kjem til å hugsa lenge.

Jærbladet møtte 12 av dei 13 elevane klassen ei veke etter at dei fann dei tre korthaldarane. Då var dei på veg til Refsnesstranda for å gjennomføra eit prosjekt i kunst og handverk.

Klassen hadde dei tre korthaldarane framleis, ei veke etter funnet. Men den eine eigaren bur i Stavanger for tida, så planen er at kontaktlærar Kristine Karlsen skal få overrekt dei personleg ein dag i nær framtid.

– Har vore bekymra for identitetstjuveri

Eigaren av den første korthaldaren som elevane fann, er Astrid Sigstad frå Kragerø.

Ho stadfestar at dei to andre korthaldarane tilhøyrer son hennar og kjærasten hans, og fortel at dei er veldig glade for at korta no har kome til rette.

Først ein svart, så ein raud, og så ein blå korthaldar – alle med tilknytting til Kragerø på Austlandet – fann Høyland-elevane då dei plukka søppel i Refsnesskogen.
Først ein svart, så ein raud, og så ein blå korthaldar – alle med tilknytting til Kragerø på Austlandet – fann Høyland-elevane då dei plukka søppel i Refsnesskogen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Bankkorta er jo sperra for lengst, men me høyrer jo om identitetstjuveri, så me har først og fremst vore bekymra for det. For det er jo mykje informasjon om oss på korta som blei borte, seier Kragerø-kvinna.

Ho fortel at dei var i Stavanger 20. september i fjor, og at dei då tok seg ein tur på Refsnesstranda. Då dei kom tilbake til bilen, hadde uvedkomande vore inne og forsynt seg med eit mellom anna eit par PC-ar, ein iPad og dei tre korthaldarane.

Det andre tjuvegodset dukka raskt opp. Det låg i eit friområde ved ei anna strand, som Sigstad ikkje hugsar namnet på i farten. Men dei tre korthaldarane var altså søkk borte, heilt til no. Ho hadde på ingen måte venta at dei skulle dukka opp att på denne måten.

– Me er veldig takknemlege for at klassen som fann korta, tok kontakt med oss, seier Sigstad.