Helse- og omsorgsminister omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) overrekte prisen til Klepp-ordførar Kjetil Maudal (Frp) og verksemdsleiar Olga Marie Torsvik.
– Prisen betyr mykje fordi han handlar om noko av det viktigaste me gjer: å sjå, støtta og samarbeida med pårørande, seier kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i ei pressemelding.
Utdelinga skjer i samband med Pårørendekonferansen. Alle jærkommunane har felles digital visning av konferansen i Storstova på Bryne onsdag.
Ho seier prisen ikkje er resultatet av arbeidet til éin person eller éi teneste, men resultatet av innsatsen frå engasjerte medarbeidarar, leiarar, frivillige og ikkje minst pårørande sjølve.
– Kvar dag deler dei erfaringar og hjelper oss til å bli betre, seier ho.
Ordførar Kjetil Maudal seier at prisen er ei anerkjenning av eit langsiktig og målretta arbeid som mange tilsette, leiarar, brukarar og pårørande sjølve har bidrege til.
Kommunen vart nominert til prisen både av ein tilsett og av ein pårørande. Juryen meiner dette vitnar om eit pårørandearbeid som vert lagt merke til og verdsett både utanfrå og innanfrå organisasjonen.
løftar òg fram det frivillige arbeidet i Klepp kommune. I tillegg legg dei vekt på at kommunen har ein pårørandestrategi, deltek i den nasjonale pårørandeundersøkinga «Ivaretatt», tilbyr kompetanseheving for tilsette og arrangerer kurs om rolla som pårørande.
Kommunalsjef for helse og velferd, Wendy Karin Finnerud, seier at pårørande spelar ei heilt avgjerande rolle i mange menneske sine liv.
– Denne prisen er ei stadfesting på at arbeidet med å støtta og inkludera dei er viktig, og at me er på rett veg, seier kommunalsjefen.