Sidan hausten 2022 har folk i Klepp kunna levera plasten sin i containerar ulike stader i kommunen. Frå 1. september skal plasten igjen samlast i plastsekkar, som blir henta heime hos folk.
Sidan hausten 2022 har folk i Klepp kunna levera plasten sin i containerar ulike stader i kommunen. Frå 1. september skal plasten igjen samlast i plastsekkar, som blir henta heime hos folk. Foto: Åge Bjørnevik/Arkivfoto

Måndag kveld gjekk eit samrøystes Klepp kommunestyre inn for ei ny, midlertidig ordning for å henta plastemballasje heime hos folk. Plasten skal samlast i sekkar, og plastemballasjen og restavfallet skal frå 1. september hentast ein gong i månaden.

Bakgrunnen for saka er brannen i IVAR sitt store søppelsorteringsanlegg på Forus i 2022 – og dei dårlege resultata som plastinnsamlinga i Klepp har hatt deretter.

– Tydeleg at det trengst

Litt historikk: Frå starten av 2019 blei IVAR sitt store søppelsorteringsanlegg på Forus teke i bruk, og frå då av kunne innbyggjarane med godt samvit kasta plasten i restavfallet – fordi sorteringsanlegget ville henta han ut.

Men sommaren 2022 brann det hos IVAR, og dermed fekk kommunane eit plastproblem – for dei har ei lovbestemt plikt til å tilby resirkulering. Klepp løyste det med å setja ut ni plastcontainerar rundt om i kommunen frå hausten 2022.

Men containerane har ikkje vore så populære. I fjor blei det berre samla inn ein kilo plast per innbyggjar i Klepp – mot 14 kilo per innbyggjar i 2018, som var det siste året då dei samla inn plasten heime hos folk.

– Det er tydeleg at det trengst ei alternativ løysing fram til ettersorteringsanlegget er tilbake i drift, som er forventa å vere mot slutten av 2026 eller tidleg i 2027, slo kommunedirektøren fast då ho la fram forslaget om ei midlertidig henteordning.

Eit godt, praktisk tips

– Me var gode før, då me hadde sekkar. Utan sekk har me vore ganske dårlege, oppsummerte Tore Bore (KrF) i kommunestyret måndag kveld.

Leiaren i hovudutval for samfunn og kultur hadde også eit godt praktisk tips til dei som lurer på kor dei skal gjera av plastsekken – og som ikkje har samla på den gamle, gule bleiedunken, som ikkje er i bruk lenger.

– Legg plasten øvst i glas og metalldunken, for den blir sjeldan full, tipsa Bore.

Men på tømmedagen må sekken setjast fram for seg sjølv der søppelbilen vanlegvis hentar.

Kommunen reknar med å kunna spara ein stad mellom 900.000 og 1,8 millionar kroner årleg på nyordninga – både fordi dei slepp betala for plast som restavfall ved innleveringa, og fordi tømmefrekvensen på restavfallet skal reduserast.