I Klepp kan det søkast om tilskot til nyanlegg og rehabilitering av alle typar kultur- og idrettsanlegg.
Ved nybygg av samfunnshus/grendehus kan tilskotet dekke inntil ein tredel av kostnaden.
I hovudutval for samfunn og kultur tysdag vedtok politikarane einstemmig å imøtegå to slike søknader, i tråd med innstillinga i sakene.
Prosjekta er likevel så store at utbetalingane ikkje vil skje heilt utan utfordringar.
– Budsjettramma for tilskot nyanlegg 2026 er 739.000 kroner. Med to store byggeprosjekt i 2026 vil utbetalingane for nyanlegg bli betydelege i åra framover, skriv kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i sakspapira, og held fram:
– Desse prosjekta vil ut frå dagens budsjettramme binde opp midlar dei neste 15 åra, og det vil vera minimalt med fristilte midlar til andre anlegg, og utstyr og inventar i denne perioden.
Lang utbetalingstid med dagens rammer
Med ein estimert totalpris på over 17,3 millionar kroner, skal kommunen støtte det komande samfunnshuset på Bore med inntil om lag 5.780.000 kroner.
Rehabiliteringa av Orre samfunnshus er anslått å koste nær 19,8 millionar kroner. Tilskotet blir fastsett på grunnlag av søkarorganisasjonen sine kostnader før moms, som er 15,8 millionar. Ein tredel utgjer dermed inntil 5.267.000 kroner i støtte.
– Kommunedirektøren vil i samband med handlings- og økonomiplanen for 2027–2030 vurdere om det er rom for å auke løyvingane til nyanlegg i nokon av dei komande åra, slik at utbetalingstida kan bli kortare, skriv ho.
Ein vedlagt utbetalingsplan, som legg noverande ramme til grunn, viser at dei to prosjekta vil binde opp store delar av midlane på kontoen kvart år fram til 2041.
I 2026 er det i planen 739.000 tilgjengelege kroner, og dei resterande åra er det 750.000.
I år vil det vere 139.000 kroner til overs til andre anlegg, eller anna inventar og utstyr, sidan det i planen er lagt opp til at Orre samfunnshus får støtte først i 2027.
Utanom vil det berre vere 50.000 kroner i frie midlar per år, fram til 2041.
– Kommunen vil sende ein ny utbetalingsplan etter at handlings- og økonomiplanen er vedtatt, gitt at det blir endringar, skriv Fjermestad.
Handlings- og økonomiplanen blir behandla i desember.
– Konsekvensar for mange
– Me heier på det som skjer, men eg kjenner på at det får konsekvensar for mange andre. Eg håpar at det blir lukrativt og mykje brukt av innbyggjarane, sa Åslaug Årsland Grude (Sp), under behandlinga av søknaden frå Bore samfunnshus.
Kjetil Friestad (H) løfta spørsmålet om politikarane bør setje eit maksbeløp.
– Ein tredel gir me alltid, men er det makstak i regelen? Viss ikkje bør me gjerne sjå på det etter kvart, sa han.