IKKJE RETT FRAM: Tunet ligg i eit LNFR-område. Derfor måtte huseigarane ha dispensasjon for å få bygga nytt reiskapshus.
IKKJE RETT FRAM: Tunet ligg i eit LNFR-område. Derfor måtte huseigarane ha dispensasjon for å få bygga nytt reiskapshus. Foto: Snorre Standish Norheim

I oktober 2021 fekk Hans Fjellanger og Anne Lovise Skailand lov til å riva det eksisterande reiskapshuset – men avslag på søknaden om å bygga nytt.

Svaret frå byggesaksavdelinga bygger på at eigedommen i Hauglandsvegen 90 er regulert til LNFR-formål. For å kunna bygga nytt trengst ein dispensasjon frå kommuneplanens arealdel – ein dispensasjon som kommunalsjef samfunn ikkje ville innfri.

Kommuneplanen seier at det ikkje er tillate å bygga nye bygningar i LNFR-område med mindre dei er knytte til stadbunden næring på bruket basert på gardsbruket sitt ressursgrunnlag og aktuell drift på søknadstidspunktet.

Paret var ikkje fornøgd med svaret frå kommunen. Torsdag 27. januar tok dei imot politikarane i håp om at dei ville sjå saka annleis.

SYNFARING: Huseigarane tok imot utval for lokal utvikling. Håpet var at politikarane skulle gjera om på vedtaket til administrasjonen.
SYNFARING: Huseigarane tok imot utval for lokal utvikling. Håpet var at politikarane skulle gjera om på vedtaket til administrasjonen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Arkitektteikna uthus

Det eksisterande reiskapshuset skal vera i dårleg stand, ifølge eigarane og arkitekten. Arkitektkontoret Vest AS har teikna det nye reiskapshuset, som ifølge søknaden vil auka bruksverdien for familien Fjellanger.

Same arkitektkontor stod bak einebustaden på tunet, som fekk Time kommune sin byggeskikkpris i 2014. Tanken den gongen var at den nye bustaden skulle samsvara med det eksisterande reiskapshuset og bebyggelsen elles i området.

I ein søknad til kommunen skriv arkitekt at Mads Stabel Eltervåg at det nye reiskapshuset skal ta vare på tunmiljøet og ha same formspråk som det gamle reiskapshuset.

I tillegg til å fornya uttrykket til ein sliten bygning, ønsker familien å tilpassa bygget til sine behov. Det inkluderer mellom anna å mekka, reparera møblar, samla frivillige lag og organisasjonar og lagra plenklippar, ATV, minigravar, hagemøblar og ved.

NYBYGGET: Arkitekten skriv: «Form og materialer går igjen i andre gårdstun og uthus/redskapshus over Jæren. Rivning og oppføring av nytt redskapshus vil sørge for en sikker konstruksjon, som føres opp med tilsvarende teknikk og utførelse (grindverk) som eksisterende redskapshus.»
NYBYGGET: Arkitekten skriv: «Form og materialer går igjen i andre gårdstun og uthus/redskapshus over Jæren. Rivning og oppføring av nytt redskapshus vil sørge for en sikker konstruksjon, som føres opp med tilsvarende teknikk og utførelse (grindverk) som eksisterende redskapshus.» Foto: Foto: Arkitektkontoret Vest AS

Prinsipiell diskusjon

– Utfordringa er alle dei andre i kommunen som vil gjera noko tilsvarande. Kor langt skal me strekka det? Med restaurering synest eg det blir det ei litt anna skål, men viss du bygger på og lagar noko anna her, dukkar det opp ein heil del spørsmål som legg premissar for saker som er endå vanskelegare enn akkurat denne, sa politikar Pål Undheim (Høgre) under ein samtale med eigar Hans Fjellanger.

Hans Fjellanger sa til politikarane at dei ikkje vil endra bruken, og at det ikkje skal brukast til varig opphald. Han kunne ikkje sjå at det var nokre ulemper knytt til å seia ja til søknaden. Uthuset skal framleis sjå ut som eit uthus, vart det framheva.

Etterpå, i møtet i utval for lokal utvikling, hadde Pål Undheim klar to forslag: eitt som gjevfullt medhald om utbygging, og eitt som ikkje går fullt så langt.

1,2 METER: Anne Lovise Skailand fortalde at tanken bak å forlenga bygget, handlar om linjene på huset og å forsterka tunkjensla – i tillegg til at tunet ville bli endå lunare.
1,2 METER: Anne Lovise Skailand fortalde at tanken bak å forlenga bygget, handlar om linjene på huset og å forsterka tunkjensla – i tillegg til at tunet ville bli endå lunare. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Får ikkje utvida

Etter å ha sett an diskusjonen i utvalet, la han saman med Arbeidarpartiet fram eit forslag som inneber at eigarane ikkje får lov til å forlenga bygningen med 1,2 meter.

Forslaget om å ta klagen delvis til følge fekk tilslutnad frå alle i utvalet:

En forutsetning for å gi dispensasjon fra kommunearealplanens § 23.2 er at huset plasseres på samme sted og med samme form og størrelse, og at fasadekledningen og detaljering er i tråd med eksisterende bygg. Det er videre ein forutsetning at det nye bygget skal ha de samme funksjonene som eksisterende bygg, dvs at bygget ikke skal benyttes til varig opphold, men til lager, arbeidsrom og hobbyrom.

Etter innspel frå administrasjonen vart det lagt ned flid i å utarbeida ei grunngjeving:

Utvalget mener at renovering av eksisterende bygg vil ikke forverre eksisterende situasjon på eiendommen, nærliggende eiendommer eller i kommunen ved å fornye uttrykket til en gammel og utslitt bygning. Form, materialer og tun sørger for å bevare og forsterke særpreget og byggeskikken som bebyggelsen i LNFR-området har. Totalt sett er utnyttelsen av eiendommen fremdeles liten ved omsøkte tiltak. Dette er et spesielt tun, med eksisterende bygning. Vi ser på det som en fordel at slike bygninger blir vedlikeholdt / renovert i stedet for at det står til forfall. Derfor er hensynene bak bestemmelsene ikke vesentlig tilsidesatt i denne saken, og fordelene ved å gi dispensasjon vil være klart større enn ulempene.

Huseigar Hans Fjellanger opplyser til Jærbladet at huseigarane er fornøgde med at det finst eit politisk utval som kunne behandla saka, slik at dei får lov til å reisa eit erstatningsbygg – og ikkje berre riva det eksisterande reiskapsbygget.

PÅ LINE: I Hauglandsvegen ligg oppsiktsvekkande hus som perler på ei snor. Rodlebakken – tunet til Hans Fjellanger og Anne Lovise Skailand – fekk Time kommune sin byggeskikkpris i 2014.
PÅ LINE: I Hauglandsvegen ligg oppsiktsvekkande hus som perler på ei snor. Rodlebakken – tunet til Hans Fjellanger og Anne Lovise Skailand – fekk Time kommune sin byggeskikkpris i 2014. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim