Reime er skuffa over den ferske avgjerda frå lagmannsretten.

– Retten har hoppa bukk over det me har lagt fram av bevis og ekspertfråsegn. Me har vist det me meiner har vore feil i tingrettsdommen og forankra dette i både lovverk og fråsegn frå ekspertar me har henta inn, seier han.

Det er mogleg å anka saka til Høgsterett, men nålauget er trongt. Berre saker der ein kan argumentera med at retten har gjort feil i saksbehandlinga eller i lovtolkinga, blir tatt opp.

Reime meiner det er fleire forhold ved retten si avgjerd som kan vera grunnlag for ei eventuell anke.

Fristen for å anka er ein månad.

– Me har god tid på oss til å sjå på korleis me skal anka dette, seier Reime.

For Reime handlar det ikkje berre om prinsipp, eigedomsretten eller frykta for støynivået der han bur.

Saka handlar òg om trafikktryggleiken på fylkesveg 44 og går derfor inn i veldig mange enkeltmenneske sin kvardag, meiner han.

Trafikk og støy

Historia er veldig lang og komplisert, men i grove trekk som følger: IVAR IKS blei, då dei skulle bygga biogassanlegget sitt på Grødaland, pålagt å utbetra krysset til vegen som går ned til industriområdet frå fylkesveg 44.

Skal det bli plass til eit venstresvingfelt for trafikken som kjem sørfrå på fylkesvegen, må naboane avstå jord. Torbjørn Reime, som bur på austsida av krysset, har i fleire omgangar motsett seg dette.

Det aktuelle jordstykket er del av eit område Reime leiger ut til ein tredjeperson, som dyrkar gras der.

Reime har ved fleire høve understreka at han ikkje har noko imot at krysset blir utbetra, men at han er skeptisk til den auka støyen. Han meiner òg at krysset ikkje er dimensjonert for trafikken det er meint å ta unna, med dei trafikkutfordringane det vil føra med seg.

Forhandlingar har ikkje ført fram, korkje mellom Reime og IVAR eller mellom Reime og kommunen, som etter kvart tok over saka frå IVAR.

I slike tilfelle opnar loven for ekspropriasjon, som vil seia at det offentlege bruker tvang til å gjennomføra eit kjøp, mot erstatning fastsett av retten.

Det er dette krysset som skal utvidast. Jorda nederst på bildet er det Torbjørn Reime som eig.
Det er dette krysset som skal utvidast. Jorda nederst på bildet er det Torbjørn Reime som eig. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

For to år sidan vedtok kommunestyret å gå til ekspropriasjon av cirka 650 kvadratmeter frå Reime sin eigedom.

Først prøvde kommunen med såkalla frivillig skjønn. Det betyr at sjølv om seljaren ikkje får eit val om han skal selja eller ikkje, får han forhandla om prisen.

Kommunen ville gje Reime 85 kroner kvadratmeteren. Det avslo han. Ein annan nabo, som var i same situasjon, takka ja til same tilbod.

I fjor haust hamna ekspropriasjonssaka dermed i tingretten. Reime meinte både ekspropriasjonsvedtaket og reguleringsplanen det bygde på var ugyldig, men vann ikkje fram.

Tingretten sin konklusjon var at Reime måtte avstå jorda til ein pris på 80 kroner per kvadratmeter.

– Gale

Reime anka, eller kravde overskjønn, som det eigentleg heiter i denne typen saker. Han meinte, som han har gjort heile vegen, at sjølve reguleringsplanen for krysset er ugyldig på grunn av feil som er gjort undervegs. Det same gjeld vedtaket om ekspropriasjon.

Torsdag 8. oktober 2026 kom dommen frå Gulating lagmannsrett.

Den var dårleg nytt for Reime. Kommunen kan ekspropriera området.

Lagmannsretten si vurdering er at reguleringsplanen er gyldig og at kommunen gjorde « ... en grundig og forsvarlig vurdering og utredning» i samband med reguleringa. Retten ser heller ikkje at det er problem med det etterfølgande ekspropriasjonsvedtaket.

I tillegg nedjusterte lagmannsretten prisen kraftig.

I fjor kom tingretten fram til at 80 kroner kvadratmeteren kunne vera ein høveleg sum. Den nye summen Gulating landa på er mykje lågare: 20 kroner per kvadratmeter.

Til grunn for det reknestykket la lagmannsretten prisen Reime får for å leiga ut jordbruksarealet på eigedommen sin og kor mykje prisen blir redusert når han, som følge av ekspropriasjonen, får mindre å leiga ut.

– Det viser berre kor gale det er, er Reime sin korte kommentar til den nye verdivurderinga.

Reime har kjempa for sitt syn lenge. Dette bildet blei tatt i 2015.
Reime har kjempa for sitt syn lenge. Dette bildet blei tatt i 2015. Foto: Foto: Steinar Sandvik (arkiv)

Om kommunen tar 650 kvadratmeter vil Reime få 13.000 kroner.

Den nøyaktige storleiken på arealet han må avstå er førebels ikkje fastsett.

Støy

Då saka var oppe i lagmannsretten tok advokaten hans til orde for at om ikkje retten ville stoppa ekspropriasjonsprosessen, måtte kommunen løysa inn huset til Reime, slik at han kan bygga nytt på ein mindre støyutsett stad.

Retten avviste både dette og påstanden om at eigedommen til Reime blir vesentleg ringare av inngrepet, slik at han har krav på kompensasjon.

Ifølge lagmannsretten kjem mesteparten av støyen rundt Reime sitt hus frå dagens fylkesveg.

I samband med utvidinga av krysset skal det byggast ein støyskjerm på vestsida av huset. Denne, kombinert med at eit nytt kryss vil føra til mindre nedbremsing og akselerasjon på fylkesvegen, kan faktisk føra til at støyutfordringane blir mindre enn dei er i dag, meinte lagmannsretten.

Må betala kostnadar

Reime har lagt monalege ressursar ned i saka, blant anna gjennom å henta inn ekspertise.

I tingretten blei Reime tilkjend rundt 950.000 kroner i sakskostnadar. I lagmannsretten argumenterte han for at summen burde vore høgare, om lag 214.000 kroner til. Heller ikkje på dette punktet kom lagmannsretten han i møte.

Tvert om enda ekstrarunden i lagmannsretten med at Reime må betala delar av kommunen sine sakskostnadar, 30.000 kroner pluss moms. I tillegg må han dekka eigne advokatutgifter, pluss domstolen sine utgifter ved å halda overskjønnet. Kor mykje dette dreier seg om, går ikkje fram av rettsavgjerda.

Nordsjøvegen går frå Grødaland opp mot fylkesvegen. Dagens kryss er for lite. Stridsspørsmålet er om krysset som er regulert inn nå, er stort nok.
Nordsjøvegen går frå Grødaland opp mot fylkesvegen. Dagens kryss er for lite. Stridsspørsmålet er om krysset som er regulert inn nå, er stort nok. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

I fjor haust gav Statsforvaltaren i Rogaland løyve til at det nye krysset kunne byggast, trass i at ekspropriasjonssaka ikkje var endeleg avgjort. IVAR har ikkje nytta seg av høvet.

Reime har klaga på dette vedtaket. Klaga er framleis til behandling. I lagmannsretten fremja Reime krav om å få dekka 70.000 kroner i sakskostnadar i samband med klaga. Heller ikkje dette gjekk retten med på.

Jærbladet har spurt Reime om kostnadane retten meiner han må betala og kva konsekvensar det kan få for han. Jærbladet har òg spurt om det speler inn i hans vurderingar rundt ei ny anke.

Reime svarar ikkje direkte på desse spørsmåla, men indikerer at det offentlege har prioritert vel så høge utgifter over å komma han i møte i tidlegare rundar.

– Kunne vore unngått

Overskjønnsaker blir til vanleg høyrde av ein lagdommar, som har med seg fire fagkunnige skjønnsmedlemmar. Då Reime sin sak skulle opp, hadde tre av dei fire skjønnsmedlemmane bakgrunn frå takst, medan den fjerde var oppmålingsingeniør.

Reime og advokaten hans meinte at skjønnsmedlemmane burde ha breiare bakgrunn, mellom anna frå støy og trafikktryggleik. Lagdommaren kom dei ikkje i møte på dette punktet.

Reime meiner den avgjerda øydela mykje for saka hans og gjorde at saka ikkje blei behandla på ein forsvarleg måte.

– Slik systemet er, blir alt ståande på den eine dommaren, seier Reime.

Han fryktar bakgrunnen til skjønnsmedlemmane gjorde at retten ikkje la vekt på spørsmål rundt trafikktryggleiken.

– Vegen er for smal, krysset er for kort. Det er trafikkfarleg, seier Reime og viser til trafikkauken som er venta som følge av det planlagde biogassanlegget for husdyrgjødsel på Grødaland.

Han hevdar òg at vegen, slik han er regulert, blir ein halv meter smalare enn det politikarane opphavleg vedtok og det som er Vegvesenet sin standard.

Reime meiner mykje av den betente saka kunne vore unngått om det hadde blitt gjort eit skikkeleg arbeid i forkant og er skuffa over at retten ikkje tok dette innover seg.

– På Grødaland har kommunen berre greia ut konsekvensane for friluftsliv og natur, grunnforhold og vatn, men ikkje trafikken og vegkrysset, slik krava er. Dei skulle ha sett på dimensjonen på køyretøya som skal ned dit og dimensjonert krysset ut frå det, meiner Reime.

– Den grundigaste saka i Hå

På førespurnad om kommentar frå Jærbladet svarar Hå-ordførar Andreas Bjorland (KrF) at dette er ei sak som har gått over lang tid og involvert mykje folk, både på administrativt og politisk nivå.

– Det eg kan seia, er at dette er den grundigaste reguleringssaka Hå kommune har utarbeida. Alle delar av planen som kan klagast på, har blitt klaga på. Desse klagene har gått til Statsforvaltaren i Rogaland, som har behandla dei og stadfesta arbeidet kommunen har gjort, seier han.

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) meiner det ikkje finst andre reguleringssaker i Hå som har blitt like grundig utarbeida som krysset på Grødaland.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) meiner det ikkje finst andre reguleringssaker i Hå som har blitt like grundig utarbeida som krysset på Grødaland. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Bjorland viser vidare til at korkje tingretten eller lagmannsretten har funne feil ved kommunen sitt arbeid.

– Så dette er ein grundig prosess. På nokre område har me kanskje gjort eit for omfattande arbeid.

– Kva meiner du med det?

– Då tenker eg til dømes på støyutgreiingar, der me har gjort langt meir enn me plar gjera i tilsvarande saker.

Ordføraren seier det er godt at saka nå er over etter avgjerda i Gulating lagmannsrett.

– Det gjer at me kan gå i gang med å bygga krysset, som er det primære i denne saka. Eg håpar dette blir slutten på ei lang og vanskeleg sak, og at me nå kan legga konflikten rundt dette krysset bak oss, seier Bjorland.