Rune Kloster Tvedt
Rune Kloster Tvedt Foto: Håvard Ovesen

Kommunedirektøren fekk ei skrape frå politikarane i Hå torsdag. Dei meinte han ikkje har gjort nok for å følga opp det dei har bestemt.

Burettslag til 40 millionar kroner

Bakgrunnen var politikarane i Hå har vedtatt at det skal byggast eit burettslag for unge personar med funksjonshemming.

Burettslaget skal ligga i Viervegen på Nærbø og er venta å kosta oppunder 40 millionar kroner. Etter planen skal kommunen ta mellomfinansieringa og betala prosjekteringa. Kommunen skal òg kjøpa seg inn i sjølve prosjektet.

Då regjeringa i fjor haust foreslo å kutta husbanktilskotet til omsorgsboligar og instiutsjonar, vakte det harme fleire stadar på Jæren.

Då kommunedirektøren i Hå la fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan i kommunen, viste han til dette punktet i det foreslåtte statsbudsjettet då han råda politikarane til å utsetta bygginga av burettslaget med eit år.

Før politikarane i Hå vedtok budsjett og økonimiplan for neste år, kom nyheita om at regjeringa, som følge av eit budsjettforlik med SV, hadde snudd og likevel ville gje pengar til husbanktilskotet.

Nyheita gjorde at Andreas Bjorland, då han på vegner av KrF, Sp, Høgre, Ap og SV i desember la fram deira fellesforslag til budsjett og økonomiplan for Hå, kunngjorde at partia hadde funne rom for å droppa utsettinga.

Dei sette difor av 5 millionar kroner i 2023, 30 millionar kroner i 2024 og 4 millionar kroner i 2025. Signalet frå den politiske leiinga var med andre ord tydeleg: Dei ville realisera prosjektet og senda søknad så fort det førebuande arbeidet var klart.

Ba om fortgang

Tidlegare i mars skreiv Stavanger Aftenblad at sjølv om husbanktilskotet likevel ikkje forsvant heilt, vart det kraftig kutta. Pengepotten gjekk tom utan at Hå fekk pengar til å bygga burettslaget. Ifølge avisa vert prosjektet utsatt med minst eit år, om ikkje meir.

Jan Erik Tuen (H) meiner prosjekteringa av burettslaget må komma i gang snarast.
Jan Erik Tuen (H) meiner prosjekteringa av burettslaget må komma i gang snarast. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I kommunestyret torsdag etterlyste Jan Erik Tuen (H) likevel fortgang. Tuen sa han hadde høyrt at det hadde skjedd lite prosjektering, og lese i avisa at kommunedirektøren vil søka om midler neste år, «når det forhåpentligvis kommer midler i Husbanken».

– Når me ein gong skal søka om midler så må me ha prosjektert eit prosjekt som me søker om midler til, sa Tuen og poengterte at teikningar, kostnadsoverslag og liknande må ligga ved søknaden for at Husbanken i det heile tatt skal vurdera han.

Høgre-politikaren såg heller ikkje poenget i å venta til neste år med å søka. Han begrunna dette med to ting:

  • Det kan komma meir pengar i samband med revidert nasjonalbudsjett
  • Om en ventar heilt til neste år, risikerer Hå å hamna heilt bak i køen og kan henda ikkje få tildelt midler då heller

I ein interpellasjon til kommunestyret spurte han ordføraren om ikkje dei kunne vedta at prosjekteringa av burettslaget skal starta om kort tid, anten med intern eller ekstern prosjektleiing.

Han tok og til orde for at søknaden til Husbanken bør sendast så fort prosjekteringsmateriellet og ei førebels kalkyle er klar, og at kommunen, så snart Husbanken har godkjent søknaden, bør sjå på moglegheitene kommunen har til å forskuttera pengar til oppstart, på same måten som kommunen gjer det i samband med idrettsanlegg som ventar på tippemidler.

Beklaga til foreldre

Ordførar Jonas Skrettingland (KrF) overlot til kommunedirektør Rune Kloster Tvedt å svara for korleis administrasjonen hadde valt å følga opp vedtaket om å bygga bufellesskapet.

Tvedt starta med ei orsaking overfor foreldra til ungdommane som er tiltenkt plass i bufellesskapet. Han sa at han ikkje hadde fulgt opp møta med foreldra «på den måten dei hadde grunn til å forventa at me skulle gjera».

Tvedt utdypa ikkje dette nærare, ut over å seia at administrasjonen kjem til å legga seg i selen for at møtene framover vert holdt på den måten kommunen har lova at dei skal haldast. Han sa òg at kommunen jevnleg kjem til å møta ein kontaktperson for foreldrene for å halda dei orientert om status for prosjektet.

Om sjølve prosjektet sa han at eigedomsavdelinga hadde jobba med prosjektet i store delar av 2022, men at arbeidet vart sett på vent då ein prosjektleiar i november vart sjukemeldt. Etterpå har, ifølge Tvedt, kapasitetsproblemer og uvisse knytta til økonomien ført til at administrasjonen har prioritert andre prosjekter.

Kommunedirektør Rune Kloster Tvedt beklaga overfor foreldre som føler dei ikkje harr blitt møtt på ein god måte.
Kommunedirektør Rune Kloster Tvedt beklaga overfor foreldre som føler dei ikkje harr blitt møtt på ein god måte. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kommunedirektøren sa at planen framover er å til våren avklara sentrale punkt knytt til bufellesskapet og at prosjektleiaren skal starta opp igjen prosjekteringsarbeidet til hausten.

Han sa at det er vanskeleg å seie nøyaktig når dei vil senda søknad til Husbanken, men at det truleg vil skje i løpet av våren neste år.

– Den fysiske starten kjem så snart søknaden er godkjent, sa Tvedt, og minna om at at søknaden kan verta avslått, og at det difor ikkje er tilrådeleg å forskuttera prosjektet før søknaden er behandla.

Tvedt avslutta med å understreka at kommunen er opptatt av at burettslaget skal realiserast.

– Dette er ein interessant prosjektmodell som har noko for seg, sa Tvedt.

– Har utsett ungdommar og foreldre for unødvendig uro

Politikarane slo seg ikkje til ro med svaret frå kommunedirektøren.

Tone Elin Berge (Ap) minna om at kommunestyret hadde gjort vedtak om burettslaget at burettslaget skulle realiserast allereie i 2020.

– Me folkevalgte har forståing for at det er mykje som skal på plass. Då er det viktig med gode prosessar, god kommunikasjon og tydeleg leiing om ein skal ha framdrift, sa Berge.

Ap-politikaren fortalde at ho, etter presseoppslaga om at det var «tomt» for investeringstilskot til omsorgsbustadar i Husbanken, hadde vore i kontakt med partiet sentralt og fått signal om at det kan koma meir pengar i samband med revidert statsbudsjett.

Tone Elin Berge (Ap) kom med skarp kritikk av kommunedirektøren, som ho meinte hadde gitt feil informasjon.
Tone Elin Berge (Ap) kom med skarp kritikk av kommunedirektøren, som ho meinte hadde gitt feil informasjon. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Så fortalde ho at ho, i lag med dei andre gruppeleiarane i kommunestyret, nyleg hadde vore i møte med kommunedirektøren, som orienterte om framdrifta i saka med burettslaget for funksjonshemma.

– I møtet kom det fram at Hå kommune ennå ikkje har søkt støtte fordi prosjektet har blitt stoppa opp på grunn av kapasiteten i administrasjonen, sa Berge.

Ho sette dette opp mot tidlegare signal frå kommunedirektøren, både i Stavanger Aftenblad og overfor kommunestyret, om at hovedgrunnen til at ein ikkje søker investeringstilskot er at det ikkje finst pengar.

– Det som kjem fram er alvorleg, eit tillitsbrot, sa Berge.

Ho sa kommunedirektøren hadde kome med feil informasjon.

– Det burde ha vorte sagt klart og tydeleg til ungdommane, foreldra, pressa og ikkje minst oss folkevalte at årsaka til planleggingsstoppen er kapasitet, ikkje finansiering. Ungdommane og foreldra deira har vorte utsett for unødvendig uro på grunn av måten kommunedirektøren har kommunisert på, sa Berge.

Politikaren sa at dei som folkevalte hadde fått tilbakemeldingar om at samarbeidet og informasjonsflyten mellom kommunen og foreldra hadde vore «vekslande» og «vanskeleg».

– Mi oppfordring er å bruke tid, lytt, sjå på foreldra som ein ressurs og spel kvarandre gode, sa Berge.

– Vekker ikkje tillit

Då KrF-politikar Andreas Bjorland tok ordet, sa han at bygging av dette burettslaget har vore ei gladsak i Hå, og at han hadde opplevd at alle løfta i lag for å få dette til.

Bjorland fortalde at han for nokre uker sidan fekk telefonar frå fortvilte foreldre som hadde høyrt at saka ikkje lenger var prioritert.

– Dei hadde bedt om møter med kommunedirektøren om dette, men meinte at dei møte med kommunedirektøren ikkje hadde blitt møtt på ein god måte, sa han.

Ifølge Bjorland var det dette som var bakgrunnen for møtet mellom gruppeleiarane og kommunedirektøren.

Andreas Bjorland (KrF) sa han hadde inntrykk av at saka om bufellesskapet var ein der politikarar, kommuneadministrasjon og foreldre ikkje lenger løftar i lag.
Andreas Bjorland (KrF) sa han hadde inntrykk av at saka om bufellesskapet var ein der politikarar, kommuneadministrasjon og foreldre ikkje lenger løftar i lag. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Bjorland stadfesta Tone Elin Berge si oppfatning om at det i dette møtet kom ei ny forklaring om kvifor arbeidet var stoppa opp, og at denne var knytta til bemanning, ikkje investeringstilskotet i Husbanken.

– Inntrykket eg satt igjen med var at dette ikkje lenger var ein sak der me løfta i lag. Eg opplevde at det ikkje var nokon initiativ til å finna gode løysningar i lag, sa Bjorland, og la til at alle som tek kontakt med kommunen skal verta møtt på ein god og respektfull måte.

KrF-politikaren meinte kommunikasjonen i saka har vore for dårleg.

–Når forklaringa endrar seg, vekker det ikkje tillit, sa han, og la til at han heller ikkje var nøgd med at dette var informasjon både dei folkevalte og foreldra hadde vert nødde til å spørja etter.

Bjorland meinte at det er lenge å venta til 2024 med å søka.

– Eg vil dette skal vera ei sak der me løftar i lag. Klarar me ikkje å gjera alt sjølv, må me leia inn hjelp. Det kan ikkje vera sånn at me er avhengige av ein einskild person, og at om denne ikkje er på jobben, så set me ei heil foreldregruppe på vent. Så sårbare kan me ikkje vera, sa Bjorland.

Svein Arve Nygård (Frp) støtta dei andre talarane.

– Me forventar meir frå kommunedirektøren si side. Vedtek me noko, og kommunedirektøren ser at tidsplanen ikkje går, bør kommunedirektøren komma til oss og forklara kvifor. Som politikar misliker eg når vedtekne saker ikkje vert prioritert, sa Nygård.

– Me forventar meir frå kommunedirektøren, sa Svein Arve Nygård (Frp).
– Me forventar meir frå kommunedirektøren, sa Svein Arve Nygård (Frp). Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ragnvald Riis frå Hå-lista sa at partiet hans slutta seg til det som allereie hadde blitt sagt.

– Eit samla kommunestyre står bak dette. I Hå handlar me når me får beskjed om å setta i gang, sa Riis, og henta fram ein instruks frå Monopol-spelet:

– Rykk fram til start.

– I løpet av året

Kommunedirektøren hadde med andre ord fått mykje å svara på då han gjekk opp på talarstolen for andre gang. Tvedt sa han opplevde at arbeidet med prosjektet hadde vore konsistent og at då politikarane i desember i fjor bestemte at bufellesskapet skulle inn i budsjettet og økonomiplanen, så sette dei i gang arbeidet.

– Men så er det ikkje sånn at alt som skal gjerast i løpet av 2023, begynner i januar, men me skal levera i løpet av året, sa Tvedt.

Han sa òg at politikarane uansett ville ha blitt orientert om status for prosjektet når tertialrapporten vert lagt fram i april.

Fleire av politikarane som var oppe på talarstolen nemnde moglegheiten for å leia inn ein prosjektleiar, heller enn å venta på nokon som er langtidssjukemeldt. Kommunedirektøren meinte at dette ville føra til unødig ekstraarbeid.

– Vår vurdering er at det er god grunn for å vidareføra arbeidet med den prosjektleiaren som har jobba med det tidlegare, sa han.

Kommunedirektør Rune Kloster Tvedt (t.h), her i samtale med Jørn Kosmo, kommunedirektør for helse og sosial i Hå, åtvara mot å starta bygging av burettslaget før Husbanken har gjort vedtak om tilskot.
Kommunedirektør Rune Kloster Tvedt (t.h), her i samtale med Jørn Kosmo, kommunedirektør for helse og sosial i Hå, åtvara mot å starta bygging av burettslaget før Husbanken har gjort vedtak om tilskot. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Tvedt var òg inne på at dei, for å framskynda prosjektet, kunne ha omrokkert ressursane i administrasjonen.

– Men då måtte me lagt til sides andre prosjekt. Det me har sett som mest relevant å i så fall legga til sides, er den nye barnehagen på Brusand. Eg trur ikkje det ville vore ei god løysing, sa Tvedt.

Om høvesvis investeringstilskotet og tilgangen på personal, sa han at administrasjonen har vore konsistent òg på dette punktet, i den forstand at dei bruker planleggingsressursar der det til ei kvar tid er mest bruk for dei.

– Det har noko å gjera med at me i Hå har valt å ha knappleik på ressursar. Det er difor me kan driva billig. Men me skal komma i land med søknaden og skal få bygga ein god omsorgsbustad for denne gruppa så snart det er pengar til dette i statsbudsjettet, sa Tvedt.

Meinte politikarar òg har ansvar

Under seansen vanka det mange harde ord frå politikarane til administrasjonen. Elin Hetland Mong (Hå-lista) tok replikk og nyanserte biletet litt. Ho minna om at politikarane, som kommunedirektøren sin arbeidsgjevar, òg har eit ansvar:

– Korleis jobbar me saman med administrasjonen? Har me klargjort forventningane me har til kommunedirektøren? Korleis er samhandlinga med ordføraren? spurte ho og la til at det i løpet av fjoråret har vore fleire utskiftingar i toppleiinga i administrasjonen.

I tillegg til ny kommunedirektør har kommunen òg fått ny kommunalsjef for helse og sosial.

Elin Hetland Mong (Hå-lista) minna kommunestyret om at dei, som arbeidsgjevarane til kommunedirektøren, har ansvar for at han kan få gjera jobben sin på ein god måte.
Elin Hetland Mong (Hå-lista) minna kommunestyret om at dei, som arbeidsgjevarane til kommunedirektøren, har ansvar for at han kan få gjera jobben sin på ein god måte. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Mong minna om at det tar tid å skaffa heile oversikta.

– Det er me som arbeidsgjevar som har ansvaret for at me har gode nok prosessar på dette. Ein kommunedirektør leiar ein kompleks organisasjon. Det er forventningar, og du vert sett i korta på ein måte andre arbeidstakarar ikkje vert. Me må laga betre styringsprosessar og strukturar for dei som kjem inn som leiarar, sa ho.

Jan Erik Tuen (H) hadde bedt om eit gruppemøte. Då dette var over, kom han opp igjen på talarstolen med ein samla beskjed frå alle gruppeleiarane i kommunestyret.

– Eg trur det me meiner kom klart fram i debatten. Som kommunestyre forventar me å få informasjon ut over tertialrapportane. Me treng ikkje venta på dei. I denne saka forventar me at prosjekteringa startar opp etter kort tid. Det er møte i formannskapet 2. mai. Der ber me om å få status for korleis arbeidet kjem i gang eller har komme i gang, sa Tuen.