18. juni tipsa byggesaksavdelinga i Time Sør-Vest politidistrikt om moglege straffbare forhold i ei pågåande byggesak.
Jærbladet har fått avslag på innsyn i dokumentet. Ifølge overskrifta kan det dreia seg om bedrageri og dokumentforfalsking.
Dokumentet er unntatt offentlegheit saman med tolv vedlegg, med heimel i offentleglova paragraf 24 andre avsnitt.
Heimelen opnar for å gjera unntak frå innsyn i tips eit offentleg organ har sendt om lovbrot fram til saka er avgjort.
Kommunen har vurdert om dokumentet likevel skal offentleggjerast og kome til at tipset ikkje kan oversendast slik at dei delane som er unntatt offentlegheit blir sladda.
– Det er fordi me ønsker at politiet skal etterforska saka. Viss det blir kjent kven og kva sak tipset gjeld, er me redde dei kan koma til å fjerna bevisa, forklarer Svein Harald Dyngen.
Byggesakssjefen fungerer som plan- og forvaltningssjef mens Martin Torstenbø Tengesdal er ute i pappapermisjon.
Reagerte under tilsyn
Dyngen fortel at byggesaksavdelinga gjennomførte eit tilsyn med firmaet og fekk tilsendt dokumentasjon det tidlegare hevda ikkje fanst.
Kommunen mistenker at dokumentasjonen er laga etter at byggesøknaden vart sendt inn, og at han så er blitt datert bakover i tid.
Dokumentfalsk er forbode etter paragrafane 361 og 362 i straffeloven og straffast med bot eller, i alvorlege tilfelle, fengsel inntil to år.
– Akkurat denne prosjekteringa er kanskje ikkje den mest alvorlege. Men det er eit stort problem viss same firma held på på same måte i andre saker, fordi det kan gå utover liv og helse, seier han.
Dyngen seier tipset er ein del av samfunnsoppgåva til byggesaksavdelinga og meiner det er positivt at det blir omtalt i media, sidan det kan leia til at andre i bransjen skjerpar seg.
Sender eit signal
– Me står trygt i våre vurderingar basert på det me har observert. Samstundes er det politiet si oppgåve å følga opp vidare, sidan me ikkje har heimel til å gjennomføra kontrollar hjå verksemda sjølv. Derfor har me formidla funna våre til politiet, som eventuelt gjennomfører ransakingar.
I e-posten til politiet, som Dyngen har delt eit utdrag av, skriv kommunen:
«Forholdet vanskeliggjør saken og underbygger vårt inntrykk av at partene ikkje utfører oppgaver i tråd med regelverket. For oss er dette viktig for å bevise at utredningene ikkje er utført tilstrekkelig og ikkje forelå på tidspunktet.»
– Eg veit ikkje om politiet kjem til å prioritera dette. Dei har ikkje alltid vore så ivrige på å ta byggesaker.
Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, er orientert om at politiet er kopla på.
– Føretaket forvaltar ein viktig tillit og ansvar i dei sakene dei er involverte i. Når det er ein slik mistanke, er det vårt ansvar å melda vidare til instans, seier Bjorland Dahl i ei melding.