For å retta seg etter eit pålegg frå Statsforvaltaren vart det planta og sett opp gjerde – men på gal eigedom.
For å retta seg etter eit pålegg frå Statsforvaltaren vart det planta og sett opp gjerde – men på gal eigedom. Foto: Snorre Standish Norheim

I starten av mars kontakta Esso-stasjonen Time kommune, med ein serie spørsmål dei ikkje kunne svara på sjølv.

Utanfor bensinstasjonen, som ligg ved innkøyringa til Bryne i aust, var det sett opp gjerde og planta ei mengd tre.

Esso-stasjonen lurte på grunnen til dette, og om kommunen visste på kva eigedom arbeida var utførte.

Lagt ved e-posten var eit utsnitt frå grunnboka til Kartverket. Hadde kommunen bomma?

Det trudde i alle fall Esso:

«For hvis dere ser på bildet, så er det kanskje på vår eiendom?»

Kommunen fekk pålegg

Seinsommaren 2021 markerte starten på slutten på ein periode med hektisk graveaktivitet aust på Bryne.

Kommunen grov opp Kong Haakons gate og kryssa etter kvart Arne Garborgs veg, for å koma til Frøylandsvatnet.

Dette var tredje og siste etappe i eit stort og kostbart VA-prosjekt, som skal halda kjellarane på Rosseland tørre.

Arbeida starta med å rydda vegetasjon på nedsida av Arne Garborgs veg, med motorsag og gravemaskin.

Seinhausten 2023 reagerte Statsforvaltaren i Rogaland, som meinte vilkåret «så naturlikt preg som mulig» ikkje var følgt.

Statsforvaltaren gav mellom anna pålegg om å planta meir, fordi området «fortsatt lå veldig åpent nesten to år etter fullført tiltak».

Dei meinte det braut med dispensasjonen kommunen hadde fått frå vernereglane, som trongst for å få gjennomføra VA-prosjektet.

Det viktige fugle- og landskapsvernområdet på Tangen, aust på Bryne, fotografert i november 2024.
Det viktige fugle- og landskapsvernområdet på Tangen, aust på Bryne, fotografert i november 2024. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Barriere for støy

«Den skjermende funksjonen som denne gruppen med trær og busker har hatt, har vært svært viktig for fuglelivet i Søndre Frøyland landskaps- og fuglefredningsområde», forklarte Statsforvaltaren i pålegget.

Kommunen og Novaform meinte vilkåra for dispensasjonen var følgde «fullt og helt i dette prosjektet».

Etter ei synfaring i september 2024 vart dei likevel samde med Statsforvaltaren om å gjera ytterlegare tiltak i området.

Det innebar å planta fleire buskar, setta opp gjerde, registrera type og plassering på planta tre, laga rapport og invitera til ny synfaring.

Seinare vart det laga ein beplantningsplan med fleire tre, som samla er meint å danna ein permanent barriere mot fuglefredingsområdet.

Ryddejobben starta seinsommaren 2021. Prosjektleiar Arvid Vistnes i Time kommune, byggjeplassleiar Jan Sørheim i Novafrom, anleggsleiar Stig Håland og driftsleiar Kåre Vigre frå Grunn-Service framfor ein mellombels støyduk som skjerma fuglelivet i Søndre Frøyland landskapsvernområde.
Ryddejobben starta seinsommaren 2021. Prosjektleiar Arvid Vistnes i Time kommune, byggjeplassleiar Jan Sørheim i Novafrom, anleggsleiar Stig Håland og driftsleiar Kåre Vigre frå Grunn-Service framfor ein mellombels støyduk som skjerma fuglelivet i Søndre Frøyland landskapsvernområde. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Følgde kantsteinane

«Arbeidet med gjerdet og ekstra beplantning er gjennomført etter anmodning fra Statsforvalterens miljøavdeling», skriv prosjektleiar Arvid Vistnes i eit svar til Esso.

For å svara ut pålegget frå Statsforvaltaren, måtte plasseringa til kvar busk og kvart tre målast inn og rapporterast.

Fuglefredingsområdet startar i tomtegrensa til bensinstasjonen. I svaret til Esso skriv kommunen at fleire i prosjektet har rekna med at tomtegrensa følger dei etablerte kantsteinane.

Men det stemmer ikkje, stadfesta prosjektleiaren.

«Som ansvarlig for prosjektet må jeg beklage at vi har tatt oss til rette i tomtegrensen, og vil rette dette forholdet så snart som mulig i løpet av de nærmeste dagene.»

Flytta tre

Esso presiserte at dei ikkje ville at gjerde eller trea skulle fjernast frå deira eigedom, så lenge kommunen tok ansvaret for vedlikehaldet.

Prosjektleiar Arvid Vistnes takka for tilbodet og velviljen, men forklarte at prosjektet ikkje har moglegheit til å inngå ein slik avtale.

Kommunen ville derfor innan kort tid flytta tre og gjerde, slik at plasseringa er i tråd med føresegnene om avstand i grannelova.

Gjerdet er mellombels og skal fjernast når vegetasjonen er blitt tettare, truleg om to til fire år.