Landets største husdyrkommune er rik på jord og på industri.
Men ikkje på skatteinntekter, seier fungerande økonomisjef Bente C. Iversen.
Neste år reknar ho med 760 millionar skattekroner frå innbyggarane.
Desse pengane blir grunnmuren i eit budsjett på 2,2 milliardar kroner som skal gå til å halda kvardagen i gang for dei drøyt 20.000 innbyggarane – på skular og helsestasjonar, i barnehagar, på sjukeheimar, vegar og gangstiar. Og mykje meir.
– Gjennomsnittsinntekta i kommunen er lågare enn ho er i Time og Klepp. Mange her er bønder, mange jobbar i industri. Det er få arbeidsplassar i akademiske yrke, og ikkje så mange pendlar til jobb, seier ho.
Ein av følgjene av dette er at kommunen har lågast skatteinngang per innbyggar av jærkommunane.
I fjor var han lågast også i Rogaland, med 83–84 prosent av landsgjennomsnittet. I år er han på 87 prosent.
Forholda som gjer det slik, kan kommunen ikkje utan vidare endra på, ifølge Bente C. Iversen.
– Me kan ikkje gjera anna enn å legga til rette for bustader og arbeidsplassar for at folk skal slå seg ned her og finna seg til rette, seier ho.
Dei rikaste
Hå har rett nok Bjørn Risa, som fem gongar sidan 2017 har vore den største skattytaren i Hå.
I 2023 betalte han 11,1 millionar i skatt av inntekta på 16,5 millionar og formuen på 456,7 millionar.
Parallelt det året hadde Time sin Ståle Kyllingstad og Klepp si Olaug Tjøtta.
Men Time og Klepp har òg fleire mindre synlege inntekter frå innbyggarar som er rike, men ikkje fullt så rike som dei på toppen – og som monnar: Folk som betaler over to millionar kroner i skatt.
I 2023 hadde Klepp 26 personar i denne gruppa, Time 25 – men Hå berre 13.
– Me hadde jo halvparten så mange i denne gruppa som Klepp, noterer Bente C. Iversen.
– God økonomistyring
– Me er vande med låg skatteinngang, seier Iversen.
– Me har hatt ansvarlege leiarar og god økonomistyring og har tilpassa utgiftene til inntektene.
Det betyr at Hå leverer tenestene på det nivået som lovverket krev, utan mykje garnityr på toppen.
Berre litt. Politikarane har for eksempel gitt dei barnehagetilsette såkalla plantid, ifølge Iversen. Det betyr at dei kan ha møter i arbeidstida fordi det er nok vaksne i barnehagen til at dei kan gå ifrå ungane.
Avgifter som kommunen krev inn, mellom anna til å dekka kostnadane til vatn og avløp, renovasjon og feiing, er dessutan låge i Hå, seier økonomisjefen.
– Me driv bra. Det er for eksempel lite lekkasje i leidningsnettet.
Får pengar frå rikare kommunar
Fordi Hå har lågare skatteinngang enn dei fleste kommunar i landet, får dei tilført pengar frå andre og rikare kommunar.
Slik har systemet vore i mange år, men nå blir inntektssystemet skrudd meir til i denne retninga.
66 kommunar som har over gjennomsnittet i skatteinngang per innbyggar, slik som Stavanger, Bærum og Oslo, må betala relativt meir enn før, til dei 291 som ligg under gjennomsnittet.
– Omlegginga betyr litt meir pengar til oss som har lite frå før, seier Iversen.
Frå januar til oktober hadde Hå fått tilført 56 millionar kroner frå rikare kommunar via staten.
Stavanger hadde på si side betalt 852 millionar av sine skatteinntekter, til andre.
Friskular kostar kommunen pengar
Fordi Hå òg har mange unge innbyggarar, får kommunen meir pengar per person enn kommunar med eldre aldersgjennomsnitt, forklarer økonomisjefen. I 2026 kjem 79.000 kroner per håbu gjennom såkalla frie inntekter; skatt og rammetilskot frå staten.
Neste år reknar kommunen med 736 millionar i rammetilskot.
På eitt punkt går kommunen derimot glipp av pengar i rammetilskotet, ifølge Bente C. Iversen:
Friskulane Tryggheim ungdomsskule og Tryggheim vidaregåande skule.
I staden for rammetilskot til kommunen, betaler staten direkte til friskulane for kvar elev.
– Friskular er ikkje nokon vinnar i budsjettet til kommunen. Me mister 19 millionar i tilskot på grunn av dei. Friskulane er ein netto kostnad for Hå, seier økonomisjefen.
Nye oppgåver, men ikkje nok pengar
Men den største bekymringa til økonomisjefen i Hå kjem av to andre ting:
Den eine er at staten gir kommunane nye oppgåver, men ikkje nok pengar til å utføra dei.
Dette er noko alle kommunar strever med og klager over. Men Iversen har tatt seg bryet med å leita opp ei rekke konkrete eksempel som gjeld Hå:
- Døgntilbod for kommunal omgåande hjelp: Tilskot, men dekker ikkje alle driftskostnader.
- Fastlegeordninga: Rammetilskot, men kostnadar ikkje fullfinansiert.
- Tenester til personar med store og samansette behov: Staten dekker ein del, men eigendelen er stor og er blitt større.
- Psykisk helse og rus: Tilskot på prosjektbasis som ikkje alltid blir ført vidare i rammetilskot.
- Habilitering og rehabilitering: Finansiering følger ikkje alltid med oppgåvene.
- Integrering av flyktningar: Tilskotet dekte 91,8 prosent av kostnadane i 2023.
Gjelda veks
Den andre store bekymringa til Iversen er meir lokal:
Gjelda.
Ho aukar i det kommunedirektøren kallar «i urovekkande fart». Det som er 1,3 milliardar i dag, vil veksa til 1,78 milliardar i 2029, ifølge Iversen.
Mykje kjekt skal finansierast med desse låna: Ny barneskule på Vigrestad, brannstasjon på Nærbø, barnehage på Brusand og burettslaget Viervegen.
Alt utanom skulen på Vigrestad er i gang. Den er venta å føra med seg investeringar på rundt 460 millionar kroner.
Skule på Vigrestad - nå eller ein annan gong
Frå økonomisjefens synspunkt er nedsida av store låneopptak svært synleg.
– Det betyr også mykje meir å betala i renter og avdrag, pengar som me for eksempel kunna ha tilsett folk for, seier ho.
Nærmare bestemt vil ei investering i skule på 460 millionar kosta 30 millionar i renter og avdrag i året i 25 år framover - det same som 20 årsverk.
Dei folkevalde har høyrt bekymringa frå kommunedirektør og økonomisjef. I november gjekk fleirtalet inn for å droppa oppgradering av legevakta på Bekkeheien for 40 millionar kroner.
11. desember skal dei banka budsjettet for neste år og handlings- og økonomiplanen for 2026–2029.
Då blir det klart om Vigrestad får ny skule. Eller om satsinga må venta.