Blåsenborg Eiendom AS har planar for eigedommen i Meierigata.
Blåsenborg Eiendom AS har planar for eigedommen i Meierigata. Foto: Snorre Standish Norheim

I desember vedtok Klepp kommunestyre å kjøpa 150 nedgravne parkeringsplassar i den store utbygginga til Coop Klepp.

I mai har ein privat aktør gått til Time kommune med forslag om noko liknande. Svaret var langt frå like lukrativt.

Den totale kjøpesummen på Kleppe er kring 105 millionar kroner – eller nesten 700.000 kroner stykket.
Den totale kjøpesummen på Kleppe er kring 105 millionar kroner – eller nesten 700.000 kroner stykket. Foto: Foto: Illustrasjonsteikning av Arc Arkitekter

Jobba med fjellhall

I fem år leika Time kommune med tanken på å bygga ein gedigen parkeringshall i fjellet under Bryne sentrum.

Entreprenøren Veidekke lanserte ideen i 2015 og seinare utgreiingar viste at hallen kunne realiserast under Meierigata.

Men risikoen og prislappen skremte lokalpolitikarane, som i 2020 sa endeleg farvel til 480 underjordiske parkeringsplassar.

Dei stolte ikkje på at Bryne Parkeringshus AS, der kommunen var medeigar, kunne betala tilbake investeringa via parkeringsavgifter.

Usikkerheita kring parkering var hovudårsaka til at reguleringsarbeidet for Storgata til gågate, stoppa opp i fleire år.

Nå er både reguleringsarbeidet og opparbeidinga av gata, i full gang.

Gågateplanen er på høyring fram til 19. juni, og onsdag 3. juni er det ope folkemøte om planforslaget.

Når Storgata blir stengt for bilar, forsvinn 25 parkeringsplassar. På sikt kan ytterlegare 18 plassar forsvinna dersom også sidegatene skal gjerast grønare og få breiare fortau.
Når Storgata blir stengt for bilar, forsvinn 25 parkeringsplassar. På sikt kan ytterlegare 18 plassar forsvinna dersom også sidegatene skal gjerast grønare og få breiare fortau. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Planar for parkering likevel

Den skrinlagde fjellhallen er ein av premissane for kvartalet mellom Meierigata og Storgata, Øgaardsbakken og Erlandsbakken.

For å kunna bygga ut bustader og næring, seier reguleringsplanen at det må byggast eit parkeringsanlegg med minst 37 plassar.

Den største aktøren er Blåsenborg Eiendom AS, selskapet til forsikringsmeklarane i Waco, Nils Petter Solli og Ordin Oma.

Duoen opna litt opp om planane sine i 2020. Dei hevda å sitta på nøkkelen for at Storgata kan gjerast om til gågate.

– Hovudpoenget at me kan få til parkering som ikkje er på langt nær dei dimensjonane som er blitt snakka om med fjellhall, men som kan vera eit godt supplement for dei som vil gå i gata og handla, sa Solli til Jærbladet.

– Me tenkjer at dette er eit godt alternativ som supplerer behovet Bryne har for sentrumsparkering, nær parken og Storgata, sa Oma.

Møtte kommunen

I mai møtte Blåsenborg Eiendom planavdelinga i kommunen for å diskutera eit mogleg samarbeid om parkering.

I etterkant har sjefen for kommunalteknikk tatt ein runde med kommunedirektør Trygve Apeland, og sendt eit skriftleg svar.

– Det hadde vore gunstig med ein parkeringshall lokalisert nær Storgata, for å erstatta parkeringsplassane som blir fjerna i samanheng med at gata vert endra til gågate, innleier Ole Bjørn Maråk.

Igjen er det prisen som er utfordringa:

– Erfaringsmessig er slike 'underjordiske' parkeringsplassar så kostbare at det ikkje er løyseleg for kommunen. Vidare skal kommunen forsvare eit slikt kjøp overfor andre utbyggarar som òg har tilbode parkeringsplassar.

Det nedgravne anlegget skal utnytta høgdeskilnadene mellom Storgata og Meierigata, og ha innkøyrsel frå Øgaardsbakken. Skissa frå Norconsult viser at anlegget kan få cirka 70 plassar.
Det nedgravne anlegget skal utnytta høgdeskilnadene mellom Storgata og Meierigata, og ha innkøyrsel frå Øgaardsbakken. Skissa frå Norconsult viser at anlegget kan få cirka 70 plassar. Foto: Foto: Norconsult

Avslår vidare dialog

– Konklusjonen er derfor at me ikkje går inn i ein dialog på nåverande tidspunkt. Me er redd det berre vil vera spilt tid for båe partar, skriv Maråk.

Tilbakemeldinga etter møteverksemda i mai er altså kontant – men døra er likevel ikkje heilt stengt igjen:

– Kom gjerne attende dersom de finn ei løysing som gjer at eit kjøp av parkeringsplassar kan forsvarast forretningsmessig for kommunen, basert på dei satsane ein betaler for å parkera i dag, skriv han.

Bryne er delt i to avgiftssoner. Meierigata, Saronsbrotet, Øgårdsbakken, Storgata og Lauritz Bellesens gate utgjer indre sone.

Her er det rimelegast å parkera den første timen, 11 kroner. Den andre timen kostar 35 kroner. Frå tredje time er prisen 43 kroner.