(Dette er ein bearbeidd versjon av ein artikkel som Jærbladet trykte i fjor sommar i samband med at heile kongefamilien var på besøk i Stavanger under feiringa av 200-årsjubileet for starten av utvandringa til Amerika.)
Mange vaksne jærbuar har sett Harald og Sonja på nært hald. I Time og Hå tok kongeparet seg god tid då dei kom.
Litt annleis er det for Klepp, som av offisielle kongebesøk har hatt to. Dei varte berre i halvannan time – til saman.
– Dei er heilt sikkert velkomne igjen, viss dei vil. Men me forkleiner ikkje besøka dei har vore på her. Sjølv reknar dei tydelegvis visittane som offisielle besøk, og det gjer me òg, sa Ivar Undheim til Jærbladet i juli i fjor.
Undheim var rådmann i Klepp i 25 år – frå 1987 til 2009 og frå 2013 til 2016. Og han hugsa godt begge dei kongelege lynvisittane:
- Ein halv time seint om ettermiddagen 5. juni 1995, etter ein halv dag i Hå, var kong Harald og dronning Sonja på Krosshaug i Klepp, der det var funne ei rik dronninggrav.
– Dronninga heldt tale og fekk seg overrekt 12 serviettringar i sølv, laga av David Calder. Dei hadde aldri vore i Klepp før, derfor var dei velvillige til invitasjonen. Eg trur dei skulle vidare til Utstein kloster, fortalde Undheim.
- 27. august 2002, frå klokka halv ni til halv ti om morgonen, var kong Harald på besøk i Klepp, på veg for å opna oljemessa ONS i Stavanger. Høgdepunktet var at han klipte snora for å markera opninga av det nye Kleppetunet. Før han la i veg vidare, var kongen innom den aller første bebuaren på staden og slo av ein munter drøs.
– Eg trur han kom frå laksefiske i Figgjoelva, hadde overnatta på Sele og stoppa innom. Me fleipte med at når han likevel var i Klepp, så kunne han jo opna ONS òg, sa Undheim.
Manglar fire kommunar
4. juli 2025 var ein merkedag for Stavanger: Tre generasjonar i kongefamilien deltok i 200-årsmarkeringa av starten på masseutvandringa til USA, på dronning Sonja sin 88-årsdag. Men kongen og dronninga hadde besøkt byen mange gongar før.
Dei har dessutan hatt som mål at ein av dei, eller begge, skal besøka alle kommunane i Norge, rekna sidan 1958.
Akkurat nå – sommaren 2026 – har landet 357 kommunar, og kongeparet hadde berre fire igjen på lista over stader dei ikkje har vore på offisielt besøk, eller har besøkt gjennom Forsvaret. Desse er Rindal og Høylandet i Trøndelag og Siljan og Nissedal i Telemark. Trønder-kommunane skulle etter planen få besøk av dei kongelege i september og Telemark sine i oktober.
Eit offisielt besøk er definert som at ordføraren i kommunen er vertskap.
I 2024 kunne dei kryssa av dei siste i Rogaland; Lund, Randaberg og Vindafjord.
– Dette er det viktigaste og trivelegaste me gjer. Å treffa nye folk og sjå nye stader, sa kongen ifølge NRK på fylkesreisa til Agder og Rogaland i 2024.
Løye på kaien i Sirevåg
Både Hå og Time har hatt besøk av kongeparet.
- 5. juni 1995 steig dei to i land frå kongeskipet på kaien i Sirevåg. Historia fortel at ordførar Tobias Skretting fiska ut velkomsttalen frå dresslomma og begynte å snakka. «Det var jo trist å møtast i denne anledninga», rakk han å seia før han braut seg sjølv av for å rota litt meir i lomma. Der fann han eit anna manus som passa betre.
– Det blei heilt stilt på kaien. Men kongen lo så han heldt på å ramla i sjøen, sa forteljar Odd Rune Hølland til Jærbladet ved eit tidlegare høve.
Han trur at den legendariske ordføraren hadde planlagt «tabben».
1000 gjester på kyrkjekaffi på Ogna
Den gongen var dagen så vidt i gang etter denne starten: Kongeparet – Sonja i bunad – reiste til vigslingsgudsteneste i Ogna kyrkje, som med stort lokalt engasjement var bygd opp igjen etter brann, og der dei fekk omvising i etterkant. Det var kyrkjekaffi i ein idrettshall der det var dekt til oppimot 1000 gjester. Hallen blei fylt opp til siste plass, meldte Jærbladet. Og kongen heldt tale.
Frå Ogna drog dei kongelege i Cadillac til Kongesteinen nedanfor Obrestad fyr, der forfattaren Tor Obrestad, også i bunad, møtte dei med dikt, og kongen og dronninga signerte steinen.
Før dei avslutta turneen i Hå, rakk dei to å oppleva Hå gamle prestegard med omvising og lunsj.
Så fekk altså Klepp ein halv times merksemd før det heile var over for Jærens del.
For den gongen.
Møtt av Veslemøy i Knudaheio
I 2001 var det Time sin tur. Søndag 10 juni, i strålande sol med sur nordavind attåt, kom Harald og Sonja i kortesje frå kongeskipet i Sandnes, til Knudaheio, Arne Garborg si sommarstove på Undheim. Dei blei møtt av Veslemøy; songaren Eir Inderhaug, som gjette kyr, og Marte Pernille Strandjord som dansa.
Inne sette kongeparet seg i stolane som Arne og Hulda Garborg var blitt fotografert i mange år tidlegare. Så var det gudsteneste på kyrkjebakken på Undheim, og etterpå spaserte dei til Undheim samfunnshus, der det vanka kaffi og jærsk bakst.
Det var visst ikkje for tidleg for kongen, som ifølge Jærbladets utsende må ha vore kaffitørst etter gudstenesta.
I alle fall gjekk han rett forbi steinen han skulle signera, på vegen mot samfunnshuset. Dette lo han godt av då han møtte pressa seinare på dagen.
Gjestebod i Storgata
Programmet var ikkje slutt med dette. Ferda gjekk til Garborgheimen, der bonde Sverre Reiten viste majesteten frå rom til rom. Meir kaffi, og noko attåt, i hagen denne gongen.
– Vil kongen ha kaffi? spurte Reiten i følge Jærbladet.
– Ja, nå er me jo kvitt biskopen, repliserte kongen.
Til og med ein spasertur i Bryne sentrum og det splitter nye torget var det tid til denne dagen.
Då hadde dronning Sonja reist i førevegen, mellom anna for å opna samtidskunstutstillinga G i Meieriet.
På torget, der det taut av folk og der barnehagebarn song Småsporven for dei kongelege, avduka kong Harald Fritz Røed sin Garborg-statue.
Så var det gjestebod i Storgata for 150 personar, med dei kongelege som muntre midtpunkt. Ikkje før i 19-tida om kvelden tok dei farvel, etter også å ha vandra rundt Mølledammen, signert stein ved Kvernhuset og vore med på festkveld i Storstova.
Mange private besøk
Offisielt har kongeparet ikkje vore på besøk i Klepp ut over dei to korte visittane i 1995, så vidt Ivar Undheim visste Men det heldt han ikkje imot dei.
Han peikte på at «dei unge», det vil seia kronprins Haakon og søstera Märtha Louise, var ein del i Klepp i ungdommen – i privat regi.
– Elfrid Friestad Bergseth, gift med tidlegare kommuneoverlege Rolf Bergseth i Klepp, var ein periode barnepike for Haakon og Märtha Louise. Dei to har vore på besøk her fleire gongar. Men alt var veldig diskret. Kommunen prøvde ikkje å gjera noko ut av det, sa Undheim.
Surfing og litteratur
Fleire gongar seinare har kronprins Haakon eller kronprinsesse Mette-Marit vore innom Klepp og andre jærkommunar på jobb for kongehuset:
I 2013 besøkte kronprinsen Vitengarden, der 3.-klassingar frå Hognestad skule viste han korleis ein konkurrerer mot ein ostepakke-robot.
I oktober 2017 sto Haakon i praktisk lue, skjerf og boblejakke på Borestranda for å kasta glans over EM i surfing.
Året etter steig kronprinsesse Mette-Marit av eit litteraturtog på Ogna stasjon og drog til biblioteket, der journalist Fredrik Wandrup hadde samtale med lyrikar og psykolog Helge Torvund.
Dei aller yngste, det vil seia tronarving Ingrid Alexandra, har også vore i Klepp i privat ærend, med og utan foreldra: I 2020, då ho var 16, vann ho NM i surfing på Bore med ein stolt far til stades. I 2022, med begge foreldra som spente tilskodarar, klarte ho ikkje å ta seg til finalen.
– Få plassar kongen kjenner som Klepp
Og kongen sjølv?
– I periodar har han vore på Sele og fiska laks kvart år. Også dette har vore privat og nokså diskret, sa Undheim.
Då Jærbladet i 2012 såg kongen prøva fiskelukka i Figgjoelva, var han på eit besøk i hytta til Christian Bjelland.
Om dei offisielle besøka har vore korte, så har kongen altså visst svært godt kor Klepp er.
– Utanom hytteplassane sine trur eg at det er få plassar kong Harald har vore meir enn i Klepp. Det måtte eventuelt vera dei store byane, sa Ivar Undheim, tidlegare rådmann i Klepp, til Jærbladet i fjor.