Tilbodet om utsleppsfrie bilar var sentralt då Renovasjonen Næring AS vann kontrakten framfor NordRen AS.
Tilbodet om utsleppsfrie bilar var sentralt då Renovasjonen Næring AS vann kontrakten framfor NordRen AS. Foto: Renovasjonen Næring AS

Først etter ein runddans i Klagenemnda (KOFA) og rettsapparatet vart det klart kven som vann konkurransen om å henta hushaldningsavfall i Klepp, Time, Hå og Sola.

«Renovasjonen Næring AS ble valgt som kontraktspartner, hovedsakelig på grunn av pris og større bruk av elektriske kjøretøy», skreiv selskapet i ei pressemelding september 2023.

Kontrakten varer i seks år, frå 1. juni 2024, og vart ved tildelinga opplyst å ha ein verdi på mellom 30 og 40 millionar kroner.

Kommunane Stavanger og Sandnes eig Renovasjonen Næring AS i lag.

Den andre deltakaren, privateigde NordRen AS, var – og er – misfornøgd med at dei ikkje vann konkurransen.

Påstand om ulovlege bilar

I midten av mars sende Elden Advokatfirma brev til kommunane Hå, Klepp, Time og Sola, med overskrifta:

«KRAV OM AT BRUK AV ULOVLIGE KJØRETØY FOR INNSAMLING AV HUSHOLDNINGSAVFALL, OPPHØRER»

På vegne av NordRen AS hevdar advokat Hugo Rolf Hansen at Renovasjon Næring AS «jevnlig bryter den inngåtte kontrakten».

Kontraktsbrotet blir forklart med at selskapet bruker andre bilar enn dei avtalte.

«Man er kjent med at Renovasjon Næring AS innledningsvis skal ha fått en form for «dispensasjon» for å bruke andre kjøretøy inntil de kontraktsmessige kjøretøyene var på plass.»

Advokaten stiller spørsmål ved om det var lov å gje slik dispensasjon, men er nå mest opptatt av praksisen held fram.

«Mer graverende er at Renovasjon Næring AS – etter at kontraktsmessige kjøretøy var på plass – har fortsatt å bruke kjøretøy som ikke oppfyller kontraktens bestemmelser. Vi har blitt kjent med at Renovasjon Næring AS bruker både dieselkøyretøy og langt flere biogasskjøretøy enn avtalt.»

I anbodskonkurransen vart det lagt vekt på at biogass gav dårlegare utteljing på miljø enn elektriske køyretøy.

Vil sjå dokumentasjon

Advokaten viser til ei sak i Klagenemnda frå 2015, der eit renovasjonsselskap nytta køyretøy av lågare standard enn avtalt.

Kommunen saka galdt, følgde ikkje opp kontraktsbrotet. Dermed vart kontrakten vesentleg endra, meinte KOFA.

Ved å ikkje følga opp har Eidsvold kommune gjort ei direkte anskaffing, i strid med reglane for offentlege anskaffingar.

Er kommunane Klepp, Time, Hå og Sola i ferd med å gjera det same?

Advokaten til NordRen AS seier at dei pliktar å følga opp kontraktsbrotet, og syta for at Renovasjonen Næring AS bruker rette bilar.

I brevet ber advokaten dei fire nabokommunane undersøka kva køyretøy Renovasjonen Næring AS har brukt, til dømes sjå på vegsetlar frå tømmestasjonen, som viser registreringsnummeret på bilane som er brukte dei enkelte dagane.

Advokaten opplyser at Renovasjonen Næring AS, gjennom tilbodet dei gav i konkurransen, forplikta seg til å gjennomføra oppdraget med utelukkande elektriske kjøretøy, i tillegg til eitt biogasskjøretøy.

– Mellom 90 og 100 prosent

Leiar for kommunalteknikk i Time, Ole Bjørn Maråk, seier at kommunane har følgt opp Renovasjonen Næring AS sidan i haust.

Selskapet har hatt innkøyringsproblem, med sein levering av elbilar. Det skal også ha vore forseinking på levering av delar.

– Dei lova at det skulle vera på stell frå nyttår av. Me har følgt dei opp nå igjen og sagt at me i Time har registrert at dei nokre få gonger har nytta gassbilar, i tillegg til elbilar.

Omfanget er mindre enn Elden Advokatfirma legg til grunn, ifølge dokumentasjonen Maråk har sett.

– Så langt eg har talt opp, køyrer dei elbil ein plass mellom 90 og 100 prosent. Me har sagt at dette må vera på stell rimeleg raskt. Me har hatt ein dialog både skriftleg og munnleg.

Maråk meiner det verkar som at selskapet gjer det dei kan for å fiksa problemet, men seier at kommunane ikkje kan leva med at dei ikkje held seg etter kontrakten.

– Det er me klare og tydelege på. Dei etterlever kontrakten 95 prosent nå, men me forventar at det blir 100 prosent etter 1. april.

Har svart: – Følger med

Kommuneadvokat Sindre Meling har skrive til Elden Advokatfirma på vegner av Klepp, Time, Hå og Sola.

– Bodskapen er at kommunane har vore kjende med at det til tider har vore brukt andre køyretøy, at me er klare over årsakene til det, og at me følger med på at oppdraget blir levert sånn som det skal, seier han.

Meling skreiv til Renovasjonen Næring i november. Selskapet fekk frist til 1. januar om å setta inn køyretøy i samsvar med avtalen.

Alternativt ville kommunane vurdera om avviket utgjorde eit avtalebrot som gav grunnlag for å heva kontrakten.

Selskapet svarte at elbilane var blitt sterkt forsinka, men at alle var komne då svaret var sendt, i midten av november.

I eit driftsmøte i februar kom det fram at fleire av elbilane ikkje fungerte som dei skulle, grunna «barnesjukdommar».

I svaret til Elden, som er datert 25. mars, skriv kommuneadvokaten at dei vil henta inn loggar for å avklara omfanget av bilbyting.

På bakgrunn av loggane skal kommunane gjera ei ny vurdering av om selskapet oppfyller kontrakten.

«Dette viser at kommunene følger opp kontrakten som er inngått med RNAS, og at det jobbes aktivt for at selskapet skal rette opp i påvist mislighold», skriv kommuneadvokaten.