Torsdag stod Statens vegvesen ved fylkesveg 44 på Skjæveland og kontrollerte køyretøy med automatisk skiltgjenkjenning.
Av totalt 2622 kontrollerte vart tolv køyretøy vinka til sides for ytterlegare kontroll. Åtte av desse viste seg å ha manglar.
Fem hadde ikkje betalt omregistreringsavgift. Dei fekk køyra vidare etter å ha punga ut.
Tre køyretøy som ikkje hadde vore til periodisk kontroll – og altså mangla EU-godkjenning – vart avskilta på staden.
På fire køyretøy vart det påvist tekniske manglar, på mellom anna lys, ombygt eksos og spegel.
Fire sjåførar fekk gebyr fordi dei ikkje kunne visa fram førarkort, vognkort og/eller plassering av kjennemerke.