Det blæs kuling over Jæren onsdag – med kraftige vindkast, som meteorologane sende ut gult farevarsel om tysdag ettermiddag.

På Køhler-garden på Nesheim i Hå avslutta arbeidsfolka jobben tysdag med å stiva av og sikra takstolane som var sette opp på kyllinghuset som er under bygging. Dei hadde fått med seg den melde vinden, og ville derfor sikra seg at det ikkje skulle skje skade, opplyser bonde Tore Namork Gudmestad.

Likevel gjekk det gale natt til onsdag. Ein stad mellom 180 og 200 takstolar bles ned, anslår bonden.

– Me har nok vore maksimalt uheldige med vindretninga, seier Gudmestad.

Berre nokre få takstolar lengst nord på kyllinghuset, mot Gudmestadvegen, sto onsdag att.
Berre nokre få takstolar lengst nord på kyllinghuset, mot Gudmestadvegen, sto onsdag att. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Vind frå søraust er ikkje det vanlegaste på Jæren, og han tek veldig godt akkurat der kyllinghuset blir reist. Bakkane som sørausten passerer over, kan også truleg gje vindkasta ekstra fart inn mot gardstunet på Køhler-garden.

Så sjølv om kuling og vindkast opp mot 25 meter i sekundet ikkje er uvanleg på Jæren, gjekk det gale denne gongen.

– Eg ser på det som eit hendeleg uhell. Det er synd at det skjedde, men ikkje noko me får gjort noko med, seier Tore Namork Gudmestad

– No kjem det takstmann seinare i dag, og så får me ta det vidare derfrå, legg Gudmestad til når Jærbladet snakkar med han ved lunsjtider onsdag.

Politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon opplyser at dei ikkje har hatt nokon stor pågang av meldingar om vindskader.

Den einaste meldinga i vårt område var at eit tre skulle ha velta og låg delvis ute i vegbanen i nærleiken av Circle K på Kleppe.

Operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt har hatt ein del meldingar om vêret og vinden på meldingstenesta si. Ein veggmodul på rundt 100 kvadratmeter bles over ende i Sandnes litt før klokka 11 onsdag føremiddag.

Det var også fleire oppdrag i Strand kommune, der blant anna ein lyktestolpe velta og fleire trampolinar var tekne av vinden. Også i Sandnes gjorde en trampoline skade på andre folks eiendom etter å ha flydd av gårde.