Det var ikkje råd til å bevega seg rundt i lokalet for å telja, men det må ha vore minst 50-60 personar pakka saman inne i det litle lokalet på hjørnet mellom Jærvegen og Stasjonsvegen torsdag ettermiddag.
Visjon på kvar sitt hald
I bygget der Sveisen Hårdesign tidlegare haldt til har nå Monica Børresen, Kristine Tveranger Stokka og Karen Maudal skipa til ein heilt ny kafé.
Ja, ikkje berre dei, med seg har dei ein haug av frivillige og folk som har jobba på dugnad for at visjonen deira skal verta verkeleg. Torsdag skjedde det.
Slik trioen fortel det, har dei, kvar for seg, gått med ein draum, for ikkje å seia ein visjon, om kafé i Klepp sentrum.
– Det var den som førte oss saman, seier Kristine Tveranger Stokka, som har fått tittelen kreativ koordinator og musikar, til Jærbladet.
Dagleg leiar Monica Børresen fortel at ho vart introdusert til Stokka av onkelen sin, då han oppdaga at begge gjekk med tankar om ein kafé midt i Klepp.
Ho seier alle dei tre grunnleggarane heile vegen har vore samkøyrde på kva dei ville gjera.
– Me ville bety noko for Klepp og laga ein plass der det var meiningsfullt for folk å komma, fortel ho.
Dei visste òg nøyaktig kor dei ville ha det. Då Sveisen Hårdesign melde flytting, slo dei til.
– Ei stove for Klepp
At dei har valt namnet «Eden» er ikkje tilfeldig. Reint konkret betyr det gledas og lykkas stad, men det reflekterer òg trua til trioen, som har funne kvarandre på tvers av ulike kristne meinigheiter.
Under opninga understreka Stokka at dei ikkje har til hensikt å tre trua si over hovudet på nokon, men at dei « ... vil møta folk med kjærleik.»
– Me vil laga ei stove for Klepp, ei stove for alle, sa Stokka.
Damene som står bak fortel at mens dei framleis jobba med førebuingane, var det mange som kom på døra i håp om at kafeen var open.
– Det er tydeleg at det er rom for oss, seier Børresen.
Det fulle namnet på kafeen er Eden Café Smak & Se.
«Smak» seier kanskje seg sjølv, men «se» er kanskje vel så viktig for trioen.
– Me har eit ønske om at folk skal blitt møtt av og erfara kjærleik, at dei på den måten kan få ein smak på Guds rike og sjå kva Jesus er. Det er det som er visjonen vår, sa ho då konferansier Tore Kåstad intervjua ho under den høgtidelege opninga.
Dugnad og frivilleg arbeid
Alt arbeidet dei så langt har lagt ned i kafeen, har vore på dugnad.
– På sikt ønsker me å ta ut løn. Me må jo ha noko å leva av, men me kjem ikkje til å ta ut forteneste. Me vil at det me gjer, skal gå tilbake til Klepp, seier Børresen til Jærbladet.
– Me har bestemt at alt overskotet skal gå til dei som treng det i Klepp. Det kjem ein del to av Eden Café, lovar Stokka.
Nøyaktig kva del to skal vera, held dei førebels for seg sjølv.
På sikt ønsker dei å utvida opningstidene, men i starten kjem kafeen til å ha ope onsdagar, torsdagar (då er det langdag) og fredagar, i tillegg til første laurdag i månaden.
Stokka seier dei òg har ein plan om å skipa til konsertar og andre evenement utanom dei ordinære opningstidene.
Menyen er det Karen Maudal som har komponert. Ernæringsstudenten har fått tittelen mat- og medieansvarleg. Under opninga lova ho eit rikhaldig utval av «jålekaffi», men òg mykje godt å eta, anten det er suppe, bruschetta, krema havregraut, bananbrød, brownies, surdeigscookies eller anna.
– Eg elskar når me tar oss tid til å nyta eit godt måltid i lag, sa ho.
– Utan knurring
Det var ordførar (og far til Karen) Kjetil Maudal (Frp) som stod for den offisielle opninga, med klipping av ikkje berre éi, men to snorer, ei føre døra og ei føre disken.
Ordføraren sa det var ei stor glede å få vera med på å opna noko nytt i sentrum.
– Og dette er ikkje berre ein kafé, men ein unik møteplass, sa han.
Ordføraren roste både interiør, fargeval og stemning, og poengterte at ein kommune vert forma av meir enn berre bygg og vegar.
– Det trengst òg menneske som bryr seg, tar initiativ og skapar møteplassar, sa han.
Maudal syntest det var fint at Eden er tydeleg på verdigrunnlaget sitt, og henta fram eit høveleg vers frå Første Petersbrev: «Ver gjestmilde mot kvarandre utan knurring».
– Viktig med møteplassar
Under opninga er det så fullt at dei fleste må nøya seg med ståplass, men ved eit vindusbord treff Jærbladet Inger Brith Andersen, Jan Harald Damsgård og Torill Vika Damsgård.
Trioen, som sit og ventar på kaffien sin, slår fast at Klepp treng ein plass som dette.
– Det er få plassar der folk kan møtast. Nå vert det fleire. Det er fantastisk viktig at det finst plassar der ein kan komma ut og snakka med andre, seier dei.
Dei trekk òg fram verdigrunnlaget kafeen er tufta på.
– Det er greitt å støtta eit slikt tiltak.