Der vegen ut til Kvassheim fyr kryssar Kvassheimsåna, er det ei bru.
Brua er gammal og treng litt fiksing. I tillegg treng ho eit nytt rekkverk.
Reglane er slik at då er det ikkje berre brua som skal ha rekkverk. Rekkverket må i tillegg følga vegen eit lite stykke på begge sider av brua. Kor langt rekkverket skal gå, kjem an på fartsgrensa.
I dag er det ikkje vedtatt ei eiga fartsgrense på vegen. Det betyr at han har ei generell fartsgrense på 80 kilometer i timen.
I slike tilfelle seier reglane at rekkverket må følga vegen i 56 meter på begge sider av brua.
Ei slik løysing er ikkje berre dyr, ho er òg særs vanskeleg å realisera, blant anna fordi rekkverket vil komma i konflikt med ferista på vestsida og portane inn til dei ulike beiteområda.
Torsdag vedtok derfor politikarane i Utval for samfunn i Hå å redusera fartsgrensa på staden til 30 kilometer i timen. På den måten unngår dei mange av dei strengaste tryggleikskrava. I tillegg unngår dei å gjera større inngrep enn nødvendig, eit viktig omsyn, sidan vegen går gjennom ei landskapsvernområde.
Sjølv med redusert fart vil enkelte av krava til rekkverk framleis vera vanskelege å innfri, i alle fall på austsida av brua. Politikarane gjekk derfor òg med på at kommunen kan fråvika krava når dei skal oppgradera Kvassheim bru.
Kommunedirektøren si vurdering er at desse tilpassingane ikkje går ut over trafikktryggleiken.
Kor mykje sjølve tiltaket er venta å kosta, er ikkje fastsett, men ifølge kommunedirektøren sparar dei 600.000 kroner på å gjera det på denne måten.