Tysdag la kommunedirektøren i Hå, Anne Berit Berge Ims, fram forslaget sitt til budsjett for 2025 og handlings- og økonomiplan for 2025 til 2028.
Tysdag la kommunedirektøren i Hå, Anne Berit Berge Ims, fram forslaget sitt til budsjett for 2025 og handlings- og økonomiplan for 2025 til 2028. Foto: Håvard Ovesen

For­kla­ringa er enkel.

– Me ser at me får færre barn og unge og fleire eldre. Derfor må me dreia ten­es­tene frå skule og bar­ne­hage mot helse, seier kom­mu­ne­di­rek­tør Anne Berit Berge Ims til Jær­bla­det.

Fleire gamle

Ho slår fast at inn­byg­gar­ta­let stig.

– Me vert fleire. Men dei me vert fleire av, er eldre, seier ho.

Fram­skri­vin­gar viser at talet på bar­n­efø­dslar vil synka mar­kant fram mot 2050, medan talet på pen­sjo­nis­tar vil dobla seg.

Ims seier dei demo­gra­fiske end­rin­gane betyr at fleire må ta ansvar for eige liv.

– Me kjem til å trenga meir fri­vil­lig­heit. Me treng at folk klarar seg sjølv så lenge dei kan. Me ønsker at folk skal bu heime så lenge som mogleg før dei treng sju­ke­heims­plass eller andre offent­lege ten­es­ter, seier ho.

Kom­mu­nar slit alle­reie i dag med å få tak i nok kva­li­fi­sert arbeids­kraft, mellom anna i omsorgsyrke.

– Fram­over har ikkje kom­mu­nane nok folk og res­sur­sar til å møta behova på same måte som i dag, rett og slett fordi me som skal betena vert færre, medan dei som treng vert fleire, seier Ims til Jær­bla­det.

Vil kutta spe­si­al­un­der­vis­ning

I for­sla­get til bud­sjett og hand­lings- og øko­no­mi­plan for 2025 til 2028, tek kom­mu­ne­di­rek­tø­ren grep og legg opp til ein grad­vis reduk­sjon av ram­mene til skule og bar­ne­hage med 32 mil­li­o­nar kroner.

– Me går ned med 19 mil­li­o­nar kroner i ram­mene på skule og bar­ne­hage. I til­legg kjem spe­si­al­un­der­vis­ning. Pen­ge­bru­ken på dette er høg i Hå. Paral­lelt med bud­sjett og øko­no­mi­plan, legg me fram ei anna sak som går på ei omstil­ling, slik at me får fleire barn og unge inn i ordi­nær under­vis­ning, fortel Ims.

Kom­mu­ne­di­rek­tø­ren seier at saka poli­ti­ka­rane fekk tysdag, går meir i detalj om kor­leis kom­mu­nen skal luk­kast med omleg­ginga.

– Me er alle­reie i gang, og har ein plan for å møta dette med ned­trekk år for år, seier Ims til Jær­bla­det.

Redu­sert bruk av spe­si­al­un­der­vis­ning skal bidra med ei inn­spa­ring på 13 mil­li­o­nar kroner.

Sam­ti­dig vil Ims styrka sat­singa på bar­ne­ver­net.

Økonomisjef Tore Spangen vitsa om at budsjettet er ein plan for korleis ein kan gjera inntekter om til utgifter.
Økonomisjef Tore Spangen vitsa om at budsjettet er ein plan for korleis ein kan gjera inntekter om til utgifter. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Auka utgif­ter i helse og vel­ferd

Dei 32 mil­li­o­nar kro­nene som kom­mu­nen planlegg å spara i skule- og bar­ne­hage­sek­to­ren vert flytta over til helse og vel­ferd, kor utgif­tene vert større.

Det nye bufel­les­ska­pet for unge funk­sjons­hemma i Vier­vegen på Nærbø, til dømes, vil føra med seg behov for per­so­nale når det opnar – etter planen i 2026.

Planen er at driftsmidlane til bufel­les­ska­pet, skal komma innan­for dei eksis­te­rande ram­mene til helse og vel­ferd. Det betyr, ifølge Ims, omstil­lin­gar.

– Me ser på om me kan gjera meir for mindre, for å møta dette på ein måte som gjer at me ikkje aukar bud­sjetta til helse til­sva­rande, seier Ims til Jær­bla­det.

Ho legg til at hand­te­ringa av eld­re­bølga òg må hand­te­rast inna­for dagens rammer.

Kom­mu­ne­di­rek­tø­ren slår fast at kom­mu­nen er nøydd til å rigga om for å møta dei demo­gra­fiske end­rin­gane. Ho har tru på at det skal gå.

– Me veit at me klarar omstil­ling. Det har me vist før. Om du går fire-fem år til­bake i tid, tenk på alt me har gjort og fått til, både med pan­demi og flykt­nin­gar, seier Ims til Jær­bla­det.

– God sty­ring

Det var òg bod­ska­pen då ho, saman med øko­no­mi­sjef Tore Span­gen og con­trol­ler Hen­ri­ette Ueland la fram for­slag til bud­sjett og hand­lings- og øko­no­mi­plan for Hå frå 2025 til 2028.

Ho minna om at Hå kom­mune er kjend for god øko­no­mi­sty­ring. Sam­ti­dig er Hå kom­mune blant dei som har aller lågast skat­te­inn­tek­ter i fylket.

– Det gjer at me må ha ekstra god sty­ring på kom­mu­ne­øko­no­m­ien, sa Ims.

Ho la til at når Agenda Kaup­ang dei tre siste åra har lista Hå blant dei ti kom­mu­nane i Noreg med best øko­no­misk sty­ring, seier det noko om kul­tu­ren.

– Me set tæring etter næring, sa Ims.

I åra som kjem, vert balan­se­gan­gen vans­ke­le­gare.

Gjelda veks

I åra fram­over satsar kom­mu­nen på eit netto drifts­re­sul­tat på 1,75 pro­sent av drifts­inn­tek­tene. Det er heilt i tråd med mål­ta­let i kom­mu­ne­pla­nen, men sam­ti­dig er eit slikt resul­tat lågare enn det har vore tid­le­gare år.

Målet for dis­po­si­sjons­fond – pengar på bok – er det same: Rundt 20,5 pro­sent av drifts­inn­tek­tene i 2025 og 20,8 pro­sent av drifts­inn­tek­tene i 2028

Det som utford­rar kom­mu­ne­øko­no­m­ien, er at gjelds­gra­den veks.

Rett nok vil kom­mu­ne­di­rek­tø­ren skyva byg­ginga av ny skule på Vig­re­stad ut av denne øko­no­mi­pla­nen, men kom­mu­nen skal fram­leis inves­tera for 1,17 mil­li­ar­dar kroner, ei auke på 124 mil­li­o­nar kroner frå førre plan.

Henriette Ueland er controller i Hå. Ho fortalde at kommunale lån har vorte dyrare dei siste åra.
Henriette Ueland er controller i Hå. Ho fortalde at kommunale lån har vorte dyrare dei siste åra. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Om lag ein tred­je­del av dette kan hen­tast frå sals­inn­tek­ter, til­skot på enkeltprosjekter, moms­kom­pen­sa­sjon og dis­po­si­sjons­fond, men to tred­je­de­lar kjem frå nye låne­opp­tak.

Det samla låne­opp­ta­ket for heile peri­o­den kjem på 816 mil­li­o­nar kroner. Det skjer sam­ti­dig som ren­te­ni­v­ået gjer låna dyrare enn før.

Hen­ri­ette Ueland gav dei fram­møtte eit prak­tisk eksem­pel. Den nye brann­sta­sjo­nen på Nærbø er venta å kosta 200 mil­li­o­nar kroner.

– Hadde me lånt denne summen i 2021, måtte me betalt rundt tre mil­li­o­nar kroner i årlege ren­te­ut­gif­ter. Dette belø­pet stig til åtte mil­li­o­nar kroner, for å låna same sum, i 2025, sa Ueland under fram­leg­ginga.

To mil­li­ar­dar kroner

Bud­sjet­tet dei la fram tysdag, har ei ramme på rundt to mil­li­ar­dar kroner.

Av dette kjem 34 pro­sent frå skatt på eigne inn­byg­ga­rar pluss skatteutjamningsmidler, sidan Hå har lågare skat­te­inn­gang enn lands­gjen­nom­snit­tet. 37 pro­sent kjem frå stat­lege ram­me­til­skot og 29 pro­sent frå andre inn­tek­ter – i hovud­sak inn­tek­ter kom­mu­nen sjølv styrer, som SFO-beta­ling, ten­es­ter i heimen, kom­mu­nale avgif­ter og så bort­et­ter.

Men, som øko­no­mi­sjef Tore Span­gen vittig for­mu­lerte det under bud­sjett­fram­leg­ginga tysdag denne veka, er bud­sjet­tet først og fremst ein plan for kor­leis ein kan gjera inn­tek­ter om til utgif­ter.

For kom­mu­nen går 68 pro­sent av dei to mil­li­ar­dar kro­nene ut i løn. Fire pro­sent går til ned­be­ta­ling av lån, medan 23 pro­sent er «andre utgif­ter» – det kom­mu­nen bruker på sku­le­ma­te­ri­ell, medisinar, ved­li­ke­hald, med meir.

Dei 1,75 prosentane som står igjen, er det for­venta drifts­re­sul­ta­tet – pengar som kan set­tast av i dis­po­si­sjons­fond.

– Opp­vekst og kultur og Helse og vel­ferd er dei områda som tar den stør­ste delen av utgif­tene våre, sa Span­gen og la til at det er dei same ten­este­områda som i størst grad er i kon­takt med inn­byg­ga­rane

Ten­este­områ­det sam­funn, som blant anna styrer plan­leg­ging, miljø, land­bruk, vann og avløp og tek­nisk drift, står for fire pro­sent av utgif­tene. Ten­este­områ­det eige­dom, som driv med plan­leg­ging, byg­ging, for­valt­ning og ved­li­ke­hald av kom­mu­nale bygg, står for ti pro­sent av utgif­tene.

Fire pro­sent går til sent­ral­ad­mi­nist­ra­sjo­nen. Dei driv med løn­nings­opp­gå­ver, per­sonal, admi­nist­ra­sjon, infor­ma­sjons­tek­no­logi og rek­ne­skap. Den siste pro­sen­ten går til drift og inves­te­rin­gar i kyrkja.

Fleire års­verk

I nabo­kom­mu­nen Time er den øko­no­miske situa­sjo­nen tøff. Der føre­slår kom­mu­ne­di­rek­tø­ren store inves­te­rings­kutt og ein reduk­sjon i talet på til­sette.

Det er ikkje til­fel­let i Hå.

Her er kom­mu­nen venta å veksa med 18 års­verk til neste år.

Halv­par­ten av denne veks­ten kjem innan opp­vekst og kultur. I hovud­sak skul­dast dette at kom­mu­nen må til­setta fleire i SFO som følge av at regje­ringa har bes­temt at tred­je­klas­sin­gar skal få gratis SFO. Auken i talet på flykt­nin­gar gjer at kom­mu­nen òg må til­setta fleire i dei kom­mu­nale bar­ne­ha­gane.

Innan Helse og vel­ferd kjem det to nye års­verk i psy­kisk helse og rus­vern og to nye års­verk innan­for bru­kar­styrt per­son­leg assis­tent.

Resten av auken kjem i ten­este­områ­det Sam­funn. Brann­ve­se­net utvidar med eit års­verk. Nye års­verk innan pro­sjekt og utbyg­ging og tek­nisk drift vert finan­si­ert via .

Då Jær­bla­det snakka med kom­mu­ne­di­rek­tør Anne Berit Berge Ims i for­kant av at ho la fram bud­sjet­tet og øko­nomi- og hand­lings­pla­nen, nytta ho høve til å skryta av dei til­sette for deira bidrag i bud­sjett­ar­bei­det.

– Det er veldig mange flinke med­ar­bei­da­rar som har bidratt i dette lag­ar­bei­det, sa ho.

Poli­ti­ka­rane vedtar ende­leg bud­sjett for 2025 og hand­lings- og øko­no­mi­plan for 2025 til 2028 i kom­mu­ne­sty­re­mø­tet 12. desem­ber.