Kjetil Myklebust skriv i dette debattinnlegget at han ikkje kjem til å senda tenåringane på Litla Jærnåttå i år.
Kjetil Myklebust skriv i dette debattinnlegget at han ikkje kjem til å senda tenåringane på Litla Jærnåttå i år. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim/Jærbladet (arkiv)

ÅTVARING: Grovt språk følgjer.

Litla Jærnåttå har lansert neste års hovudartistar, Julie Bergan og Beathoven.

Dei inviterer barn ned til 5 år på alkoholfri og barnevennleg konsert – hovudmålgruppa er 12-17.

Då må ein lure på om nokon i arrangementskomiteen faktisk har sett seg ned for å høyre på desse artistane.

Julie Bergan – kjent fjes, god dansar, finsleg pop, heilt greitt. Men, hallo?

Kva skjedde i sensuren rundt Beathoven?

Er det eit mål at barn og unge på Jæren skal bli introdusert for hip hop á la russesjanger?

Eg siterer:

«Har du MDMA? En bootie som er flat, det skal jeg ikke ha - Get drunk, kast opp, god buzz - Head first så på dick, bare twerk it - Bytt tur, hun venninna vil ha mer - Head first inn i pussy som en döner - Har en big tanks som er klar til avfyre, på en digg dum deilig dame ifra Oslo Vest - Og det går så helvete - chugger ned drikken - To shots, jeg går funky - Mange bad girls her som vil ligge med meg - Bad bitch bust gå low for meg - Pussy i mitt fjes, Hello Kitty - Bitches, spenn og dope - Alle digge damer de må drikke.»

Jau da – dette er sitat frå nokre av songane til Beathoven, og eg kunne fortsette lenge.

Bandet har attpåtil vunne Spelemann for beste Partymusikk! Ikkje visste eg at partymusikk og russevås var i same kategori. At dei kan spele for vaksne folk som vel å høyre på dette, greitt nok. Men eg må spørje om nokon i Jernåttbookingavdelinga har hatt ein god dag på jobb når dei tenkte at dette er noko små 5- eller 12-åringar skal gå rundt å nynne på i kvardagen?

Tekstane er tettpakka av strofer med ulovleg (!) syn på bruk av narkotika, ein utagerande festekultur, og eit forkasteleg syn på kvinner generelt.

Ein kan gjerne ha ulike syn på festing, sex og livsstil for vaksne folk. Men eg trur at dei fleste meiner at barn skal skånast for dette lengst mogeleg.

Dei må tidsnok forhalde seg til diverse innan vaksenlivet. I ei formbar fase er det ikkje Beathoven dei treng.

Sender eg tenåringane på Litla Jærnåttå med bandet Beathoven? Nei!

Høyrer gjerne frå Jærnåttå om korleis dei klarte å sleppe dette gjennom.

I tillegg hadde det vore interessant å høyre kva hovudsponsor Nordic Steel tenker om dette. Er det gjennom slik musikk og slike tekstar dei ønsker å profilere seg?