Nyleg blei nye Pisa-resultat publiserte. Tala for norske 15-åringar er urovekkjande. Samtidig burde dei ikkje kome som lyn frå klar himmel.
For dette handlar ikkje berre om kva 15-åringar presterer på ein prøve. Det handlar om ei utvikling me har sett skje rett framfor nasen vår.
Lærarar som fortel om elevar som strevar med å halde merksemda over tid. Om undervisning som må brytast opp eller tilpassast fordi tretti minutt kan vera ei pine.
Som mor gjer dette meg uroa.
Som spesialpedagog får det meg til å stille følgjande spørsmål:
Kva er det me har endra i oppveksten til barn dei siste ti–femten åra?
For barna våre har ikkje plutseleg blitt svakare, mindre intelligente eller mindre lærevillige. Men miljøet rundt dei har endra seg drastisk.
Dagens unge veks opp med tilgang på stimuli som ingen generasjon før dei har sett maken til. Underhaldning er tilgjengeleg heile tida. Daudtid kan fyllast med ein skjerm. Kjedsomhet kan fjernast på sekund. Innhald blir presentert i eit tempo me ikkje er i stand til å henge med på, og konkurrerer kvar einaste dag om merksemda vår.
Me vaksne står heller ikkje utanfor denne utviklinga. Eit stadig meir digitalisert samfunn har gjort telefonen til ein nærast konstant del av kvardagen vår. Skal me lære barna å vere til stades og tole å kjede seg, må me også sjå på eigne vanar. Barn gjer ikkje berre som me seier, dei ser på kva me gjer.
Aldri før har me hatt så stor tilgang på ressursar og kompetanse. Likevel har det aldri vore så forvirrande å vera forelder. Me ønskjer alle å gjere det rette, men står i eit enormt krysspress av råd om ulike foreldrestilar, grensesetjing, kosthald, søvn, og kva det eigentleg vil seie å vere ein god forelder.
Samtidig verkar det som me vaksne har blitt meir redde for å stille krav.
Me skal forstå, anerkjenne og møte barna der dei er. Og det skal me sjølvsagt. Kunnskapen me har fått om barns behov og utvikling er verdifull.
Men ein stad på vegen kan det verke som om forståing har blitt forveksla med fråvær av grenser.
Barn treng varme vaksne. Men dei treng også vaksne som toler å stå i eit nei. Som lærer dei at ikkje alt er lystbetont. At ein ikkje alltid får bestemme. At noko kan vere vanskeleg utan at det er farleg.
For sjølvregulering kjem ikkje ferdig installert.
Den blir utvikla gjennom tusenvis av små erfaringar: å vente, prøve igjen, tape eit spel, avslutte noko ein likar, sitje gjennom ei forteljing, lytte når andre snakkar, handtere eit nei og oppdage at frustrasjonen faktisk går over.
Dette er ikkje berre skulen eller barnehagen sitt ansvar. Og det er heller ikkje berre foreldra sitt.
Det er eit kollektivt ansvar.
Når stadig fleire barn strevar med regulering og læring, kan ikkje løysinga berre vere at barnehagen skal tilpasse meir, eller at skulen skal individualisere meir.
Me må også våge å vera til kritiske miljøet me har skapt rundt.
Kanskje PISA-resultata bør vere meir enn ei ny runde med diskusjon om norsk skule.
Kanskje dei bør vere eit varsku om noko langt større.
For dersom barn får stadig mindre trening i å konsentrere seg, handtere motstand eller regulere vanskelege følelsar, kan me ikkje bli overraska når dei seinare strevar med nettopp dette.
Spørsmålet er derfor ikkje berre kva skulen skal gjere for å få betre PISA-resultat.
Spørsmålet er kva slags barndom me vil gje barn for at dei skal bli mest mogleg robuste og sjølvstendige.
Og kanskje er det på tide at me vaksne rundt tek meir av ansvaret.