- Når folk har gløymt passordet og mistar tilgang til Vipps eller til Helsenorge, stoppar ting fort opp. Det er alvorleg, seier Tamur Butt og Thomas Fiveland i Telenor-butikken på M44. Dei hjelper folk i digital naud kvar dag.
- Når folk har gløymt passordet og mistar tilgang til Vipps eller til Helsenorge, stoppar ting fort opp. Det er alvorleg, seier Tamur Butt og Thomas Fiveland i Telenor-butikken på M44. Dei hjelper folk i digital naud kvar dag. Foto: Ingeborg Eliassen

– Minst fem gongar kvar dag kjem folk som har gløymt passordet sitt. Nokre trur at me har det, seier Tamur Butt og kollegaen Thomas Fiveland.

Andre kjem og seier dei ikkje får inn mail lenger, eller lurer på om dei har fått ein e-post som er svindel og som dei vil me skal sjekka, fortel dei.

– Mange kjenner ikkje igjen systemet dei har handtert før, men som er blitt endra etter ei oppdatering på mobilen.

Når folk har gløymt passordet eller ikkje klarar å logga seg inn av andre grunner, og dei mistar tilgang til Vipps eller til Helsenorge, stoppar ting fort opp, slår Butt og Fiveland fast.

– Det er alvorleg, seier dei.

Verdas mest digitaliserte land

Dei to jobbar i førstelinja i digitaliseringa av Norge, i Telenorbutikken på M44 på Bryne.

Regjeringa har sett som mål at Norge skal vera verdas mest digitaliserte land innan 2030.

Men langt ifrå alle er i stand til å henga med på denne ferda, der ein etter kvart må kunna bruka tenester på nett for å ta vare på seg sjølv i kvardagen: Betala rekningar, sjekka skattekortet, bestilla flybillett, månadskort på toget eller kinobillett, halda orden på legetimar eller skaffa informasjon om eiga helse.

Utan smarttelefon, nettbrett eller pc er det vanskelegare enn før å halda seg orientert. For dei som ikkje kan eller vil ha digitale tenester, er tenestene ofte dyrare og meir tungvinte enn for andre.

Digital utanforskap er eit kjempestort problem. Og det vil ikkje ta slutt, trur Anne Kari Tinnesand, biblioteksjef Klepp.
Digital utanforskap er eit kjempestort problem. Og det vil ikkje ta slutt, trur Anne Kari Tinnesand, biblioteksjef Klepp. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

9.000 som ikkje heng med

Rundt 850.000 personar – rundt kvar femte vaksne – er «digitalt sårbare», meiner Digitaliseringsdirektoratet.

Viss dette fordeler seg jamt ut over landet, skulle det bli over 9.000 personar i Klepp, Time og Hå.

Dei fleste som kjem til Telenor-butikken i kjøpesenteret, er folk over 50, seier Butt og Fiveland.

– Mange er fortvilte. Men også letta over å få hjelp. «Alle» kjenner sjefen her og veit at me ser på dette som service, seier Tamur Butt.

Han og kollegaen klarer ofte å løysa problemet kunden kjem med, seier dei.

Folk i alle aldrar kjem for å få hjelp med mobilane sine, seier Tamur Butt i Telenorbutikken. - Men dei over og under 50 har ulike typar problem, seier han.
Folk i alle aldrar kjem for å få hjelp med mobilane sine, seier Tamur Butt i Telenorbutikken. - Men dei over og under 50 har ulike typar problem, seier han. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Forsvunne passord sit dei ikkje med. Men dei hjelper eigaren å manøvrera på mobilen etter «gløymt passord».

– I ni av ti tilfelle får kunden tak i passordet sitt igjen, seier dei.

Dårlege digitale løysingar

Dei mest vanlege grunnane til at folk ramlar av i digitaliseringa, er at dei ikkje forstår korleis det fungerer, eller at dei digitale løysingane er dårlege.

Ein del har ennå ikkje Bank-ID, og mange har dårleg helse. Nokre skjønnar ikkje språket, og ein del har ikkje råd til utstyret eller manglar internett.

Før kunne ein ringa til bedrifter og etatar og rekna med at eit menneske svarte i andre enden.

I dag ligg telefonnummer ofte godt skjult på heimesidene, og ein må ha god tid viss ein vil venta på svar.

I staden har svært mange vaksne søner og døtrer blitt avgjerande hjelparar for aldrande foreldre som ikkje klarar å handtera smarttelefon eller nettbank.

Ikkje alle har slik assistanse. Nokre av dei dukkar opp i Telenorbutikken, i frivillige organisasjonar – eller på biblioteket.

Biblioteket tar saka

– Me får desse spørsmåla uansett. Derfor har me bestemt oss for å bli gode til å svara på dei, seier Anne Kari Tinnesand, biblioteksjef i Klepp.

Hos henne og kollegaane i det mellombelse lokalet i Klepphallen har dei digihjelp i heile den bemanna opningstida.

– Me har bestemt oss for å bli gode på å svara på spørsmål som me får uansett, seier Anne Kari Tinnesand, biblioteksjef Klepp.
– Me har bestemt oss for å bli gode på å svara på spørsmål som me får uansett, seier Anne Kari Tinnesand, biblioteksjef Klepp. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Digital utanforskap er eit kjempestort problem. For mange er det avgjerande å få hjelp og støtte. Men det finst færre og færre bemanna stader å spørja om råd. I Klepp skal folk vita at dei i alle fall har éin stad å komma når dei står fast, seier ho.

Til biblioteket kjem folk som treng hjelp til å orientera seg på nett – til å melda flytting, med å senda e-post og om alt mogleg anna.

– Dette tar ikkje slutt

Det hender også at folk kjem med Bank-ID-brikka si og vil ha hjelp til å komma inn i banken sin, ifølge Tinnesand.

Men den kan personalet ikkje ta i. Bank-ID er strengt personleg, og det er ulovleg å la andre bruka den.

– Då blir det å hjelpa med hendene på ryggen, seier ho.

Det går godt an å gjera det digitale livet litt enklare for folk, meiner biblioteksjefen. Ho peiker på at mange nettstader stadig blir oppgradert og oppdatert med ny utsjånad eller nye funksjonar som gjer at brukarane må orientera seg på nytt.

Det er likevel feil å tru at alle etter kvart vil vera i stand til å delta i det digitale samfunnet, meiner Tinnesand.

– Me må ikkje tru at dette tar slutt. Nye folk ramlar av kvart år, seier biblioteksjefen i Klepp.