Den 1. januar 2001 gjekk Bryne offisielt over til å verte ein by.
Overgangen frå bygd til by var ein formell prosess. Den tyda ikkje endringar i verken budsjett eller overføringar frå staten til Time kommune.
Samstundes syner overgangen òg ei trend som prega Bryne i det siste tiåret i det førre hundreåret. Ei trend som òg fortsette inn i det nye tusenåret, og som går vidare i dag.
Bryne var ein stad i vekst. Det dukka stadig opp nye andlet på Bryne desse åra.
Ei av dei som hadde flytta til Bryne rundt tusenårsskiftet var Gunn Merete Lode. Ho hadde til då budd på Nærbø. Det var her ho vaks opp frå ho kom til verda i juli 1969.
August 1988
Jamvel om ho flytta seg ein stasjon nordover, hadde ho halde fram i jobben ho hadde på Jæren Everk. Det var ei bedrift kor folk stort sett vart verande.
Her hadde ho jobba det meste av tida sidan ho utdanna seg til teknisk teiknar.
Den dåverande e-verkssjefen, Alv Hetland, hadde begynt i jobben på Nærbø i 1987. Han hadde vore der litt over eit år då Gunn Merete Lode begynte i jobben i august 1988, 19 år gammal.
– Då eg tilsette ho, såg eg på ho som ei stabil og stødig dame frå Hå. Ho kom til oss etter at ho var ferdig utdanna teknisk teiknar.
100 prosent safe
Ho budde ei tid i etasjen over e-verket. Seinare flytta ho inn i bankbygget på Nærbø.
– Eg vart spurd av ein som sat i styret der. Han kom innom kontoret etter at ho hadde søkt om leilegheit der. Då svara eg at det er 100 prosent safe, seier Hetland.
Mykje av arbeidet til Gunn Merete Lode var ute i felten, saman med kollegaer. Då e-verket la kablar i byggefelt eller andre meir landlege stadar i Hå, skulle ho målsetje dei. Det vil seie at ho førte ned koordinatane.
Så kom ho attende til kontoret. Der var det eit sort lysbord kor ho kunne legga fram kart, og teikna inn kor straumen gjekk. I den tida var alt enno analogt.
Eit omsorgsmenneske
Då Alv Hetland begynte som sjef på e-verket i 1987, var det 32 tilsette. I det daglege hadde dei tette band.
Dei åt saman og nokre gonger kom dei saman på tilstellingar på jobben.
Den gamle sjefen trekk fram nokre trekk med ho.
– Ho var nøyen. Veldig rettferdig, opptatt av orden og at ein skulle ha det triveleg saman. Ho var roleg av natur og kunne skilja mellom rett og gale.
Samstundes var ho oppteken av familien, venner og dei på arbeidsstaden. Det vert stadfesta av at ho vart verneombod på Jæren e-verk.
Dagens sjef på e-verket, Birger Høyland, er ein av omtrent ei handfull kollegaar som framleis jobbar i Bernervegen 28 på Nærbø.
Han kom dit i 1999, og jobba saman med Gunn Merete Lode omtrent halvtanna år.
– Ei me sette veldig pris på
Det han fortel om ho i kvardagen på jobben speglar mykje av det som den gamle sjefen seier:
– Ho var flink og nøyen. Strukturert og alt var på G. Ho var òg særs lojal, men var bestemt og kunne sei ifrå om ting på sin måte.
– Me mista ei me sette veldig pris på, seier Høyland.
Laurdag 25. august 2001 var ein spesiell dag i Noreg.
Kronprins Haakon gifta seg med Mette Marit, og kring i landet samla folk seg. Gunn Merete Lode hadde helg, som sine kollegaer.
Ho var ute med nokre veninner. Og hadde vore ute i Sandnes.
På heimveg
Då ho kom attende til Bryne, var ho ute litt til før ho kryssa jernbaneundergangen og gjekk inn i Hetlandsgata.
Den gong var den gata prega av industri. Det var ikkje ein stad kor det budde hundrevis av menneske. Ho gjekk vidare, og gjekk i Herikstadvegen mot heimen i Soleheimsfeltet.
Rett før ho kom staden kor Lyngbakken går opp og ein kan gå ned til Bryne Stadion. I Nordisk Kriminalkrønike frå 2006 har tidlegare redaktør i Jærbladet, Kjell Olav Stangeland, skrive utførande om kva som skjedde.
Litt før klokka 03:00 om natta ringde bror til eit vitne politiet. Meldinga som kom lydde slik:
«Eitt eller anna har skjedd i Herikstadvegen på Bryne. Bror min har sett et par som kranglet, og det skal visst nok vere ein kniv med i bildet.»
Då politiet kom til åstaden, fann dei Gunn Merete Lode død.
Men ho hadde ikkje noko på seg som mogleggjorde å identifisere henne. Drapstidspunktet vart slått fast til å vere 02:46, natt til søndag.
VG på tråden
Det var fyrst om søndagen på dagen at politiet fann ut kven offeret var. Søstera fortalde til Jærbladet nokre år seinare at mora hadde fått ei kjensle om at det var Gunn Merete.
Saman med faren drog ho til Bryne. No visste politiet kven som var drepen.
Det dei ikkje visste, og som skulle ri saka som ei mare, var kven gjerningspersonen var.
E-verkssjef Alv Hetland fekk telefon søndag morgon.
– Det var før nokre visste noko, men dei sa det var truleg Gunn Merete. Så ringde VG litt etter og det var litt sjokkerande. Men eg sa eg ikkje visste noko.
Han og kona gjekk tur frå bustaden på Rosseland i retning åstaden. Då dei kom til Herikstadvegen, såg dei teltet som politiet hadde sett opp.
– Det var gruvsamt å stå der og ikkje kunne sei noko. Då var det meir klart at det var Gunn Merete.
Søndag ettermiddag kom bedriftshelsetenesta heim til Alv Hetland. Saman la dei ein slagplan for arbeidsdagen neste morgon.
– Me samlast alle. Me tende eit eller to stearinlys, og gjekk gjennom det som hadde skjedd. Me drog det ikkje ut. Men eg sa at folk kunne gjere som dei ville den dagen. Dei måtte fyrst og fremst tenke på seg sjølve.
Utanfor arbeidsplassen hadde det òg samla seg journalistar. Hetland veit ikkje kven dei var, men han tok omgåande ei avgjerd:
– Me låste dørene slik at ingen kom inn.
Han gav eit kort intervju på telefon til Jærbladet om minnestunda. Utover det kom det lite ut frå arbeidsgjevaren den gong.
– Den fyrste tida var tung. På Jæren Everk kom det stadig opp eitt spørsmål: Kven hadde gjort dette?
Biletet i garasjen
25 år seinare har livet gått vidare for dei fleste. Og dei gamle kollegaene til Gunn Merete Lode. Alv Hetland var i kontakt med familien i lengre tid etterpå.
I dag er han pensjonist. Og til den dagen han gjekk av hadde han eit bilete av Gunn Merete, som han konsekvent kallar ho, hengande på kontoret. Han tok det med seg heim då han slutta.
– I dag heng det i garasjen. Det heng slik at kvar gong eg køyrer ut eller kjem heim, så ser eg ho Gunn Merete, seier han.
Eit spørsmål som gjekk igjen på Jæren Everk var: Kven hadde gjort dette.
Det var lensmannen i Time, Geir Magne Aanestad, som fekk i oppdrag å finne ut kven gjerningspersonen var.
Det viste seg snart at det var skilnad på bygd og by.