Nå går diskusjonen om eventuell tomt til grendahall på Klepp stasjon.

Eit av to alternativ som administrasjonen i Klepp kommune har innstilt på, er Kvednadalen.

Tomta i Kvednadalen er i eit friområde med ein flott eikelund til glede for lokalmiljøet på Klepp Stasjon. Det ligger nesten «vegg i vegg» med skule og barnehage, og tett på bebyggelse.

Som friområde er det unikt på Jæren, med masse store og flotte eiketre som er lett tilgjengelig.

Etterkvart som Klepp Stasjon bygges ut er det enormt viktig at me tar vare på desse unike områda, nær natur til glede for store og små.

Alternativet som ligg inne vil føre til ei nedbygging av den delen som i dag er eit sauebeite. Det vil forringe området og gjere det for lite til å fungere som eit rekreasjons/friluftsområde.

Eg håper folk på Klepp Stasjon som er opptatt av å bevare gode friområde for seg og sine barn bruker sin stemme til å seie klart og tydelig frå om at Kvernadalen må bevares.

Det ønsker me i Venstre veldig sterkt, men me treng å få med oss fleire i kommunestyre 14. september.