Det har tatt ei veke for Jærbladet å komma til botnen av gravearbeidet som i det siste har gått føre seg i Prestegardsmarka på Lye, rett ved Coop Extra-butikken.

Det begynte som eit enkelt spørsmål etter eit tips: Kva er denne gravinga for noko og kor lenge skal dei halda på?

Kvifor grev dei?

Jærbladet er kjent med at det dreier seg om noko så enkelt som å kopla vatn og avløp mellom det kommunale nettet og brakkebyen som er under oppføring i Larheia, men det hadde vore greitt å få det formelt stadfesta.

«Derfor grev dei her» er ein klassikar innan lokalavisjournalistikken, og vanlegvis lite komplisert: Du ser noko, eller får tips om noko som skjer langs vegen, du sjekkar med dei som er ansvarlege og du tar eit bilde og skriv kva det er og kor lenge det skal vara. Blir det omkøyring eller innsnevringar av trafikken skriv du det òg.

Dette er nært og nyttig stoff for lesarane. Av og til hender det at dei som grev sjølv tipsar avisa om arbeidet, særleg om det får konsekvensar for nærmiljøet eller dei vil be folk visa ekstra omsyn til dei som jobbar på staden.

Gangstien blei stengt på grunn av arbeidet. Kor lenge og kvifor, er to opplagte spørsmål det har vist seg uvanleg vanskeleg å få svar på.
Gangstien blei stengt på grunn av arbeidet. Kor lenge og kvifor, er to opplagte spørsmål det har vist seg uvanleg vanskeleg å få svar på. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Frå Lye fekk Jærbladet tips frå publikum, som lurte på kva gravinga var for noko. Tipsaren hevda òg at dette arbeidet, som stengde av gangstien mellom butikken og Lyevegen, ikkje var meldt til innbyggarane. Tipsaren meinte dette var for dårleg.

Etter ei vekes arbeid har Jærbladet klart å henta inn kommentarar frå dei som er ansvarlege.

Utbyggaren ville ikkje svara

Det var fredag førre veke at me kontakta kommunen om saka. Kommunen svarte at det ikkje var deira arbeid, men stadfesta at dei hadde gjeve graveløyve. For vidare spørsmål kring formålet med og omfanget av gravinga, viste dei til byggherren.

Jærbladet kontakta entreprenørfirmaet Backe, men kommunikasjonssjefen der kunne fortelja at reint formelt er det ikkje lenger dei som bygg korkje datasenteret på Undheim eller brakkebyen til dei som skal bygga det.

Den jobben er det nå DC Nordic, eit konsortium forma av Backe og Bravida, som har. Kommunikasjonssjefen i Backe, Stein Inge Jærnes, viste derfor til Roy Ove Svarstad i DC Nordic.

Fredag ettermiddag førre veke lukkast det Jærbladet å få fatt i Svarstad. Han ønska ikkje å svara på spørsmål om gravinga i Prestegardsmarka.

Slik såg det ut i Prestegardsmarka på Lye i førre veke. Eit stort hòl, men utførande entreprenør rakk fint å fylla det før nokon klarte svara på kvifor dei grev.
Slik såg det ut i Prestegardsmarka på Lye i førre veke. Eit stort hòl, men utførande entreprenør rakk fint å fylla det før nokon klarte svara på kvifor dei grev. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I staden viste han vidare til eit anna firma, Planum Prosjekt. Svarstad ville ikkje svara på spørsmål om kva som er Planum si rolle i prosjektet.

Jærbladet kontakta så Planum. Torsdag, etter noko fram og tilbake, fekk Jærbladet eit endeleg svar frå dei: Dei var ikkje rett adressat for våre spørsmål. I staden viste dei tilbake til DC Nordic.

Hevdar dei fekk munnkorg

Nye forsøk på å kontakta Svarstad i DC Nordic via telefon og SMS torsdag førte ikkje fram.

Fredag tok han telefonen, men berre for å seia at han ikkje hadde lov til å uttala seg.

Det var det, ifølge Svarstad, Green Mountain, ved kommunikasjonssjef Mette Berger Gulbrandsen, som skulle gjera.

Green Mountain er firmaet som skal driva datasenteret på Undheim når det er ferdig bygd.

Svarstad sa ingenting om dette då Jærbladet kontakta han i førre veke, men denne veka sa han altså at DC Nordic har fått pålegg om ikkje å uttala seg.

På spørsmål om når dette pålegget kom, svarte han at det kan han ikkje hugsa.

– Misforståing

Kommunikasjonssjefen i Green Mountain, Mette Berger Gulbrandsen, var på reise, men skreiv i ein SMS til Jærbladet tidleg fredag ettermiddag at «her har det nok vært en misforståelse».

Brakkeriggen er DC Nordic sin, så dei er dei rette til å svara, skreiv ho.

På eige initiativ vidaresende Gulbrandsen Jærbladet sine spørsmål til DC Nordic si kommunikasjonsavdeling. Den viser seg å vera leia av Stein Inge Jærnes, som òg er kommunikasjonssjef i Backe. Det var han som i utgangspunktet sende Jærbladet vidare til Svarstad.

Fredag 18. september klokka 14:01 tikkar det inn ein e-post frå Jærnes.

I e-posten stadfestar han at gravearbeidet er grøfter for å legga vatn og avløp inn til brakkeriggen i Larheia.

Arbeidet har halde på i tre veker. «Arbeider med revegetering og kantstein/ asfaltering er planlagt ferdigstilt i uke 41», skriv Jærnes.

Då grøfta skulle kryssa Prestegardsmarka måtte vegen mellom butikken og Lyevegen leggast om mellombels. Jærnes skriv at dei i samband med dette etablerte ein skiltplan og at dei hadde trafikkdirigent som handterte trafikken så lenge arbeidet gjekk føre seg.

«Alle berørte naboer har blitt varslet gjennom mottatt nabovarsel før tillatelse ble innvilget», skriv han.