Kjøpet av cirka 135 meter veg, for 300.000 kroner, vart tinglyst 3. april. Seljaren av vegstubben er Bjørn Bryne, som har hatt ei usemje med Ståle Kyllingstad og Ane Mari Braut Nese på Re.
Lokalpolitikarane sa ja til planane deira om å renovera ei gammal løe. Sambuarane var avhengige av dispensasjon frå kravet om å laga detaljplan som viser korleis eigedommen skal fortettast med bustader.
Bryne klaga på planane. Han bur på Brynehaugen, men har halde på vegen som leier inn til Kyllingstad sitt hus.
– Det er praktisk å ha hand om vegen som går mellom våre to eigedommar. Sjølv om det å eiga ein veg inneber å overta ansvaret for sårt trengde vedlikehaldskostnader, skriv Braut Nese til Jærbladet.
Krangel om veg
Industrigründeren kjøpte einebustaden på Re i 2012. Seljaren av den to mål store tomta var Finn Underhaug.
Same haust kjøpte Kyllingstad ein større landbrukseigedom, med bustad, løe og uthus, på oppsida av vegen.
Til saman gav han 13,65 millionar kroner for eigedommane, men han fekk ikkje vegen som ligg mellom dei.
Bjørn Bryne selde jorda, som ligg aust og vest for eigedommane til Kyllingstad, til ein bonde i 2016–17.
Sjølve gardstunet vart selt utan jord, i 2020, med unntak av ein fråskilt bustad som vart selt i 2018.
Heldt på vegen
Bryne fekk i overkant av 18 millionar kroner for dei nemnde eigedommane, men heldt på vegstubben.
Han meiner kommunen har oversett at Kyllingstad ikkje eig vegen, under behandlinga av løeplanane.
Tidlegare har han også peika på at planane endrar på ein steingard som han meiner han er med og eig.
«Time kommune ser helt bort fra at jeg er eier av veien – gnr. 3 bnr. 849. Dette nevnes ikke. Det finnes ingen tinglyst veirett for tiltakshaver», skreiv han i ein klage på vedtaket til utval for lokal utvikling.
Jærbladet har ikkje lukkast i å få kontakt med Bryne om saka.
Klaga til Statsforvaltaren
I eit svar argumenterte Åshild Slettebø i Arkitektkontoret Vest med at vegretten er opparbeidd ved hevd.
Hevd er rettsreglar som gjer at ein gjennom langvarig bruk i god tru kan bli eigar av eigedom eller lausøyre, skriv Store norske leksikon.
Bruksrettar, som ein vegrett, kan også etablerast ved hevd.
Kommunedirektøren støttar dette og har i tidlegare saksutgreiing vist til at eldre flyfoto syner at det har vore avkøyrsler på staden i lengre tid til eksisterande uthus, driftsbygning og bustadhus.
«Etter kommunedirektøren si vurdering er det i klagen ikkje vist til opplysningar som tilstrekkeleg sannsynleggjer at vegrett til det aktuelle bygget ikkje er sikra, jf. pbl. § 27-4.»
Naboklaga vart sendt til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd.
I saksbehandlinga kan Statsforvaltaren, ifølge forvaltningsloven § 34 andre ledd, prøva alle sider av saka.
Slik Jærbladet har skrive tidlegare, gjorde Statsforvaltaren om det kommunale vedtaket og oppheva dispensasjonen til å renovera løa.
Innvendingane om vegen eller steingarden vart ikkje lagde vekt på i vedtaket, som stadfesta at Kyllingstad og Braut Nese må utarbeida ein reguleringsplan dersom dei vil gå vidare med renoveringa.
Fekk nytt nei
Det endelege vedtaket kom svært seint, etter nesten åtte månader.
Då hadde kommunen for lengst behandla byggesøknaden og gjeve igangsettingsløyve til planane.
– Kva vil de gjera vidare nå? Gjev de opp? Eller kjem de til å utarbeida ein detaljreguleringsplan, slik vedtaket krev? spurde Jærbladet i februar.
– Me vurderer nå kva me må gjera for å koma i mål, svarte Ane Mari Braut Nese.
På vegner av sambuarane sende Advokatfirmaet Schjødt eit brev til Statsforvaltaren, der dei bad om at avslaget vart gjort om.
Det har Statsforvaltaren, i eit svar datert 12. mars, sagt nei til.
Bygger erstatningsbustad
Sambuarane går kreativt til verks for å gjennomføra løe-planane, som vart søkte om tilbake i november 2023.
– Me leverte ny søknad om å bygga på eigedommen i går. Det vil sikkert visa i postlista om få dagar. Me søker om å riva den gamle bustaden og oppføra ein erstatningsbustad, skriv Braut Nese til Jærbladet nå.
Løysinga er akseptert av byggesaksavdelinga i kommunen, som er positiv til å gje dispensasjon frå plankravet.
Ein søknad der den eksisterande bustaden blir riven og det blir lagt til rette for auka utbygging på eigedommen (med fire bustader), kan ha større moglegheit for å kunna bli godkjent også av Statsforvaltaren.
Byggesakssjefen meiner det vil vera urimeleg å krevja reguleringsplan for å erstatta ein eksisterande bustad.
Men også denne løysinga må sendast på høyring.
«Vi har ingen påvirkning på eller mulighet til å avklare med klageorganet hvordan de vil vurdere en eventuell klage på dispensasjonen», har byggesakssjef Svein Harald Dyngen skrive til arkitekten.