– Viss det var sånn at eigedommen var i 0 for fellesrådet, og det ikkje kosta oss noko å ha han liggande der, kunne me berre sagt at han kan ligga til me skal utvida kyrkja ein eller annan gong i framtida.
Men sånn er det ikkje, seier kyrkjeverje Jostein Aarbakke Tollaksen. Han har spurt kommunen om å kjøpa Carlsen-eigedommen.
– I og med at me har løpande renteutgifter og reelle utgifter på bygget som står der, blir det for dyrt for oss å ha han.
Eigedommen er kjøpt med lånte pengar. Time kommune, som gav dei lånet, har sikra seg pant i eigedommen.
Planla stor barnehage
Kyrkja måtte ut 6,5 millionar kroner for eigedommen på Brynehaugen. Kommunestyret sa ja til låna ut pengane i 2018.
For dei fekk kyrkja ein eldre einebustad, to parkeringsplassar i felles garasjeanlegg og ei tomt på 681 kvadratmeter.
Nærleiken til Bryne kyrkje gjorde det mogleg å tenka seg ei utviding med plass til 60–70 barnehagebarn og nytt kyrkjekontor.
– Han vart kjøpt med tanke på å utvida barnehagen i Brynekyrkja. Me ville bygga ut barnehagen slik at han vart drivverdig – det er klart at 20 ungar er for få til driva rasjonell barnehage. Det var oppe i Time kommune, som ikkje gjekk vidare saman med oss om planane.
Sa nei til planane
Kyrkja brukte nesten halvannan millionar på arkitektteikningar og reguleringsarbeid, som dei så la fram for politikarane i Time.
Då var prislappen komen opp i 68 millionar kroner. Kyrkjekontoret åleine kosta 32 millionar.
Kommunen har eit lovpålagt finansieringsansvar, men denne løysinga ville blitt vesentleg dyrare enn å leiga eit kontor i sentrum.
Anders Undheim – pastor, statsautorisert rekneskapsførar og KrF-politikar – kalla forslaget galskap.
I tillegg kom kostnaden med å utvida barnehagen, til 36 millionar, som Time kyrkjelege fellesråd måtte finansiera.
Året var 2024, og kommuneøkonomien var skral. På same tida vart Lyefjell barnehage føreslått lagt ned på grunn av overkapasitet.
Slutta med barnehagar
Seinare på året kasta kyrkja korta på Undheim. Dei bad kommunen om å kjøpa barnehagen dei hadde drive i bygda sidan 1987.
I 2026 var det barnehagen i Brynekyrkja, skipa i 1981, sin tur. Vedtaket om siste driftsdag 14. august vart fatta på nyåret.
I september konkluderte kyrkja at det ikkje er nokon grunn til å sitta på eigedommen når dei ikkje skal bygga barnehage.
«Eigedomen medfører løpande rente- og driftskostnader som i betydeleg grad overstig inntektene frå utleige av bustaden til Time kommune», står det i tilbodsbrevet til kommunen.
Kyrkja føreslår i staden at kommunen tar over som eigar, mot ein kompensasjon som speglar prisstiginga på eigedommar på Bryne.
Har brent inne med eigedom før
Grunnboka viser at Time kyrkjelege fellesråd tok over Carlseneigedommen frå Jæren Hotell Eiendom hausten 2021.
Då partane inngjekk ein opsjonsavtale i 2018, var føresetnaden at fellesrådet først greidde å kvitta seg med ei annan eigedom.
Fellesrådet fekk i 2017 eit lån på 8,5 millionar kroner av kommunen, som dei brukte på å kjøpa ei barnehagetomt sør på Bryne.
Etter kort tid skrinla dei planane om å bygga barnehage på Stemmen, og jobba heller vidare med å utvida kyrkja på Brynehaugen.
Fellesrådet var sittande med tomta og drog på seg renteutgifter i fleire år, før dei omsider greidde å finna ein kjøpar.
Det skjedde etter ei reguleringsendring i 2021. I staden for barnehage, har eigedomsutviklarar bygt rekkjehus på tomta.
Hemmeleg pris
Gjennom kommunen har Jærbladet fått innsyn i tilbodsbrevet frå fellesrådet, med eitt unntak: den nøyaktige prisen kyrkja krev.
Kommunen meiner at innsyn i den konkrete kjøpesummen på nåverande tidspunkt kan svekka kommunen si forhandlingsstilling.
Heller ikkje kyrkjeverje Jostein Aarbakke Tollaksen ønsker å røpa summen.
– Når me er i ein prosess der me skal kvitta oss med eigedommen, trur eg ikkje det er lurt å gå ut med den i avisa. Nå veit me ikkje kva Time kommune vil gjera med tilbodet, så det blir eit framhald i denne historia.
Sidan Carlsen-eigedommen er det einaste tilgjengelege arealet å utvida kyrkja på, har dei ikkje heilt gjeve opp vidare planar.
Det er eit «strategisk viktig areal» kommunen får tilbod om å kjøpa, skriv Time kyrkjelege fellesråd i tilbodsbrevet:
«Bryne er ein by i vekst, og det må reknast med at behovet for utviding av Bryne kyrkje vil melde seg på eit seinare tidspunkt.»
Frist fram til nyttår 2027
Ved hjelp av tal frå SSB estimerer fellesrådet at eigedommen er blitt 46 prosent meir verd sidan 2018, som gjev dei 9,49 millionar kroner.
Ut frå det fellesrådet skriv elles i brevet, meiner dei at det beløpet rimar godt med dei utgiftene dei har hatt i perioden som eigarar.
Brevet nemner både renteutgifter, andre faste kostnader og 1,4 millionar dei brukte på å utvidinga av kyrkja med eit nybygg.
Kyrkjeverja opplyser at fellesrådet inngjekk ein med seljaren, om perioden fram til dei formelt overtok eigarskapet i 2021.
Kommunestyret har to gonger gått med på å forlenga tilbakebetalingsfristen – inklusiv renter – med to år.
Den siste forlenginga gjer at fellesrådet har fram til 31. desember 2027 å innfri lånet til kommunen på 6,9 millionar.