Vigrestad skal få ny barneskule. Det har politikarane i Hå bestemt. I samband med barneskule må det òg byggast ein hall der elevane kan ha kroppsøving.
54 millionar for hall på Vigrest
Politikarane vil gjerne bygga han i lag med Vigrestad idrettsklubb. Då er det to ting som må falla på plass fyrst.
- Kommunen må klara å svara ut motsegna Fylkesutvalet har fremma mot planen om å bygga den nye skulen på ei tomt som ligg rett ved sida av anlegget til idrettsklubben. Fylkesutvalet vil nemleg at kommunen, før dei bestemmer seg, skal ta ei nøyare vurdering av tomta der dagens 1-4-skule ligg.
- Finansieringa må vera klar. Hallen vil kosta rundt 54 millionar kroner. Tanken er at idrettsklubben skal bygga han, og kommunen leiga på dagtid. Men før dei seier ja til å gå i gang, treng idrettsklubben ein garanti for at kommunen vil forskottera, slik at dei ikkje må li økonomisk last medan dei venter på utbetaling av tilskot.
Som Jærbladet tidlegare har skrive, er det om lag åtte års ventetid for å få utbetalt tippemidler og heile femten års kø for å få utbetalt kommunalt investeringstilskot.
Samstundes vil kommunen at hallen skal vera klar 1. august 2026. For at dette skulle gå i hop, tok kommunedirektøren til orde for å gjera eit særviltak om å forskottera desse pengane. Argumentet var at på den måten ville det ikkje påverka dei andre prosjekta som står i kø for tippemidler og kommunalt investeringstilskot.
Vilkåret er at skulen kjem på den tomta fleirtalet i kommunestyret allereie har sett seg ut.
I forkant av at politikarane diskuterte saka i kommunestyret torsdag, kom det signal til politikarane frå enkelte aktørar innan idretten om at eit slikt særvedtak likevel kunne bli oppfatta som "sniking i køen".
Alle var einige
I kommunestyret var det den uavhengige representanten Paul Skretting som var først til å ta ordet. Skretting sa det er viktig å oppretthalda samspelet som i dag er mellom kommunen og idrettslaga, samt aktiviteten i desse.
– Difor foreslår eg at kommunestyret ber om ei sak som skal vurdera, i samband med årsrekneskapen, å bruka av disposisjonsfond til å betala ned på etterslepet på investeringstilskot, sa Skretting, og la til:
– Det som er ekstra gildt for meg, er å kunna seia at dette er et felles tilleggsforslag på vegner av Framstegspartiet, Hå-lista, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og meg sjølv.
At det kjem eit fellesforslag på vegner av samtlege parti i kommunestyret, er svært sjeldan. Det var i alle fall ingen som var til stades som ga utrykk for at dei kunne hugse det hadde skjedd før.
Og desto lenger bak i tida ein går, desto mindre grunn er det til å tru det har skjedd, gitt den stridige naturen som prega Hå i mange år etter kommunesammanslåinga i 1964.
Torsdag var det i alle fall full harmoni i kommunestyresalen. Det enda med at alle representantane, venteleg nok, stemte for å gjera eit særviltak for å forskottera hallen på Vigrestad slik at han kan verta klar samtidig med den nye skulen. Dei ga òg beskjed til kommuneadministrasjonen om å sjå på korleis dei kan bruka av disposisjonsfond til å kutta ned på etterslepet på investeringstilskot.