– Det er nesten éin kilometer med ombygging av eksisterande stiar, og så plussar me på hundre meter ny løype som skal binda i hop dei to traseane, fortel styreleiar Torill Braut Nese.
Rundløypa vil utvida det totale turvegnettet i Njåskogen med om lag éin kilometer. Det vil vera «en betydelig berikelse» av skogen med omsyn til rekreasjon og turgåing, skreiv skogsforvaltar David Njå i byggesøknaden.
Eit like viktig mål er å gjera det lettare å tynna og stella skogen vegen går gjennom, forklarte han der.
Særleg lerkefeltet.
– Nå får me langt enklare tilgang til å skjøtta eitt av dei største lerkefelta våre, slik at det blir skikkeleg tømmer og ikkje berre lange stranglar, supplerer skogsforvaltaren i ei melding til Jærbladet.
Kan brukast med barnevogn
Den gamle vegen kunne brukast til tunge maskinar, men terrenget er ujamt og ikkje tilpassa tømmarbilar.
Etter oppgraderinga kan han brukast av rullestol- og barnevognbrukarar.
Time er ein av dei største eigarane i skoglaget, og Klepp kommune har behandla søknaden.
Jærkommunane har ein felles skogbrukssjef, Adrian Olesiak, som sit i Klepp.
Olesiak var positiv då søknaden vart sendt til Statsforvaltaren og fylkeskommunen for uttale, og vurderinga er den same i byggeløyvet:
«Det er et relativt lite tiltak som vil gi stor gevinst. For grunneier vil veien gjøre skjøtsel på eiendommen lettere. For turgående vil det åpne ny turmulighet og på den måten gjøre turtilbudet enda mer attraktivt.»
Torill Braut Nese fortel at arbeida måtte venta til frosten slapp taket, og at målet er å gjera seg ferdige før hekketida.
Ifølge byggesøknaden har oppgraderinga og utvidinga eit budsjett på 170.000 kroner.