Arealet ovanfor datasenteret er sett av til landbruk, men er blitt mykje brattare enn i planen kommunen godkjente i 2021.
16. oktober møtte kommunen arkitekten bak Green Mountain sitt datasenter og landbruksrådgjevaren dei har leigd inn.
Temaet var ein rapport frå Norsk Landbruksrådgiving (NLR), som meiner skråninga på bestemte vilkår kan brukast til beite.
Men føresetnadene for plantevekst er ikkje gode, poengterte landbrukssjefen i Time, Torfinn Nærland.
I tillegg til føresetnadene som går fram av rapporten, vart det under møtet opplyst at matjordlaget ikkje er tjukkare enn 10 centimeter.
Under topplaget er det ikkje noko planter kan veksa i – det gjer at jorda er utsett for tørke og frost.
I tillegg er skråninga opparbeidd med drensrøyr som leier vatnet bort frå overflata, og skal gjera at skråninga held seg stabil.
Avviser beiteløysing
Konvensjonelt jordbruk med maskinar er umogleg når stigingsgraden er 66,66 prosent og vinkelen på gradskjeva er nesten 34 grader.
Det er rett og slett ekstremt bratt, for å låna orda til plansjefen i Time.
Store husdyr er utelukka, men sau og geit kan beita der. Støyforholda for dyra er så langt ikkje vurderte.
Landbruksrådgjevaren i NLR skriv at kanonar og dronar må nyttast til å gjødsla beitet, men kommunen har ikkje trua på løysinga.
– Ressursbruken med gjødsling og generell drift av arealet vil vera høg, og kommunen er usikre på om dette er realistisk å gjennomføra i eit langsiktig perspektiv, står det i møtereferatet.
Basert på alt dette, meiner kommunen at skråninga ikkje kan sjåast på som landbruksareal i eit langsiktig perspektiv.
Det er problematisk sidan intensjonen med planen, ifølge kommunen sitt referat, var «å gi noko betre forhold for landbruk».
Tre alternativ
Kommunen veit ikkje om det er mogleg å tilføra meir jord og samstundes sikra at skråninga held seg stabil over tid.
Eitt alternativ er å be Green Mountain sjå på ei slakare terrengutforming, med å bygga ein tre meter høg mur bak datasenteret.
Under møtet vart det også skissert to andre alternativ. Begge inneber å sjå heilt bort frå landbruk i skråninga.
Eitt alternativ er å regulera området til industri – men det vil krevja ei skikkeleg grunngjeving, påpeika kommunen.
Eit anna alternativ kan vera å regulera eit parkdrag eller liknande, med krav om planting og vegetasjonsdekke og unngå erosjon.
Plansjef i Time, Ingvild Kjosavik, var ikkje tilgjengeleg fredag ettermiddag.