– Me føler helst at me spring rundt og gjer så godt me kan, og heile vegen brannsløkk litt. Me ser på lærarnorma som vårt siste sikkerheitsnett, som gjer at det ikkje går heilt over stokk og stein.
Det seier Karina Hæåk, som er lærar i 6. klasse på Motland skule.
Kommunekommisjonen har føreslått å skrote lærarnorma. Norma som blei innført i 2018 skal sikre eit tak for antal elevar per lærar.
Forslaget var på høyring fram til 16. april og skal behandlast i Stortinget. Dersom det går gjennom, meiner Hæåk at det er eit stort steg tilbake for tilbodet elevane får.
– Læraryrket er eit veldig kjekt yrke, og eg angrar ikkje på at eg utdanna meg til det. Men det er veldig travelt, med mange oppgåver som skal gjerast på kort tid, og det ligg eit stort ansvar for oppfølging av kvar enkelt elev, seier Hæåk.
– Mistar me lærarnorma, mistar me minstekravet for kva elevane har rett på.
Meir fridom til kommunen
Forslaget frå kommunekommisjonen blei lagt fram i januar.
Utvalet blei sett ned av regjeringa i fjor. Dei skulle finne ut korleis kommunane kan behalde velferdstenester, som skule og eldreomsorg, når det blir færre folk i jobb til å ta vare på dei som treng hjelp, skriv NRK.
KS, som er kommunesektoren sin interesseorganisasjon, ønskjer å overføre norma frå skulenivå til kommunenivå.
Det vil seie at i staden for at norma viser til antal lærarar per elev på kvart hovudtrinn på ein skule, blir kommunen gitt meir fridom til å prioritere og omfordele lærarressursane.
Sånn som dei sjølv skildrar det, vil ei slik overføring bety at kommunane får like mykje ressursar til lærarar per elev som i dag, men at fordelinga mellom trinn, skular og klassar blir meir fleksibel enn dagens «rigide» system.
Dei brukar som døme bykommunar med store sosiale forskjellar, der ei endring kan gjere det mogleg å flytte lærarressursar til trinn og skular der elevane treng mest støtte.
Hå vil bestemme sjølv
Hå og Time ønskjer også å overføre norma til kommunenivå. Klepp har ikkje sendt inn noko høyringssvar.
I høyringsuttalene sine skriv både Hå og Time at det lokalpolitiske moglegheitsrom har blitt svært avgrensa, og at dette over tid er ei stor fare for lokaldemokratiet og for velferdstilbodet til befolkninga.
Dei meiner at dagens ordning i praksis fører til forskjell i kva moglegheiter den enkelte skule har til å differensiere og tilpasse undervising til enkeltelevar, på grunn av at norma følger talet på elevar.
«Det vil si at en skole som har relativt mange elever på hvert hovedtrinn får betydelig mer lærertimer tilgjengelig til differensiert og tilpasset undervisning enn en skole med få elever per hovedtrinn», skriv dei.
Dei meiner at norma, slik den er utforma, har gitt ei jamnare fordeling av lærarressursar mellom skular, men at den ikkje nødvendigvis bidrar der behova er størst.
«Hå kommune støtter kommisjonens forslag om å flytte lærernormen fra hovedtrinn på hver skole til kommunenivå. Dette vil gi kommunen bedre mulighet for å sette inn lærarressursar der det er størst behov», skriv Hå.
Redd for færre ressursar til større skular
Ifølgje Utdanningsdirektoratet oppfylte 87 prosent av skulane lærarnorma i skuleåret 2022–23. Lærar Hæåk meiner at ei overføring av lærarnorma til kommunenivå vil pynte på tala.
– Legg du lærarnorma på kommunenivå vil det gå utover dei største skulane.
I dag skal det vere maksimalt 15 elevar per lærar på 1.–4. trinn, og maksimalt 20 elevar per lærar på 5.–10. trinn.
Hæåk forklarer at mindre skular som Høyland og Ogna naturlegvis har litt høgare lærartettleik, fordi det er færre elevar i klassen, og fordi dei sjølvsagt likevel må ha ein lærar.
– Lærarnorma vil på grunn av skulane med små klassar bli oppfylt i kommunens gjennomsnitt. Dei vil ikkje rekne snittet på kvar skule, som før.
Kommunekommisjonens forslag har også ført til reaksjonar frå blant anna Utdanningsforbundet, og lærarar i andre delar av landet som har stilt i media med bekymringa si.
– Eit vanvitig tap
Hæåk er redd for at ei norm på kommunenivå vil bidra til å rettferdiggjere færre ressursar på store skular – som for eksempel Motland.
Moglegheita for kutt meiner ho er urovekkande.
Ho opplever at den norske skulen, også hennar eigen arbeidsplass, allereie har for få vaksne til å følgje opp elevane, både av lærarar, miljøarbeidarar og andre.
– Blir lærarnorma fjerna eller flytta på kommunenivå, blir det eit vanvitig tap for først og fremst elevane våre som ikkje får oppfølginga som dei fortener, og tryggleiken dei skal ha på skulen.