Lars Krag frå Nærbø har vore bonde sidan tenåra. Rundt nyttår slutta han av. Broren, som frå før driv nabogarden, har tatt over delar av garden hans. Resten av kjelvene er omregulerte til bustadformål for lenge sidan.
Krag var sliten og lei av bondejobben, og lurte på kva han nå skulle ta seg til. Så fann han svaret: Starta kampsportsenter på løa.
– Tanken var at eg måtte nytta bygget og finna noko eg brenn for og har kompetanse i, seier Krag til Jærbladet.
Bruker sparepengane
Han har brukt sparepengane sine og dei siste fire-fem månadane på å innreia ein boksegym i andre etasje heime på løa som ligg langs Bernervegen, nokre hundre meter vest for Nye Loen.
– Dette vert det einaste kommersielle treningssenteret med fokus på kampsport mellom Sandnes og Kristiansand, seier han.
Krag håper å få med seg andre kampsportar etter kvart, men startar med boksing, forhåpentlegvis ein gong på nyåret.
– Det finst mange andre som driv med mykje rart, anten det er thai-boksing, jiu-jitsu eller MMA. Eg håper at fleire vil nytta desse lokala, for dei er bra. Det er god plass der, seier han.
Målet er å livnæra seg av kampsportsenteret.
– Eg gjev et eit år for å sjå kvar det ber, seier Krag.
Han er ganske sikker på at det finst ein marknad for det han tilbyr.
– Eg har vore i kontakt med mange allereie. Det er foreldre med ungar som ikkje heilt finn seg til rette i tradisjonelle lagidrettar, det er vaksne som har lyst til å prøva noko nytt, og det er dei som vil boksa og verta gode, seier han.
Bromle
Krag er allereie i dialog med minst éin kampsportklubb som er interesserte i å bruka lokala på løa.
At han skulle starta kampsportsenter på løa, var kanskje ikkje så overraskande, eigentleg, for Krag har vore i boksemiljøet dei siste 25 åra.
Nå vert han sjef i det som skal heite Bromle Boxing eller Bromle Gym – han har ikkje heilt bestemt seg enno. Men at det vert noko med «Bromle», det er klart.
– Det er det vennane mine kallar meg. Eg er ein sterk og gild kar som kan brumla litt når eg ikkje er einig i noko, seier Krag og smiler.
Målet hans i første omgang, er å starta ein klubb som i hovudsak er mosjonsretta. Ifølge Krag er det mange som synest boksetrening er gildt, men langt det er langt frå alle som set like stor pris på å få eit slag i fjeset, noko som er vanskeleg å sleppa unna om ein går kampar.
– Sjølv om dei av oss som vert hekta, vert skikkeleg hekta, seier han og smiler bredt.
Han legg til at dei som først og fremst vil utvikla seg som boksarar og gå kampar, sjølvsagt skal få høve til det.
– Bra for kroppen
Sjølve boksetreninga, derimot, passar dei fleste. Krag seier at sjølv om det er ei hard treningsform, er ho skånsam for kroppen.
– Det er veldig lite skadar i boksing. Det er mjuke rørsler, ein er mykje oppe på tærne. Treninga er effektiv for heile kroppen, utan å belasta skjelettet, seier han.
Krag har sjølv ein gammal ryggskade.
– Det er noko av grunnen til at eg har halde på med boksing i alle desse åra. Det er godt for ryggen. Sjølv om det har gått over 15 år sidan eg slutta som aktiv boksar, har boksetreninga halde meg i rørsle, seier han.
Han begynte å boksa då han var 24 år gammal og hadde bikka 100 kilo.
– Eg var ikkje nøgd med det eg såg i spegelen. Eg gjekk på helsestudio og løfta vekter, men eg syntest det var dritkjedeleg. Ein dag såg eg ein handskriven lapp på handelslaget i Nærbø. Den var frå nokon som dreiv bokseklubb i Sandnes. Eg reiste inn for å prøva, og fann ut at det var midt i blinken for meg, seier han.
Nå vil han spreia den glade boksebodskapen vidare.
– Det har ikkje vore noko boksemiljø på Nærbø tidlegare, seier han.
Integrering
Han har tru på at boksing kan læra ungdommar verdiane av disiplin og hard trening. I tillegg kan løa fungera som eit integreringstilbod.
– Det er mange innvandrarmiljø der dei er glade i boksing og andre kampsportar, seier han.
Offisielt er det opning før over nyttår, men Krag røper at han allereie har starta eit lite prosjekt på ideell basis.
– Eg kjenner litt folk som er uføre og er mykje heime. Eg har begynt å aktivera dei litt eit par gonger i veka. Folk som er uføre vert fort sittande mykje heime. Får dei vera meir aktive, med ein plass dei kan møta opp og bruka kroppen, samtidig som dei møter andre i same situasjon, er det bra, både fysisk og psykisk, seier Krag.
På Jæren er det mange som gjer tomme driftsbygningar om til selskapslokale. Krag vel ein litt annan veg.
– Løa står jo her. Då kan jo like godt brukast til noko som gagnar samfunnet, seier han.