Chris Eliah Bjørkhaug og Oscar Tobias Obrestad finn kvarandre i bilparken.
Chris Eliah Bjørkhaug og Oscar Tobias Obrestad finn kvarandre i bilparken. Foto: Ingeborg Eliassen

Det er berre å gå etter lyden, så kjem ein til dei yngste elevane.

Men om det lét som ein barnehage eller eit oppvarma friminutt, så er alt som det skal vera i gangane på Motland skule i Hå.

På hytterommet leikeslåst to gutar. På barbierommet går det litt stillare føre seg. Andre byggjer med klossar, eller leiker butikk, eller med bilar.

Mens dagslyset gradvis fortrengjer haustmørket, sit fem gutar og jenter rundt eit bord og legg kulør på dagen med tusj i fargebøker.

Dei vaksne er til stades i bakgrunnen, tilgjengelege for dei som treng det.

– Kva er det kjekkaste på skulen?

– Leik! roper Olivia Kleppe Reime og Tiril Henriksen.

Olivia Kleppe Reime og Tiril Henriksen synest det aller kjekkaste med å gå på skulen, er å få leika.
Olivia Kleppe Reime og Tiril Henriksen synest det aller kjekkaste med å gå på skulen, er å få leika.

Leiken som tok slutt

Det har aldri vore bestemt at leiken skulle vekk frå første klasse. Heilt sidan 1997, då seksåringane her i landet for første gong la på skuleveg, har tanken vore at dei yngste sin kvardag skulle ha førskule-preg.

Men så blei det ikkje sånn, seier Ann Iren Nordås Steinsland, lærar ved Motland skule.

– Det blei vatna ut og etter kvart snudd heilt på hovudet. For fem år sidan kunne eg føla at eg gjorde noko gale år når ein kollega kom inn og me leikte, seier den erfarne læraren.

– Det kjem signal ovanifrå, til dømes nasjonale kartleggingar og fagfornyinga, om at alt skal vegast og målast, legg avdelingsleiar Øyvind Kvitvær Leidland til.

– Då får me eit press på oss og må sikra at me kjem gjennom.

Men nå bles andre vindar: Borna i første klasse ønskjer seg meir leiketid på skulen, særleg inne, viste ein rapport frå OsloMet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet i fjor.

Forskarane hadde samla data i 15 klasser på åtte skular i åtte kommunar.

Aron Fylling Reime, Gabriel Bø og Linus Lea Henriksen starta dagen ute i skulegarden.
Aron Fylling Reime, Gabriel Bø og Linus Lea Henriksen starta dagen ute i skulegarden.

Mjukare landing

På Motland skule får over 100 første- og andreklassingar frå i haust ein mjukare start på dagen enn det dei eldre elevane hadde då dei var nye.

Når det ringer inn til skulestart 08.20, har svært mange av elevane allereie vore på SFO ei stund og leikt.

Det får dei fortsetta med. Men først samlar lærar Ann Iren Nordås Steinsland sine seksåringar i halvmørket rundt ein videoskjerm med vekas song, barneversjonen av Michael Jacksons «Heal the world».

Alle ungane sit stille, omslutta av musikken og borna som syng frå veggen.

Når Nordås Steinsland etterpå slår på lyset, er det for å høyra kva dag det er, kva månad det er, kva år det er og kva årstid det er. Hender i vêret, mange veit dette.

Onsdag!

Oktober!

2024!

Haust!

Samlinga er òg for at kvar elev skal seia eit tal eller halda opp ein, to eller tre fingrar for å melda om korleis dei har det i dag.

1 tyder ‘ikkje så bra’. 2 tyder ‘okei’. 3 er ‘veldig bra’.

Henos Yonas Esak, John Lye og Tommy Harestad Skailand gjekk i gang med eit større byggeprosjekt på morgonkvisten.
Henos Yonas Esak, John Lye og Tommy Harestad Skailand gjekk i gang med eit større byggeprosjekt på morgonkvisten.

Så går dei for å leika, denne dagen kan dei velja mellom fem stasjonar. Foreldre, besteforeldre, tilsette og andre i nærmiljøet har sørgt for at det finst bilar, dokker, kosedyr, klossar og anna å leika med (men dei skulle gjerne hatt meir, ifølgje rektor).

– Leiken gir oss òg tid til å gå rundt og snakka med elevane. I tillegg får me fanga opp eventuelle ungar som har signalisert at dei har hatt ein vanskeleg morgon, seier Nordås Steinsland.

Det treng ikkje vera svære ting.

– Kan henda har dei ikkje fått spist opp frukosten, eller kanskje er dei litt trøytte, eller dei har sklidd på sykkelen på veg til skulen, seier ho.

Korta ned skuletida – men i kva ende?

Tidlegare denne månaden blei det kjend at regjeringa vurderer å kutta eitt av dei ti skuleåra elevar i Noreg har hatt sidan seksårsreformen i 1997.

I denne perioden er det ikkje berre lagt til eit skuleår, men også mange fleire skuletimar. Samanlagt går elevar to år lengre på skulen i dag, enn dei gjorde då kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) gjekk i grunnskulen, seier ho.

– Aldri før har fleire prestert på det lågaste nivået i matte og naturfag. Andelen på det beste nivået i matte er halvert. Det er alvorleg, og det må me gjera noko med! Me må sjå på om elevane lærer det dei treng for å klara seg i vaksenlivet og i arbeidslivet, sa Nessa Nordtun til Aftenposten.

Nå vil ho at eit utval skal sjå på fordelar og ulemper ved å gå tilbake til niårig skule.

Utvalet skal jobba fritt, ifølgje statsråden. Men sjølv vil ho ikkje ha seksåringane tilbake i barnehagen. Ho vil kutta i motsett ende – i slutten av grunnskolen.

Chris Eliah Bjørkhaug og Oscar Tobias Obrestad deler interessa for bil.
Chris Eliah Bjørkhaug og Oscar Tobias Obrestad deler interessa for bil.

Kva tenkjer dei som ser dei minste kvar dag på Motland skule?

– Me rettar oss til etter det som er bestillinga, seier Øyvind Kvitvær Leidland.

– Men om regjeringa skulle bestemma at seksåringar skal tilbake til barnehagen, ville lærarar i barneskulen synest det var bra, trur de?

– Ja, det trur eg nok, seier rektor Synnøve Helleren Malmin. Men legg til:

– Mange ungar er òg skuleklare når dei er seks år. Dei er så ulike.

Ser til Gjesdal

Inspirasjonen til leikestart på dagen har lærarane på Motland henta frå Solås skole i Gjesdal, som i fleire år har latt 1. – 3.-klassingar starta dagen med leik, og der elevane i første klasse berre har norsk og matematikk på timeplanen.

Resten er fri leik og leikbasert læring, heiter det på nettstaden til skulen: «Det skal vere gøy å gå på skolen, det skal vere gøy å lære og alle barna utan noko unntak skal meistre å gå på skolen».

På Motland har dei berre halde på sidan august. Dei er i startgropa, som rektor Synnøve Helleren Malmin seier.

Men så langt er tilbakemeldingane gode.

– Det er god lyd i ungane, og me får sett dei. Dei byggjer mange fleire relasjonar til kvarandre, og det gjer dei meir robuste. Dei får språkleg trening, og dei er fysisk aktive.

– Men dette går av undervisningstimane – i 40 minutt kvar dag?

– Dette er ein del av undervisninga, så det er eg ikkje bekymra for. Leik oppfyller så mange mål i kunnskapsløftet, og seksåringane er små når dei startar på skulen. Dei treng å øva opp sosial kompetanse og samhandling med andre. Dette gir gevinst til alle ungar, seier rektor.

Lærarane må omstilla seg litt i den nye kvardagen. Dei kan oppleva det som meir ressurskrevjande å vera til stades i mange rom, ifølgje rektor. Men tiltaket kostar ikkje meir pengar enn skulen har på budsjettet, seier ho.

Meistring frå første stund: På Motland skule leikar dei yngste seg i gang med dagen. Frå toppen Ian Apneseth Vigre, Mats Legreid, Levi Berge, Aron Fylling Reime, Konrad Kjørmo, Audun Gerhardsen Solbakke, Naomi Mehereteab Tesfom.
Meistring frå første stund: På Motland skule leikar dei yngste seg i gang med dagen. Frå toppen Ian Apneseth Vigre, Mats Legreid, Levi Berge, Aron Fylling Reime, Konrad Kjørmo, Audun Gerhardsen Solbakke, Naomi Mehereteab Tesfom. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Applaus frå kommunen

Også FAU-leiar Gerd Helene Gausland, mor til ein 5.-klassing ved Motland, er glad for den nye kvardagen for dei yngste. Det har ho òg inntrykk av at foreldra er generelt.

– Eg er sjølv styrar i ein barnehage. Om folk hadde visst kor mykje læring som skjer i leik, hadde dei fått ei aha-oppleving. Denne mjuke overgangen er med på å rusta ungane til å takla skulen på ein betre måte, meiner Gausland.

Hå kommune har rundt 500 første- og andreklassingar i år, ifølgje skulesjef Rune Roaldsen. Motland er ein av seks skular som har barnetrinn. Roaldsen synest det er kjekt at skular utforskar dette potensialet.

– Me ser kor viktig leik er, og me ser alt det gode som kjem med positive erfaringar på skulen. Det blir spennande å sjå kva erfaringar Motland får, seier skulesjefen.

Etter at saka blei publisert, blei Jærbladet gjort merksam på at første- og andreklasse-elevane ved Motland skule ikkje er dei einaste i Hå som leikar seg i gang kvar dag. Det har dei òg gjort ved Vigrestad skule dei siste fire åra, stadfestar rektor Ingrid Vold.

"Minimum 20 minutt kvar morgon, i tillegg til eventuelle økter seinare på dagen som ikkje er timeplanfesta. Det er meir leiker på skulen nå enn det har vore nokon gong. 1.-3. klasse startar i dag med leik kvar morgon", skriv ho i ei tekstmelding.