Sist ho såg leilegheita, ein gong i april, var det berre betong her. Nå nærmar det seg innflytting, og meklaren byr på ein snikkikk.

Alle gipsveggene er måla, og på golvet er det eikeparkett, slik at besøkande må ta av seg på beina.

Utan tilgang til leilegheita har Lindis finstudert planteikninga, målt med linjal og kryssa fingrane for alt vil passa.

– Kan tru eg har shoppa mykje, ler ho.

Framfor alt gjeld det sofaen, som skal stå mellom kjøkkenet og endeveggen med store vindauge.

Men før ho rekk å finna fram lasarmålaren og kontrollmåla, må ho ta innover seg lyset som flaumar inn i leilegheita.

– Den utsikta. Wow! seier ho.

Claire Lonsdale viser fram leilegheita, som har eit internt bruksareal på 65 kvadratmeter. Det inkluderer ikkje den innglasa balkongen der Lindis skal installera varmelampe. Under omvisinga måler ho opp til ei sitegruppe – og seier at ho gler seg til å sitta der og sjå på ruskevêret.
Claire Lonsdale viser fram leilegheita, som har eit internt bruksareal på 65 kvadratmeter. Det inkluderer ikkje den innglasa balkongen der Lindis skal installera varmelampe. Under omvisinga måler ho opp til ei sitegruppe – og seier at ho gler seg til å sitta der og sjå på ruskevêret. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Går i pluss

Lindis flyttar frå eit rekkjehus på Rosseland. Ho er glad i plassen, nær barneskulen, og har vore i tvil om at det er rett å flytta.

Men nå begynner sonen å bli eldre, og ho er mektig lei av å beisa terrasse og klippa hekk. Ho ser berre fordelar med å flytta i leilegheit.

– Veit du kva eg er så glad for? Eg har verdas finaste plen – og eg slepp å klippa han!

Ho kjøpte for ein fast pris i september i fjor og fekk nyleg selt for ein god pris. Sjølv etter tilval og kjøp av nye møblar går ho i pluss.

– Rekkjehuset mitt vart kuppa. Då dei gav 350.000 over prisantyding, våga eg ikkje å seia nei.

Grasmatta på Bryne stadion er kjent for å vera ei av dei finaste i landet. I 2024 vart delar av matta flytta tre meter mot treningsbanen for å gje plass til Klokkesvingen-prosjektet. Den nye trimparken mellom treningsbanen og hovudbanen er eitt av rekkjefølgekrava Øster Hus måtte innfri for å få lov til å bygga. Bildet er tatt 27. august.
Grasmatta på Bryne stadion er kjent for å vera ei av dei finaste i landet. I 2024 vart delar av matta flytta tre meter mot treningsbanen for å gje plass til Klokkesvingen-prosjektet. Den nye trimparken mellom treningsbanen og hovudbanen er eitt av rekkjefølgekrava Øster Hus måtte innfri for å få lov til å bygga. Bildet er tatt 27. august. Foto: Foto: Vebjørn Olsen

Gamingrom til sonen

Lindis kikka først på leilegheitene i andre etasje, som er hakket mindre, men som har privat tribune med utsikt mot hovudbanen.

I tredje etasje får ho entré, kjøkken-allrom, bad med nisje til vaskemaskin, eit mindre soverom til seg og eit større til sonen.

Ni månader etter salsstarten i jula 2024, sikra ho seg den siste av denne storleiken. Ho tykkjer planløysinga er heilt genial.

– I og med eg har ein son som flyttar med meg, er det greitt med eit soverom med walk-in-closet, der han kan ha PC-rom.

Lindis har sett sitt personlege preg på kjøkkenet gjennom tilval. Ho valde farge på frontane, ei benkeplate som held fram eit stykke opp på veggen, og ikkje minst halvøya, som gjev ekstra skap- og benkeplass.
Lindis har sett sitt personlege preg på kjøkkenet gjennom tilval. Ho valde farge på frontane, ei benkeplate som held fram eit stykke opp på veggen, og ikkje minst halvøya, som gjev ekstra skap- og benkeplass. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Toppen står ledig

Etter kjøpet oppdaga Lindis at ho ikkje ser kva som skjer i den nærmaste sekstenmeteren, når Bryne speler kamp.

Derfor har ho vurdert å flytta opp i toppetasjen, som framleis er ledig. Halvannan månad før innflytting er 27 av 30 leilegheiter selde.

Dei tre siste kostar rundt elleve millionar kroner. Dei er svære, kjem med store terrassar og er aktuelle dersom Lindis vinn i lotto.

– Då hadde eg kjøpt der med ein gong, ler ho.

– Eg er kjempeglad i fotball. Eg synest det er galgildt, seier Lindis. Ikkje alle kjøparane er som henne, seier Claire Lonsdale i Eiendomsmegler1. – Eg vil seia det er ein kombinasjon. Mange er ikkje fotballinteresserte i det heile tatt, og så er det nokre som har tenkt at det er heilt rett nettopp på grunn av fotballen.
– Eg er kjempeglad i fotball. Eg synest det er galgildt, seier Lindis. Ikkje alle kjøparane er som henne, seier Claire Lonsdale i Eiendomsmegler1. – Eg vil seia det er ein kombinasjon. Mange er ikkje fotballinteresserte i det heile tatt, og så er det nokre som har tenkt at det er heilt rett nettopp på grunn av fotballen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Alt på éin plass

Sjølv om Lindis ikkje var blant dei første som kjøpte då Øster Hus la ut prosjektet, er ho blant dei som har vurdert det lengst.

Faktisk heilt tilbake til då Team Bygg pusla med planar om ei blokk i Trallfavegen, som dei etter ein svært lang prosess gav opp i 2021.

Blokka var med i stadionplanen som politikarane behandla for første gong i 2012. Det tok fire år før dei endeleg kunne godkjenna han.

Lindis, som har vore fotballfan heile livet, kan hugsa folk som klatra opp på betongmuren i Klokkesvingen for å sjå betre.

Det var på den same muren at Øster Hus i 2021 hengde opp store skilt for å reklamera for sitt nyaste blokkprosjekt.

Lindis såg reklamen på veg til og frå arbeid. I Klokkesvingen får ho nesten like kort veg til arbeidsplassen som til butikken.

Coop Extra opnar i underetasjen i oktober, mens blokka blir klar for innflytting i november.

Lindis Salte Hansen kjem ut av C-bygget på Bryne vidaregåande skule, der ho er lærar på kvardagslivstrening. Nærleiken til jobben er ein pluss, men var ikkje avgjerande.
Lindis Salte Hansen kjem ut av C-bygget på Bryne vidaregåande skule, der ho er lærar på kvardagslivstrening. Nærleiken til jobben er ein pluss, men var ikkje avgjerande. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Klar for heimekamp

Det betyr at Øster Hus har halde framdriftsplanen dei sette ved gravestart i september 2024, då målet var å bli ferdige i 2026.

Utbyggaren måtte gjennom tre år med søknader og tilpassingar før kommunen vart tilfreds med kvaliteten på uteområda.

Prosjektet har fornya Trallfavegen og gjeve Bryne stadion ein ny inngangsport med leikeareal, og ein trimpark under stormskjermen.

Lindis seier ho har sjekka terminlista og er klar for innflyttingsfest sundag 8. november.

– Eg får med siste seriekampen til Bryne, heime mot Kongsvinger. Eg har allereie folk som har sagt dei vil koma til meg og sjå han.

I andre etasje er det ein stor fellesterrasse som Lindis ser fram til å bruka i lag med naboar og vener. Der er det utsikt over straffefelta på begge sider av banen. På andre sida av blokka er det nok ein fellesterrasse.
I andre etasje er det ein stor fellesterrasse som Lindis ser fram til å bruka i lag med naboar og vener. Der er det utsikt over straffefelta på begge sider av banen. På andre sida av blokka er det nok ein fellesterrasse. Foto: Foto: Holon Arkitektur