Fylkesordførar Ole Ueland (H) handplukka Linn Iren Oppedal som sin nye politiske rådgjevar etter førre fylkestingsval. Han kjende henne frå tida då han var ordførar i Sola og ho var journalist i Solabladet.
Tilbodet innebar at ho måtte slutta som kommunikasjonsrådgjevar i Time kommune, der ho begynte våren 2022, etter fleire år som eigedomsforvaltar i Stavanger Øst.
Ho trong nokre dagar i tenkeboksen før ho takka ja.
– Men det var ikkje så lett, altså, fordi eg trivest kjempegodt i Time kommune, sa ho til Jærbladet.
Etter knappe 2,5 år vender Bryne-kvinna tilbake.
Ikkje til kommunikasjonsavdelinga – der ho sette varige spor med uvanlege infovideoar til innbyggarane – men som del av leiarteamet til kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl.
– Ho imponerte i intervjurundane me gjennomførte og me gler oss til å få ho med på teamet vårt i Time kommune. Ho har ein allsidig CV der ho har arbeidd på fleire forvaltningsnivå og i privat næringsliv, seier han i ei melding.
Mykje ansvar
– Eg har hatt ei kjempefin tid i fylkeskommunen. Nå gler eg til det som verkar som ei veldig spanande stilling i Time kommune. Eg veit av erfaring at kommunen er ein god arbeidsplass og at det jobbar masse kjekke folk der, seier Oppedal i ei melding.
Når ho startar i jobben 1. oktober, får ho det overordna ansvaret for kommunen sitt folkehelsearbeid. Ho skal leia kommunen sitt tverrfaglege folkehelseteam.
Ho blir administrativ støtte for kommunalsjefen, og skal greia ut saker og utarbeida saksframlegg for politikarane.
Vidare skal ho vera fagleg ressurs i kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, med ansvar for utarbeiding av beredskapsplanar og heilskapleg risikovurdering (ROS).
Ho får ansvaret for overordna folkehelseplanar, samarbeid med eksterne aktørar og ei pådrivarrolle for god folkehelse i befolkninga.
Ho skal samarbeida tett med andre beredskapsfunksjonar i Time kommune – og med Åge Selliken Vølstad på Ålgård.
I sommar vart han tilsett i den nye stillinga som fagleiar beredskap for kommunane Gjesdal, Klepp, Time og Hå.
46 ville bli rådgjevar
Kommunen såg etter ein person med minimum bachelorgrad, god forståing for offentleg forvaltning og god kjennskap til fagområda samfunnsplanlegging, folkehelse og beredskap.
Kommunalsjef Bjorland Dahl seier at kommunen hadde mange gode søkarar då valet fall på Oppedal.
– Ho er god til å setta seg raskt inn i nye problemstillingar, dyktig på formidling og å skapa engasjement rundt arbeidet ho gjennomfører. Det er avgjerande for å lukkast i oppgåvene som ligg til stillinga.
46 personar – 35 kvinner og 11 menn – meinte at dei var rett kandidat.