– Kolumbus meiner at ungane skal kryssa framfor bussen når den kjem. Det provoserer oss. Ein kan ikkje læra ungar å springa framfor ein buss, seier Ingrid Ropeid.

Ho er mor til Olav og Eivind, som går i 3. og 5. klasse ved Undheim skule.

Gutane har over fire kilometers skuleveg, og det utløyser rett til skuleskyss.

Heilt til skulestart denne hausten er dei blitt henta av taxi på tunet i Mossigebakken, som går ned til Undheimsvegen, nettopp fordi dei elles ville måtta kryssa fylkesvegen, som kommunen har klassifisert som farleg.

Taxien har vore det mora kallar ei mjølkerute som har plukka opp alle elevar som bur langs fylkesvegen på den sida.

- Ungane er ikkje modne nok til å vurdera risikoen ved å kryssa denne vegen på eiga hand, meiner Ingrid Ropeid. Mange «køyrer som galne» på dette 80-strekket, seier ho.
- Ungane er ikkje modne nok til å vurdera risikoen ved å kryssa denne vegen på eiga hand, meiner Ingrid Ropeid. Mange «køyrer som galne» på dette 80-strekket, seier ho. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Orientert ei veke etter skulestart

Men frå i haust har Kolumbus sin transportør, Vy, skifta underleverandør av skuleskyssen, som tidlegare blei levert av Jæren Maxitaxi.

I det nye opplegget må ungane gå på ein større buss på haldeplassen langs fylkesvegen.

– Kolumbus tenker kanskje at her er det flatt og fint. Men folk køyrer som galne her, og det er ingen undergang, seier Ropeid.

– Sikta er svært dårleg der ungane må kryssa. Dei er ikkje modne nok til å vurdera risikoen ved å gjera dette på eiga hand, særleg ikkje i vinterhalvåret med mørke, regn og glatte vegar.

Saman med mannen sin har ho klaga formelt på endringa i opplegget, som ho seier kom utan forvarsel.

Først ei veke etter skulestart fekk foreldra informasjon om den nye ordninga, ifølge Ropeid.

Der kjem bussen som Olav og Eivind frå Mossigebakken nå tar til skulen. Kolumbus meiner at den kan sperra vegen for annan trafikk, så gutane kan kryssa trygt.
Der kjem bussen som Olav og Eivind frå Mossigebakken nå tar til skulen. Kolumbus meiner at den kan sperra vegen for annan trafikk, så gutane kan kryssa trygt. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Bussen sperrer så elevane kan kryssa trygt

Mor til Olav og Eivind reagerer sterkt på løysinga Kolumbus lanserer for at gutane skal komma seg trygt om bord på bussen.

Via skulen har selskapet forklart at gutane skal gå ned til Undheimsvegen, men ikkje kryssa før bussen kjem.

Då «vil den sperre hele veien og elevene kan krysse trygt og følge bussen til skolen».

– Dette svaret er farleg, dei foreslår å bryta vegtrafikklova, meiner foreldra.

Kolumbus: Misnøgde bør klaga

Jærbladet har spurt Kolumbus korleis dei ser føre seg at ein buss skal kunna sperra for trafikk i motgåande retning, og om dei vil gjera den enkelte sjåfør ansvarleg for at ungar er trygge også før dei er komme om bord i bussen.

Kolumbus kan ikkje kommentera konkrete elevar og adresser av omsyn til personvernet til familiane det gjeld, svarer kommunikasjonssjef Morten Nesvik i ein e-post.

«Kolumbus forvalter skoleskyssen på vegne av Rogaland fylkeskommune, og skyssordningene følger lovverk, forskrifter og fylkeskommunale retningslinjer. Målet er at alle elever med rett til skyss blir behandlet likt.»

Han legg til:

«Trafikksikkerhet veier alltid tungt, og kommer det nye opplysninger i en sak, blir de vurdert på nytt. Foreldre som ikke er fornøyd, oppfordrer vi til å klage. Klagen blir vurdert på nytt, med Statsforvalteren som endelig klageinstans».

Ingrid Ropeid krev at drosjetilbodet til ungane i Mossigebakken held fram.
Ingrid Ropeid krev at drosjetilbodet til ungane i Mossigebakken held fram. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Mange har meldt ifrå

Foreldra til Olav og Eivind har klaga på endringa overfor Time kommune og kravd at drosjetilbodet held fram.

Korleis det går, vil kommunen ikkje opplysa om i Jærbladet.

«Kommunen vil ikkje gå inn i alle detaljane i enkeltsaker gjennom media. Generelt kan me seia at vurderingar av trafikkfarleg skuleveg byggjer på ei samla vurdering av mellom anna trafikkmengde, fartsnivå, sikt, vegutforming, tilrettelegging for mjuke trafikantar og elevane sin alder», skriv kommunalsjef for oppvekst, Pamela Sudmann, i ein e-post til Jærbladet.

Me har stilt Sudmann spørsmål om fleire av endringane i skuleskyssen i haust, som har påverka ei rekke familiar.

Kommunalsjefen er godt kjent med frustrasjonen.

– Endringane i skyssen har skapt uro, slo ho fast i møte med politikarane i utval for levekår i slutten av august.

– Ordninga er ikkje pragmatisk som før, den verker rigid. Dette har skapt engasjement, sa ho.

Kommunalsjef Pamela Sudmann i Time har høyrt frå fleire foreldre på Undheim etter omlegginga av skuleskyssen. Men det er ikkje kommunen som har gjort endringar, seier ho, her med kommunedirektør Trygve Apeland i 2024.
Kommunalsjef Pamela Sudmann i Time har høyrt frå fleire foreldre på Undheim etter omlegginga av skuleskyssen. Men det er ikkje kommunen som har gjort endringar, seier ho, her med kommunedirektør Trygve Apeland i 2024. Foto: Foto: Brit Romsbotn (arkiv)

– Kommunen har inga rolle

Til Jærbladet uttrykker Sudmann i ein e-post «stor forståing for at fleire familiar har opplevd frustrasjon og uvisse knytt til skuleskyssen etter skulestart».

Men det er ikkje Time kommune som har gjort endringar i elevane sine skyssrettar, skulerutene eller skulane sine start- og sluttider, opplyser ho.

«Val av transportør, organisering av ordinær skuleskyss og utforming av ruter er ikkje eit kommunalt ansvar. Dette vert forvalta av Kolumbus på vegner av Rogaland fylkeskommune. Time kommune har likevel vore i dialog med Kolumbus om innspela som har kome frå foreldre etter skulestart», skriv kommunalsjef Pamela Sudmann til Jærbladet.