I Time var kommunen vertskap møte med næringsliv og bondelaget om beredskap for det verst tenkelege. Frå venstre kommundirektør Trygve Apeland, styremedlem Tarald Magne Oma i Time Bondelag, leiar i Torulv Time i Time Bondelag, styreleiar Børre Lobekk i Bryne Næringsforening, kommunens beredskapskoordinator Ragnhild Hobberstad, kommunalsjef samfunn og kultur Reid Ivar Dahl og dagleg leiar Kenneth Lia i Bryne Næringsforening.
I Time var kommunen vertskap møte med næringsliv og bondelaget om beredskap for det verst tenkelege. Frå venstre kommundirektør Trygve Apeland, styremedlem Tarald Magne Oma i Time Bondelag, leiar i Torulv Time i Time Bondelag, styreleiar Børre Lobekk i Bryne Næringsforening, kommunens beredskapskoordinator Ragnhild Hobberstad, kommunalsjef samfunn og kultur Reid Ivar Dahl og dagleg leiar Kenneth Lia i Bryne Næringsforening. Foto: Ingeborg Eliassen

Lokale bedrifter bør oppgradera beredskapen sin, i tilfelle kriser eller krig, meiner Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Korleis, og med kva, er ikkje akkurat glasklart.

– Kva er ei bedrift? Gjeld dette verksemder med to personar, dei med ti mann, eller dei større? sa Børre Lobekk.

Til dagleg er han konsernsjef i Nordic Steel, men han er òg styreleiar i Bryne Næringsforening og deira 350 medlemsbedrifter.

Spørsmåla var fleire enn svara rundt bordet i Time rådhus nyleg, der Lobekk var blant eit knippe representantar frå kommunen, næringslivet og Time bondelag.

Dei hadde hatt møte om korleis lokalt næringsliv kan bidra til å halda samfunnet i gang i krise eller krig.

Kva gjer bedrifta viss straumen går og blir borte i lengre tid?
Kva gjer bedrifta viss straumen går og blir borte i lengre tid? Foto: Foto: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

– Nytt for mange

Næringsforeininga og kommunen har hatt godt samarbeid i mange år, sa Lobekk.

– Saman vil me stå så sterkt som mogleg. Men me må søka så mykje kunnskap me kan, om kva som kan komma.

I første omgang vil Bryne Næringsforening ha eit utvida styremøte med fleire aktørar i starten av mars.

– Næringsforeininga ønsker å bidra til å oppdatera sikkerheitsnivået. Dette er nytt for mange, men det er eit bilde me er nøydde til å ta inn over oss. Er det me har, godt nok? Kan me bidra med noko, og i så fall kva? sa styreleiaren i Bryne Næringsforening.

Oppdrag: Beredskap for krig

Bakgrunnen er «totalforsvarsåret» 2026, ei nasjonal satsing på oppgradering av beredskap på alle plan.

Den er utløyst av krigen i Ukraina, ekstremvêr, pandemi og andre hendingar som har gjort verda meir uoversiktleg og uberekneleg enn før.

– Oppdraget frå regjeringa er å planlegga for scenario med krig. Korleis vil det sjå ut? Det er viktig å lena oss på det regjeringa gir oss som oppdrag, med statsforvaltaren som regjeringa si forlenga arm, sa kommunedirektør Trygve Apeland.

– Me skal gjera ting i lag. Det er me gode på. I ein reell situasjon skal ingen stå aleine, la han til.

I jærkommunane er det korte linjer mellom folk og lett å få kontakt, påpeikte kommunedirektøren.

- Beredskap er ikkje nytt, men til nå har det handla om tiltak mot klimakrise, pandemi og atomavfall. Tiltak for ein krigssituasjon er nytt, sa Tarald Oma, styremedlem i Time bondelag (til venstre), her med styreleiar Torulv Time.
- Beredskap er ikkje nytt, men til nå har det handla om tiltak mot klimakrise, pandemi og atomavfall. Tiltak for ein krigssituasjon er nytt, sa Tarald Oma, styremedlem i Time bondelag (til venstre), her med styreleiar Torulv Time. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Næringsforeininga og Bondelaget er visst ikkje så vande med å samarbeida med kvarandre.

Men i totalforsvarsåret skal dei sjå på kva ressursar dei til saman har å spela på.

– Det handlar om å gjera alle bevisste på at det kan skje ting, og at me har tenkt gjennom kva me gjer då, sa Tarald Oma, styremedlem i Time bondelag, med over 500 medlemmer.

22. juli-terroren i 2011 var ei påminning om at ekstreme ting kan skje. Her statsminister Jonas Gahr Støre under minnemarkering ved regjeringskvartalet 14 år etter.
22. juli-terroren i 2011 var ei påminning om at ekstreme ting kan skje. Her statsminister Jonas Gahr Støre under minnemarkering ved regjeringskvartalet 14 år etter. Foto: Foto: Terje Bendiksby, NTB

Verstefall-scenario

Det er ingen direkte fare for krig, forsikrar styresmaktene. Men DSB refererer òg statsminister Jonas Gahr Støre frå i fjor: – Norge står i den alvorlegaste sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen.

Det er viktig at folk i verksemder planlegg for verstefallscenario, ifølge Morten Harangen, pressesjef i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

I gitte situasjonar kan for eksempel enkeltpersonar bli henta ut av arbeidsplassen sin, til Heimevernet, Sivilforsvaret eller andre funksjonar.

– Ein del bedrifter må stilla spørsmålet: Kven vil me mista? Kva for nokre personar vil styresmaktene legga beslag på? seier Harangen.

Direktoratet oppfordrar alle bedrifter til å sjå på sine eigne planar. Dei skal få hjelp, lovar pressesjefen.

– Me vil publisera framlegg til ei lita øving som handlar om kva som kan treffa den enkelte bedrift i tilfelle krig, seier Harangen til Jærbladet.

Ekstremvêr kan setta mykje ut av spel. Etter uvêret Amy i fjor var fylkesveg 4334 Vadlandsvegen ved Stavnheim stengt ei veke etter.
Ekstremvêr kan setta mykje ut av spel. Etter uvêret Amy i fjor var fylkesveg 4334 Vadlandsvegen ved Stavnheim stengt ei veke etter. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Lurer på rolla si

Generelt spør både kommunar og bedrifter etter informasjon om kva rolle dei skal ha i alvorlege kriser eller krig, ifølge Knut Torget, fagdirektør i direktoratet.

Det enkle svaret hans er dette: Den same som dei har til dagleg.

Det aller viktigaste verksemder kan gjera for å styrka sin eigen beredskap, er å ha planar for å kunna fortsetta med det dei gjer, så langt som råd er, utdjupar Torget.

– Forsvarsevna i Norge er avhengig av at sivilsamfunnet fungerer. Det betyr at den enkelte private eller offentlege verksemda må prøva å fortsetta med det dei gjer, anten dei står i ekstremvêr, brot i vareforsyninga eller i verste fall krig, seier han til Jærbladet.

I ekstremtilfellet krig vil mange vanlege reglar bli sett til side. Forsvaret vil kunna beordra folk til andre oppgåver enn dei elles gjer – til matutdeling, transport, helse og omsorg og drift av beredskapsfunksjonar.

– Kunsten vil vera å avverja at Forsvaret stikk av med for eksempel sjukepleiarar som har større verdi på sjukehuset enn i uniform. Beordring må ikkje slå beina under andre kritiske funksjonar. Men samfunnet er blitt så samanvove at det kan vera vanskeleg å sjå konsekvensar andre stader av å trekka folk ut av sine verksemder, seier Torget.

Pandemien  og historiske inngrep i folks liv kom brått på mange i 2020. Statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie sto i spissen for avgjerdene.
Pandemien og historiske inngrep i folks liv kom brått på mange i 2020. Statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie sto i spissen for avgjerdene. Foto: Foto: Heiko Junge, NTB

Slutt på krangel

I totalberedskapsåret skal det bli vanskeleg å unngå å høyra om behovet for beredskap.

Men all beredskap kostar, vedgår fagdirektøren.

– Viss ein toler at produksjonen ligg nede i nokre dagar på grunn av straumbrot, er det éi sak. Det skal mykje til at straumen er borte i mange dagar i strekk her i landet. Men viss ei slik krise vil ramma bedrifta slik at ein mistar kundar og går konkurs, er beredskapsplanar i eigeninteresse, seier han.

– Ein må kalkulera. Beredskapen må ikkje kosta så mykje at ein går konkurs. Men ein må bruka så mykje på beredskap at ein ikkje går konkurs i ei krise.

– Skremmer de oss litt?

– All bevisstgjering er litt skremming. Men me har eit alvorleg bakteppe nå, seier Torget.

Det har dessutan skjedd eit taktskifte i haldninga til beredskap i samfunnet, meiner han.

– Før 22. juli-terroren krangla me om korfor det er viktig å beskytta bygningar. Før pandemien krangla me om risikoen for at noko slikt i det heile kunne skje. Det var eit før Ukraina og før stormen Hans. Nå slepp me å krangla lenger.

Munnbind og tometersregel blei dagleg beredskap i pandemien frå mars 2020. To år seinare var munnbindet framleis på då Erling Braut Haaland skulle trena med herrelandslaget på Åråsen på Lillestrøm før privatlandskamp mot Slovakia. Til venstre Geir Ellefsen, sikkerheitsrådgivar for Norsk Toppfotball og Norges Fotballforbund.
Munnbind og tometersregel blei dagleg beredskap i pandemien frå mars 2020. To år seinare var munnbindet framleis på då Erling Braut Haaland skulle trena med herrelandslaget på Åråsen på Lillestrøm før privatlandskamp mot Slovakia. Til venstre Geir Ellefsen, sikkerheitsrådgivar for Norsk Toppfotball og Norges Fotballforbund. Foto: Foto: Lise Åserud, NTB

Fleire, oftare og meir alvorlege kriser

DSB ber verksemder legga planar for at krisesituasjonar vil bli fleire og komma oftare enn før – og at situasjonane kan bli meir alvorlege.

Nokre bransjar har strenge krav til beredskap, som helse og omsorg og dei som driv med mat- og vassforsyning. Andre bransjar er ikkje regulerte, men har krav frå kundar, ifølge fagdirektøren.

– For enkelte, som datasenter, er beredskap opplagt. Dei har ekstreme krav frå kundane om å vera oppe til kvar tid. Det same gjeld daglegvarebransjen, dei må ha god beredskap og har prisa dette inn, seier Torget.

Andre må nok venna seg til meir usikre forhold enn før, trur han.

– Mange er bortskjemde med 'just in time'-system. Nå bør ein ta med i vurderinga at leveransar kan stoppa opp.

Ein del verksemder har planar, men ikkje nødvendigvis alt på plass viss noko faktisk skjer. Og så finst det bedrifter som ikkje har planar i det heile, ifølge fagdirektøren.

Små med kjernekompetanse

– Kva for nokre verksemder gjeld desse råda for? Er det enkeltpersonføretak, tomannsfirma, dei med 10 tilsette, eller snarare konsern?

– Det er vanskeleg å setta ein konkret terskel. Landet har nokre kritiske bedrifter som me vil sikra at ikkje går ned. Men me er eit lite land med små kompetansemiljø. Det kan godt vera ei bedrift med fire personar som sit med kjernekompetanse i ein gitt situasjon, seier Knut Torget, fagdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.