Vi som bur på Jæren er i eit område som er prega av både tett busetnad og landbruk.

Vi treng veksthus, jorde og driftsbygningar, men vi treng òg vegar, sykkelstiar og kjøpesenter.

Ingenting av dette er verken mørkt eller stille. Menneskeleg aktivitet skaper mat og arbeid, og forhåpentlegvis framgang. Men det skaper også forureining, bråk, lys og lukt.

Eg studerte i Bodø. Eit kjent fenomen der var Burøylukta. Det var ei kvalmande lukt frå sildoljefabrikken på Burøya utanfor byen, den kom sigande innover sentrum med vind frå nord.

– Det lukte peng, sa bodøværingane.

Dei kunne sagt andre ting òg, som at det lukta arbeidsplassar eller matproduksjon.

Det same kan eg høyre på Jæren når det blir «hevda», altså spreidd møkk til gjødsel på jorda.

Vi må tole litt lukt. Det skaper vekst og mat.

Vi kan gjerne sette pris på nattemørket når vi er ute på måneskinstur. Men når barna våre må gå åleine heim frå trening i vintermørket, ser vi helst at det er lys langs vegane.

Eg har ikkje høyrt nokon som argumenterer for at vi ikkje skal ha gatelys på grunn av at vi «skal ta nattemørket tilbake».

Eller at kraftig belysning i tettbygd strøk, på fotballbaner, rundt kjøpesenter eller bensinstasjonar skal reduserast på grunn av negativ påverknad på insekt og dyreliv.

Veksthusnæringa får eit ufortent syndebukkstempel i denne diskusjonen, spesielt på lysforureining.

Det kjem òg argument som at veksthusa stel jordbruksareal frå det meir «skikkelege» landbruket.

Drivhusa i Rogaland går lenger tilbake i tid enn «oljå». Det første veksthuset på Jæren blei sett opp av Tore Wiig på Orre i 1937. Wiig gartneri er i dag Norgesleiande i utviklinga av tomatproduksjon. Denne næringa må også ha høve til å utvide og utvikle seg der det er regulert for dette.

Eit drivhus kan produsere meir mat per kvadratmeter enn nokon annan produksjon, og det kan i tillegg produserast heile året.

Næringa har òg ei omstillingsevne som meir ordinært landbruk ikkje har. Med skiftande etterspurnad kan ein gå frå tomatar til blomster på relativ kort tid, og oppretthalde drift og arbeidsplassar.

I eit beredskapsperspektiv er difor veksthusa særs viktige. Ja, dei brukar straum og slepp ut lys, men dei skaper også lokal vekst, arbeidsplassar og matsikkerhet.

I ei tid der dei færraste av oss har opplevd å ikkje ha nok mat, bør ein minne om akkurat dette.

Når det er sagt, bør vi òg arbeide for å redusere alle ulempene med menneskeleg aktivitet.

Det må vere eit mål å redusere forureining, lyd og lys, og gjerne lukt også.

Dette både for å redusere energibruk, negativ påverknad på natur og miljø, og for å minske ulempene på oss som bur her.

Her må både statlege verkemiddel og næringa bidra. Men det hjelper ikkje å definere ei heil næring som syndebukk for følgjene av menneskeleg aktivitet.